Fredag gjekk startskuddet for den "grøne veka" i Berlin. Frå 21. - 30. januar samlast om lag 1700 utstillarar, 400.000 besøkande og 4000 journalistar seg til ein av verdas største matmesse.

Bjarne og Margrethe som driv Rekkedal Gjestehus braut av ferien sin på Kanariøyane for å representere Sunnmøre på den store matmessa Grüne Woche. Gjestehuset var ein del av standen til Fjord Norge. Til messa kom også deira deltids ansatte Manuela Ritter frå Norge for å være den norske kontaktpersonen med dei tyske messebesøkande. På fredagskvelden var alle standdeltakarane invitert på middag i den norske ambassaden i Berlin.

-Ikkje nok med at vi vart invitert til ambassaden til middag, men vi fekk også  i tillegg førespørsel om å levere norsk laks til middagen frå Toregarden på NøreVartdal, som vi såg på som ei ære, seier Bjarne.

Margrethe,-Bjarne-og-Manuel

F.v:Margrethe og Bjarne Rekkedal i lag med Manuela Ritter

Ein vesentleg ære for suksessen vi har hatt på messa, skal vi gje Manuela. Vi takla nokolunde det tyske språket sjølve, men når det vart litt krevjande spørsmål frå interesserte besøkande, så var Manuela ein grundig, kontaktskapande og flott representant som kunne korrekt å meistre språket. Ja, det var litt artigt at når denne blonde dama i norsk strikkagrensar tok kontakt, var det ingen som tvilte på at det ikkje var ei norsk dame, men dei fleste undra seg over at ho snakka så godt tysk. Det vart heller ikkje noko mindre kontakt etter ho røpa ho kom opphaveleg frå område aust for Berlin.

-Manuela flytta til Norge til mannen sin som jobba her, for 2,5 år sidan, utan arbeid og kunne ikkje det norske språket. Det fyrste året var vanskeleg og ho lengta heim til den gode jobben ho sa opp i Gørlitz som drogerisjef. Men etterkvart kom den sosiale dama i kontakt med  folk og fekk seg arbeid, og då retta det meste seg, og på fredag var ho med og representerte Norge i den norske ambasaden i Berlin. Vi har inntrykk av at det heile opplevast som ein draum for Manuela, seier Bjarne.

-I tillegg til mat og FjordNorge så er det stor interesse frå tyskerane for Lofoten. Vi sjølve presenterte den maten vi serverer gjestane våre på Rekkedal Gjestehus. Her let vi folk få smaksprøver av hjortemór, spekekjøt frå Johs Jacobsen i  Volda og laks frå Toregarden på Nøre Vartdal. Laksen har vi laga ein eigen spesialrett utav, med tørka og speka laks, som har slege godt ann her på messa. Og Snøfrisken i fast og smørbar form er ein storsuksess og til stor begeistring for dei som smakar på dette produktet, som er utvikla og produsert av Tine i Ørsta. Det er diskutert att og fram om smaken, men vi opplever at det er den milde varianten av geitost som slår ann. Meieriet i Ørsta må nok gå igong med større produksjon for å kunne skaffe nok til Tyskland, etter denne messa, humrar Bjarne.

Vi er overbevist om at deltakinga på messa vil gje frukter framover heime på Sunnmøre, og det er artigt når vi står her langt heimafrå og der kjem innom tyskarar som kjenner Hjørundfjorden og dei som driv med overnattingstilbod her.

Vi har hatt fortløpande kontakt med Toregarden på Vartdal og han kan melde frå om ei aukande interesse for laksen, etter medieomtalen som har kome i kjølvatnet av messa,- avsluttar Bjarne Rekkedal.

Dei tre avslutta på messa søndagskvelden og Bjarne og Margrethe reiste tilbake til Kanariøyane, medan Manuela benyttar anledninga å besøke sin familie i Tyskland.

 

 

Ein artikkel frå SMP om messa:

http://www.smp.no/incoming/article302122.ece