At vi skal få ny gymnastikksal ved Sæbø skule har vi vel rekna med lenge, men då Ørsta kommune si byggjenemnd den 2. november i praksis sa nei til å gå vidare med byggeplanane,  frykta vi det verste.

Petter Bjørdal, leiaren i byggjenemnda, seier til hjorundfjord.no at grunnen til at dei i eit møte 2. november sa nei til å gå vidare med byggjeplanane for den nye gymnastikksalen, var at anboda då hadde kome inn. Det rimelegaste  var på ca. 11 millionar kroner, Ørsta kommune hadde løyvd berre åtte millionar.  Med andre ord såg det ut til å verte ein skikkeleg budsjettsprekk og byggjenemnda kunne sjølvsagt ikkje gå vidare med planane, fortel Bjørdal.

003b
Den nye gymnastikksalen ved Sæbø skule kan truleg vere på plass om vel eitt-års tid.

Men administrasjon og politikarane i kommunen tok signala og rett før jul, nærare bestemt den 16. desember vedtok Ørsta kommunestyre og løyve tre millionar ekstra slik at arbeidet med gymsalen kan halde fram.  På spørsmål om kven som skal bygge den nye gymsalen, svarer Bjørdal at detaljforhandlingane enno ikkje er avslutta.  Difor kan han ikkje svare heilt sikkert, men valet står mellom to entreprenørar.  Han fortel også at byggjeleiar Atle Bjerkvik i kommunen reknar med at byggjestarten vil skje i april/mai.  Den nye salen får eit areal på 250 kvardratmeter - så stor som ei internasjonal volleybane.

- Og når vil den nye gymnastikksalen stå ferdig?
-
Nokre satsar på at julefesten ved skulen kan haldast i nyesalen om knapt eitt år.  Eg vågar ikkje å love det, men i løpet av neste skuleår..., avsluttar Bjørdal