Teaterstykket er inspirert av korleis livet var i gamle dagar, med hesteskyss og seterliv. Oddgeir Bruaset tok oss med tilbake i tida der vi fekk høyre litt historie om korleis livet var då. Småfolka lurte seg rundt over alt inni dalen. Ein vinterdag i begynnelsen på 1900-talet gjekk det eit stort ras som stengde småfolket inne under breen som var den vanlege tilhaldsstaden deira. Etter ca 100 år hadde breen smelta og småfolket vakna til liv igjen. Mykje hadde forandra seg,og det er her handlinga startar.

113 

Budeiene i Norangsdalen. Dei lytta til ekkoet i fjella. "Skal vi vere heime, skal vi vere gjestebod?"   Madeleine Berg og Maria Norangshol.

 

 

116

Turistar som tek bilder er vanleg å sjå langs vegen. Småfolka ligg å lurer under breen, turistane vart skremde og mista fotoapparatet sitt.                             Bernt Olav og Otilie Elena Klokk.

120

Småfolka vaknar til liv....

122

.....trøytte etter lang tids søvn.                                                              Bernhard Øye Pedersen, Bernt Olav, Markus Norangshol, Otilie Elena, Madeleine.

 

127

Dei får auge på fotoapparatet som turistane mista. Kva kan det vere tru, ei stjerne?  Bernhard, Bernt Olav, Otilie Elena og Maria.

129

Kven skal eige stjerna? Blitsen gikk av og dei vart skremde.                             Bernhard, Madeleine og Maria.

131

Merkelege planter veks inn gjennom heile Norangsdalen. Dei er lange og svarte, og må selvfølgeleg plukkast!   Bernhard, Madeleine, Markus og Maria.

135

Delar av Småfolksangen (skriven av Edith) framført av Andrea Øye Pedersen, Emma Bjørke Øye, Kristianne Berg, Emil Norangshol og Johan Bjørke Øye.

139

Småfolka fann ein merkeleg "foss" hjå bygdefolket. Den måtte ristast godt og testast ut!  Bernhard, Markus, Bernt Olav og Otilie Elena.

 

 

151

Ein turistbuss kjem køyrande inn gjennom dalen.  Dei tek matpausen sin der, og rundt dei lurer dei usynlege småfolka. Dei smyg seg rundt og flyttar på alt. Buss-sjåfør Bernt Olav, bestemor Maria, Bernhard som Mr. Dunghill frå Amerika, guide Otilie Elena, yngre fru Madeleine, småfolk Emil.

 156

Bernt Olav, Maria, Bernhard, Emil, Otilie Elena, Madeleine og Markus.

164

Til slutt småfolksangen, tekst og melodi Edith Flakk Nordang.

170

Teaterinstruktøren Edith måtte også på scena å motta applaus.

042

Dette bilete er frå ei øving. Vi må få med at Rugile (nr 3 frå høgre) også har vore med på øvingane. Ho feira jul i Litauen.

 

Etter programmet var det allsong, kaffi og kaker, og gang rundt juletreet. Vi fekk også besøk av nissen!

189

197

Ein triveleg fest der begge bygdene fekk ha det kjekt ilag. Ei stor takk til Edith som står på for ungdomslaget i bygda. Teater er noko borna set stor pris på, og at her er talent er ikkje vanskeleg å sjå!

GODT NYTTÅR! Helsing Janine Berg og Wenche Wollsæter.