Sidan etter krigen, har det vore god tradisjon for folk å møte på Sæbø for å sjå teikningar av bygdefolk som hadde gjort små og store "slysner" i året som har gått. Det har enkelte tider vore ei belastning for teiknarane og tekstforfattarane i ettertid, etter offentleggjeringa på nyttårskvelden, så derfor har det vore meir eller mindre ein løyndom kven som sit i denne nemnda.
I år er det litt friare sidan det har vore medioppslag i forkant, at Alexsander Riise Olsen er ein god teiknar i god arv etter bestefar sin, Bjarne Riise. Er det Alexsander som er hovudkunstnaren bak årets plakatar, så må vi berre ta av hatten for hans talent. Det har vore ein imponerande kvalitet i alle år og ofte har folk lurt på kvifor desse teiknarane berre viser fram sin kunstnerferdiheiter på Nyttårskvelden?
Folk hadde trassa det dårlege véret med sludd og regn for å sjå kaihusveggen sin lokale "gapestokk". Ja det er nok eit uttrykk som passar, men med positivt forteikn. Dei aller fleste som vert teikna set stor pris på å kome på plakatane og mange rekna seg litt meir annerkjente etter dei har fått eit tur på veggen.
Plakatane innheld i år store og små hendingar. Rett fram ser vi ein profilert Aafk fans på Sæbø, som fekk helikopter-tur til ein kamp i Ålesund sist sommar. Ellers er det frykt for at den nye presten vår, skal begynne å setje frå seg gamle bilar på prestegarden, som bla. opptek teiknaren dette året.
Portalen overlet til lesarane sjølve og forstå veggens bodskap, men to profilerte og pensjonerte sjøfolk på Sæbø, fekk beskjed frå plakatnemnda at dei må berre akseptere at Sæbø har ein høgt rangert kvinneleg sjøoffiser.
Då er det berre å sjå og forstå sjølve kva som er innhaldet i plakatane. Hjørundfjordportalens kjempa i år for å få fri sikt til fotografering då folk klamra seg inntil veggenfor å kome i ly for det trasige veret. Kl. 01 var det ikkje mange att og dette er svært unormalt, men forståeleg.
Men ein god samaritan, Annemone Strandmann, gledde oss i det kalde véret med varm gløgg som vi sette stror pris på.
Vi håpar på betre vér neste år, og ynskjer alle våre brukarar og lesarar av www.hjorundfjord.no eit Godt Nyttår!
Kommentarar
Sjølv om me ikkje alltid er heilt oppdatert på hendinga som ligg til grunn for plakaten...:)
Om det er greit at de legges ut på portalen kan diskuteres, men en plakat kan fjernes fra veggen dersom den støter den/de som er skildret der. Det er ikke like enkelt å fjerne noe som er publisert på portalen.
Men, for min del ødelegger det i alle fall "spenningen" når flere av plakatene vises frem i en lokal avis et par dager før de henges på veggen...
Det vert sagt at det er ei ære å kome på kaihusveggen. Det er sjølvsagt berre tøv. Eg veit kva eg snakkar om - ikkje samlar eg på plakatar og ikkje tel eg kor mange gonger eg har vore på klistra utover "veggen", men eg ser ikkje vekk ifrå at det er både 10 og 15 gonger - samanhengande. Eg konstaterer at dei som er ivrigast på å halde på denne tradisjonen er dei som knapt nok har vore hengt opp.
Eg skal grunngje kvifor eg meiner at dette er lite positivt. Av teikningane i år forstår eg at skyssbåten på fjorden heldt på å køyre på ein færing. Heldigvis gjekk det bra for alle folk, og sjølvsagt måtte denne hendinga på veggen. For nokre år sidan var eg sjølv ikkje varsam nok og puffa til ein god, eldre ven med forhaustaren. Det gjekk ikkje bra. Likevel vart denne hendinga klistra utover kaihusveggen med ei vulgær påskrift. Personleg var eg sjølvsagt svært så lei meg både for det som hende og plakaten, men korleis måtte det vere for næraste familien hans? Tru meg - slike "slysner" på veggen er ikkje mykje glede eller folkeskikk.
For nokre år sidan vart eg "Årets bondaling" for innsatsen med å vere med på å etablere hjorundfjord.no - Hjørundfjordportalen. Eg var- og er svært stolt av dette. Men på nyttårsaftan forstod eg at eg måtte redusere arbeidet med portalen kraftig. Eg var vel stort sett klistra opp på kvar einaste plakat. Ikkje kom her og kom her. Av ein eller annan grunn meiner tydelegvis teiknar og skrivar at portalarbeidet mitt skal takast. No var det vel tredje året på rad at eg og portalstoff var klistra på veggen. Fleire, ikkje minst eldre, har spurt meg om eg har slutta med å skrive på portalen. Det har eg ikkje, men denne portalkritikken på veggen er ein av to årsaker til at eg har redusert arbeidet med portalen mykje. Eg veit å ta eit hint sjølv om portalen har vore til glede for mange. At eg skal "takast" for arbeidet på portalen kan på mange måtar samanliknast med at redaktøren i Møre-Nytt skal "takast" for det arbeidet han gjer der.
No veit vi vel stort sett kven teiknar og tekstmedhjelpar. Likevel gøymer desse seg bak anonymiteten. Det er greiast slik - då slepp ein kritikk og vi som har vore usett for eit uhell eller ikkje skikka oss slik som ein skal i Bondalen - nåde den som skiljer seg ut - må ta støyten.
Eg har vore med på mange diskusjonar og sjølv om fleire ikkje er samde med meg så har eg prøvd å diskutere saka til personen, ikkje personen sjølv. "Kaihusveggen" har tydelegvis som mål å ta dei som skiljer seg ut frå den gemene hop og ikkje minst er det viktigaste å ta personen, ikkje saka. Anonymiteten til teiknar og tekstmedhjelpar gjer også at det er uråd å forsvare seg. Vi som vert klistra opp år etter år skal berre bøye nakken og ta imot. Kritiser meg gjerne, men eg signerer i alle høve mitt "åndsverk".
Eg og mange andre har vore med i bygdemobiliseringa nokre år. Eit mål har vore å seie mest mogleg ja når ein har fått eit spørsmål. Det same målet er det svært mange som har hatt. Mange har teke pås eg tillitsverv, t.d. i Bondelag, Idrettslag, i barnekor, kyrkjelyd osb. Dessverre har det vorte vanskelegare etter kvart¨for valnemndene å få eit ja, men enno stiller folk opp.
Det tragiske er at seier ein ja og kjempar for t.d. idrettslaget gjennom media, ja, då må vedkomande rekne med å verte klistra utover "veggen". Eg har opplevd det sjølv - fleire gonger. Når eg og andre stiller opp t.d. i Sunnmørsposten så gjer eg det fordi eg no veit at eg vert lytta til og eg veit at skal ein no fram i dagens mediaverden med ei sak så må ein gjerne gjere det slik. Eg gjer det slett ikkje fordi eg må vere festens midtpunkt i ettertid - eg greier meg stort sett utan heile festen.
I Sæbø grendelag ser eg at vi no har fått ein uredd og svært dyktig leiar som har kjempa for t.d. sjukehuset i Volda og veg til Stennes. Kva skjer om vedkomande skal verte klistra opp på veggen for dette - gong etter gong?
I år fekk eg høyre at eg måtte tole å kome på veggen eg som stikk hovudet så mykje fram. I alle dagar, kvifor skal eg finne meg i det?
Til slutt seier eg slett ikkje nei til plakatar på nyttårsveggen på kaihuset nyttårsaftan, men eg vedgår gjerne at eg prøver å tilpasse meg - å verte så anonym som mogleg. Etter kvart innser at det enklaste er å halde kjeft, la sakene kjempast fram av andre - om vi i det heile skal bry oss.
Nei, køyr i veg med plakatane, gjerne på TV, aviser, internett osb., men det er ikkje p.g.a. underhaldninga med plakatane eg bur i Bondalen - det gjer eg fordi gardsbruket vårt ligg her.
Ei lita bøn har eg likevel til slutt: Lat dei unge som tek på seg tillitsverv til det beste for oss alle verte sparde for kaihusveggen. Så får vi andre ta oss av denne "gleda".
At ein held på ein slik rar tradisjon syns vi er eksotisk. I politiske saker må den som er med på leiken tole steiken ; )
Sjølv om vi meinar at: Trafikkmaskin frå dør til dør sikrar eit salig rør!
Ps. Vi har teke vare på motiva om ferjekaistriden og plakatane skal få heidersplass.
At portalen gjen gir disse er også viktig og gir utflytta byggdafolk og andre muligheten til å se at tradisjonen holdes i hevd.
Men for at folk flest skal forstå plakatene, og dei som sitter litt igjen og føler seg trød på. Hadde det vært fint om man kunne foreksempel i portalen forklart historiene bak den enkelte framstilte plakat. Kanskje kunne dette lette litt på frustrasjonen og gi en mer nyansert grunnlag for at plakaten ble framstilt som den ble.
Og tilslutt, Knut Hustad jeg forstår deg godt og ser meg enig i mye av det du setter søkelyse på.
Men du skal bare stå på, du skaper liv og røre i mer positv rettning for bygda. Du er en postiv engasjert bygde entusiast eller kanskje det som går under uttrykket bygdetulling :)
Det er kome fram i kommentar at det heile er bygdedyret på sitt verste og utflytta helsar plakatane på portalen velkomne, mens dei som vert ramma likar dette dårleg. Det er ikkje vanskeleg å slutte seg til argumenta og eg sjølv som administrator la ut dette på nettet, må eg også stille meg spørsmål om dette var gale.
I år følte eg meg meir friare enn tidlegare, då Regionsavisa hadde fått løyve til fleirsides oppslag om plakatane, og årets plakatar vart offentleggjort på førehand. Skal portalen stå med hua i handa og sjå andre tek nyheitssaker utan å få gjere noko sjølve pga husmansånda, som tilet at utanforståande media er så mykje betre enn oss sjølve?
Hadde eg hatt betre innsyn i kva som låg bak kvar enkelt teikning så hadde eg nok vinkla litt annanleis, men i år var det spesielt med det dårlege véret som gjorde det at det var lite kontakt med andre folk, då dei fleste skunda seg heim.
Skal portalen begynne å tolke kvar enkelt plakat trur eg det vert skikkeleg bråk og fort slutt på den fornøyelsen. Eg har heller tru på at ein ansvarleg redaktør må stå god for plakatnemnda sitt arbeid. At ein må finne seg i å kome på plakaten ein gong i blant, har folk akseptert oppgjennom åra, men når vi ser same personen kjem att år for år, er det noko heilt anna og må kunne oppfattast som ei mobbing av vedkomande. Døme på dette har vi sett oppgjennom tida.
Eg huska for mange år sidan at eit godt vakse par venta på sitt etterlengta barn. Heile bygda gledde seg på deira vegne, men på kaihusveggen vart det framstilt som injurierande og pinleg. Dette var berre trist, og hadde vi då hatt ein ansvarleg redaktør som var utpeikt av ein eller annan, så hadde ikkje dette skjedd.
Etter at mange har vore negativ så må vi stoppe opp for å sjå kva desse som teikna gjer. Dei får folk til å samle seg på kaia når det nye året går inn og skapar mykje positivt. Dei legg ned eit formidabelt arbeid som står stor respekt av, og i år var kvaliteten på teikninga så gode at det heile var ei kunstutstilling. Kanskje den kunstnariske ferdigheita var for god?
Nei, gode innspel frå bygda og klare reglar for kva som tolast, så trur eg dette er ein god tradisjon å føre vidare!
Takk for ein flott og konstruktiv kommentar til deg Kjartan, men ikkje bruk ordet bygdetulling, det skurrar. Bruk heller bygdeorginal med positiv forteikn. Bygdene har eit stort behov for at folk er uredde i å stå fram, og eit døme på det er deg og Knut.
Ivar Svein Mo, Administrator for Hjørundfjordportalen
Hva er mest positivt og mest negativt med disse uttrykka?
Og hva er særpregene til disse?
Skal man se på disse som et positivt eller negativt ladet ord?
Klart det er kjekt å sjå plakatane på portalen - nokre daga etter nyttår. Eller kanskje veker?
For det er ikkje til å kome i frå:
- på Sæbø er det tradisjon å samlast i sentrum for å seie godt nytt år til resten av bygda,og lese plakatane.
- Dersom plakatane vert lagt ut på portalene kan mange syns det er like greit å halde seg heime å lese plakatane på portalen en dag eller to etterpå.
Då vil vel en del av sjarmen med å reise til sentrum for å treffe bygdafolket å ynskje kvar andre godt nytt år forsvinne - ein utilsikta konsekvens.
Kven og kva kan tegnast og tekstast og hengast på veggen?
Det var vel et utgangspunkt at
- plakatane ikkje skal være injurierande
- Plakatane skal ikkje være støtande (her er vel grensene ulike å kan tolkast....)
- Plakatane skal ikkje omtale tragiske hendingar (det vil vel verte oppfatta som støtande)
Så må vel plakatnemnda også tenke over at direkte uthenging av enkeltpersonar ikkje er hensiktsmessig, same ken det er eller ka som gjer at det vert laga fleire plakata omhandlande same personane. På same måte som andre redaksjonar må tenke over det.
"Du skal gjere mot andre som du vil at andre skal gjere mot deg" gjelder vel for oss alle...
Vi har vore forsiktige å vise plakatane på portalen, men prøver å halde oss til å vise stemninga som er om kvelden, men det har vore mange henvendelsar om å få sjå plakatane.
Men kvafor skal ikkje portalen få vise fram noko som interesserer folk, slik vi får treff? Skal vi ha portal, må vi skaffe stoff som er av interesse!
Eg meiner at Knut Hustad peikar på ein del viktige moment i kommentaren nedanfor, som ein bør tenkje over.
På den eine sida har vi her eit uvanleg seigliva fenomen, som vekkjer oppsikt langt utanfor bygda. Ein gjeng med kreative sjeler som har utvikla eit eineståande kunstnarisk uttrykk, som er med på å sette Sæbø og Hjørundfjorden på kartet. Og det er vel ikkje så mykje anna som kan få så mange bondalingar til å trosse all slags ver for å samlast i sentrum.
På den andre sida kunne ein kanskje ynskt at eit meir oppbyggjeleg fenomen enn ein slik offentleg "gapestokk" var med på å gjere bygda kjend. Det at enkelte personar kan gå igjen på plakatane kvart einaste år, heng vel saman med at det er dei same som ikkje er redde for å stikke hovudet fram. Ein får berre håpe at dei tåler det i lengda, og ikkje opplever det som mobbing og misser motet. Gløym aldri at desse personane har familie o.l. rundt seg som også kan verte råka indirekte. Folk er ulike og reagerer ulikt, og det er lett å råke ein "uskuldig" tredjepart.
Det er vanskeleg kan halde seg anonym i eit slikt lite og gjennomsiktig samfunn. Hamnar ein på veggen, så er det ikkje lenger ei intern sak, då er det ALLE som veit.
Vil vi ha det slik? Er det folk som held seg "usynlege" for å unngå kaihusveggen? Er det ein grunn vi får gjengangarar på plakatane år etter år? Er det ein av grunnane til at folk flyttar ut? Truleg ikkje for dei aller fleste, og dei som gjer det har vi kanskje ikkje bruk for likevel? Dei som vel å bu her må kanskje berre innstille seg på at slik er det, og slik skal det vere.
Denne tradisjonen har visst uansett kome for å bli ei stund til. Likevel er det viktig å diskutere kva det er vi ynskjer å ha, eller ikkje ha. Ikkje minst for dei som har tenkt å bo og leve her i framtida.
Men om alt kjem på portalen med en gong vil folk halde seg heime - makeligheita er stor..
Om det går ei veke eller 2, kanskje 3 så er den største nyhenda vekke, men vi som bor langt unna har ikkje sett dei så då er det kjekt like vel for oss.
Syns tradisjonen til Møre Nytt med å ha en mindre kommentar og litt bilde har våre greit og godt kan fortsette, så kan portalen ha en "eksklusiv" rett til å legge ut alle plakatane nåke etter nyttår.
For det er faktisk en fin tradisjon at alle møtes i sentrum å ynskjer kvar andre godt nytt år. Og det er viktig at også den sosiale delen av tradisjonen vert opprettholdt.
Å det er noko unikt over ei lita bygd der folk for så vidt veit at "ditte hamna ej på kaihusveggen for" når "slysne" er gjort. Å monge av oss har nok våre noko letta når plakatane er lest og vi ikkje har komt med...
Det er en trygghet å vite at det er ikkje vondt meint også... sjøl om monge nok skulde ynskje at dei ikkje hadde komt der..
Det e tydeli at personane i plakatnemnda syns det var utruli artig og ei knallmorsom vinkling.
Ej syns det mest var pinlig på deira sine vegne.
Ej for min del fekk vel ganske bra "presseomtale" på min plakat. Ej veit det ikkje va meininga, da dei i plakatnemnda sjøl he gitt uttrykk for at ej driv med noke tull.
Nei Janteloven stille nok sterkt når plakatane blir teigna og sensuren e lite til stades
Offentleggjering av årets plakatar i Regionsavisa:Det var 4 plakatar uten tekst,av tilsaman 21stk. som vart vist fram. Hensikta var å fortelje den unike tradisjonen vi har hatt her på Sæbø sidan 1947, og som vi er svært stolte av. Dette arbeidet vert gjort av frivillige, og eg veit dei brukar svært mange timer på teikning og tekst. I tillegg vart det i avisa oppmoda om at dei som hadde noko å bidra med, tok kontakt.
Plakatnemda rådfører seg med "ansvarleg redaktør". Det vil likevel være slik at ein ser ulikt på ting, det er vel eit gode vi har, vi som kan bruke eit fritt ord, og ein fri penn.
At ein eller fleire personer går att på plakatane tyder på ein ting: Nemlig at dei gjer eit godt arbeid for bygda, og at dei viser att.
Historiane som vert fortalt er sjølvsagt "spissa" i penn og tekst. Det er det som gjer at vi møter opp for å lese og sjå. Humor og snert.
Negative kommentarer: I forhold til dei som var på plakatane, så er det lite negative kommentarer, og ingen fra dei unge i bygda. Fleire av dei unge var representerte på plakatane, også nokre fra plakatnemda.
Oppmoding til plakatnemda: Sjølv om eg er partisk i saka, så er mi klare oppmoding at de fortsetter med det gode arbeidet de gjer, til glede for folk flest.
Oppmoding til de andre som tydleg har ein fri penn og tanke: Meld dokke til neste års arbeid i plakatnemda, eller som "ansvarleg redaktør", om de er misnøgd med den som er no. Eg er sikker på at nemda tek imot dokke med glede, rekrutteringa kan godt gå fra dei unge til dei eldre. Og tenk over kor heldige vi er som har ungdommar som orker å bruke tida på plakater, slik at vi andre har noko å diskutere :-)
Når det gjeld spørsmålet om å legge ut bilder av plakatane på portalen, er eg imot det-
Det som undrar meg er at administratoren vil ha ein gjennomgang av tradisjonen... betyr at han har mynde til å bestemme skjebna til plakat-tradisjonen? Det er vel Hjørundfjordportalen, og ikkje Hjørundfjorden administratoren kan bestemme over ?
Vi må ha respekt for det frivillige arbeid, å være i plakatnemnda er mykje arbeid, og ei lita meiningsmåling på denne sida betyr null og niks i denne sammenheng.
Ja, dei rette folka vert ofte framstilt positivt på kaihusveggen og vi har sett mange gode, ja, nærast historiske teikningar. Det gjeld likevel på ingen måte alle.
Om alle som har kommentert her hadde fått lagt alle dei 10 - 15 sisteteikningane av meg framfor seg, vil eg tru at heider for godt arbeid ikkje ville vere det ein tenkjer på.
Det vert sagt at det har kome inn få klager. I alle dagar - kvar skulle desse klagene rettast? Alt er no anonymt! Og det er det eg kritiserer - det er uråd å forsvare seg. Eg var heller slett ikkje klar over at der var ein "ansvarleg redaktør". Kven er det?
Eg har ikkje lese det sjølv, men eg har blitt fortalt at ein av teiknarane har late seg intervjue av Regionavisa. Tilfeldigvis har eg også fått vite kven ein tekstmedhjelpar er (eg veit ikkje om andre) - og det gjer meg sint på hjorundfjord.no sine vegner.
Dei fore siste plakatane mot meg har altså handla om nettopp denne portalen - denne portalen som gjev alle høve til å uttale seg, kome med synspunkt, skrive, legge ut foto osb. Det vert skrive om det frie ord. Dette gjeld sjølvsagt for oss som ser det negative med nyttårsplakatane også. Om portalen hjorundfjord.no er i drift også ved neste årsskifte og det som eg nesten vil kalle ein kampanje mot portalen, vil eg sjølvsagt ytre meg fritt i passande forum. Mange orkar av forståelege grunnar ikkje å ta til motmæle, men som tidlegare sagt kjem eg ikkje til å bøye nakken lenger. I meiningsmålingsfeltet er det allereie fleire som seier at dette må dei tole dei som stikk seg fram. Skal tru om dei meiner det same dei som har vore utsett for leie uhell heilt uforvarande?
Jeg forstår at noen føler at de lider mer overlast enn andre i år. Blant annet Knut som tolker det slik han gjør, og forklarer det slik han gjør, med en forklaring fra andre i form å måtte tåle det fordi som du sier Knut; - du stikker hodet fram som noen har sagt.
Selv om noen skulle ha sagt det er det jo ikke sikkert det dermed er et faktum ?
Det er alltid trist å leit når noen får det følelsesmessig vondt etter å ha måttet møte plakaten. Det er likevel ikke noe nytt. Så er det å håpe at du Knut kan ta det for det det er og intet mer, slik andre gjør og har gjort før deg.
Og at atter andre, bl.a Ivar Svein mener det er på tide med en skikkelig gjennomgang av denne tradisjonen. Ja, du har jo selv satt dagsorden, etter å ha utfordret en tradisjon som kanskje bør overleve i den form den alltid har hatt. Utfordringen jeg viser til, er konkuransen du som journalist måtte delta i for å holde tritt med andre media, slik jeg forstår deg.
Dessuten går det ikke an å spørre bygdedyret om råd, selv om det lever i beste velgående. Så da så.
Ser også at du inviterer til en prosess, som en gjennomgang av kulturfenomenet Det er vel en ny endring fra kultur til kontroll?
Jeg tviler på at dette særfenomenet i en bygd overlever en slik prosess. Fenomenet er skapt for generasjoner siden, og trenger vel ikke skapes på nytt? Det er vel historien tilknyttet fenomenet som er med på å gjøre det særegent, eller er det ikke?
Vil det i såfall forbli det kulturfenomenet det er idag, med dine hensikter Ivar Svein?
Kanskje det kan være lurt å heller ta vare på kaihusvegg- plakatenes betydning som kulturfenomen i bygda, som "har levd sitt eget liv", - uten mer innblanding?
(Til tross for at enkelte føler seg kreinka..)
Takk til plakatnemnda for mange gode plakatar og ein god tradisjon.
Kjempeteikningar i år!
Det er sjeldan teiknaren som har skulda for at det av og til tek av.
Det er vel oftast teksta som sig over streken. Med ein heiagjeng i ryggen kjem kommentarane og tekstane ofte litt utpå viddene. Eg har sjølv ei karriere som tekstar for over 20 år sidan. Kjekt var det, og aldri vondt meint. Men eg veit at det av og til kjendest vondt for dei som fekk det. "Kaihusveggjinj e enj uskikk", sa han Pe Knut til meg fleire gongar. Han visste nok kva eg dreiv med.
MEN! Det har hittil aldri lønt seg å ta til motmæle mot denne"uskikken". Det har alltid vore best å bannje frå seg i all stillheit og smile så godt det let seg gjere. For det vert fort gløymt. Og eg nektar å tru at nokon nektar å ta på seg verv fordi ein kan hamne på veggen.
Eg vil likevel oppmode om at dei mest råka får seg eit og anna kvileår. Det er likevel nok å ta av.
Men for nokre teikningar, og for ei fine nakja dame han Haua-Knut hadde med seg på Skårasalen!
Og om eg hadde prøvd å teikne det tauet den presten hadde kring kjolen, så hadde eg ikkje fått det til så fint om eg hadde brukt resten av livet!