Foreldra til 10.klasse ved Sæbø skule har arbeidd i fleire år for at elevane skulle få ta seg ein tur til Polen for å få oppleve kvar den største forbrytelsen mot menneskeenheita i Europa fant stad, av Nazi Tyskland under den 2. verdskrigen. Per Svein Brautaset Berit Oksavik Brautaset og Marit Skare Rekkedal var ankerpersonar i planlegging og hadde kontakt med reiseselskapet, og var ellers i lag med oss andre i fellesmøte.

Ein del foreldre ville delta på turen sjølve også, både for å støtte opp skuleelvane våre og sjølve få oppleve dette som vi har lært og høyrt om heile livet. Skulen har førebudd elevane med undervisning på førehand, men å kome inn på det kjempestore området i Auschwitz II Birkenau, var nok større inntrykk for dei fleste, enn venta. Oktober 2010 reiste vi til Polen med bussen til Fredsreiser.

Auschiwitz var den største nazistiske utryddingsleiren under den 2.verdskrigen og er det viktigaste og mest gripande minne over holocaust. Auschiwitz består av Auschwitz I, Auschwitz II Birkenau og fleire arbeidsleirar som underleirar.

IMGP9016_1
Våren 1944 vart jernbanespor lagt inni leiren for å auke kapasiteten.Skinna hadde veksel for dobbelspor

Auschiwitz ligg i Polen, og er det tyske namnet på byen Oswiecim. Auschwitz I var opprinneleg ein polsk militærleir, men vart i 1940 gjort om til konsentrasjonsleir, beregna på polske oposisjonelle og intellektuelle. Leirområdet hadde god forbindelse til det tyske og europeiske jernbanenettet, og luftromet over leiren var kontrollert av det tyske Luftwaffe.

Den berykta sikkerheitspolitiet SS, som var leia av Reichsführer SS- Heinrich Himmler og som hadde direkte kontakt med Hitler, hadde hovudansvaret for å gjennomføre den fysiske utryddelse av jødane og andre uønska elementer. SS var ein betydeleg del av Tysklands militære styrke. SS vart etter krigen stempla som ein forbrytersk organisgon av domstolen i Nürnberg

Reichsführer SS- Heinrich Himmler var den øverste ansvarlege for utryddingsleirane, og det var han som gav den berykta leirkommandanten Rudolf Höss ordren om å finne eigna plass for ein konsentrasjonsleir.

Auschwitz I vart fort for liten sidan krematoriet hadde "berre" kapasitet på 350 lik pr. døgn, etter Hitler hadde gitt ordre om at alle europeiske jødar skulle utryddast. Etter hausten 1941 vart det sett igong bygging av Auschwitz II Birkenau, med fire krematorier, vart denne leiren hovudsenter for jødeutryddelsen.

Våren 1944 vart jernbanespor lagt inni leiren for å auke kapasiteten. Toga stoppa då berre 200 meter frå gasskammera og krematori nr. 2 og 3 inn i leiren. I følge leirleder Rudolf Höss sin sjølvbiografi vart 70 prosent av alle som kom inn sendt rett i døden.

Ingen veit kor mange som omkom av utmattelse, tortur og henrettelse i leirane. Det vert anslege ein til fire millionar. Under rettsoppgjeret mot Rudolf Höss vart han sikta for 3,5 millionar døde, men protesterte på dette talet, og meinte det "berre" var 2,5 millionar. Dei fleste var jødar, men også sigøynarar, homofile, politiske aktive, krigsfangar, kristne og kriminelle.

Adolf Hitler meinte at jorda skulle dominerast av den ariske rase. Jødane vart sett på som mindreverdige, og leiren her var den mest effektive leiren for å utrydde rasen. Alle utryddingsleirane låg i Polen. Over seks millionar jødar vart utrydda i Nazitida (1938-1945), av desse 1 million born. Menneska kom i godsvogner til leirane. Då dei ankom, vart dei sortert. Dei sterkaste vart brukt til arbeid, men kvinner, born og dei gamle vart sendt som oftast rett i gasskamerane.

Auschwitz II Birkenau

IMGP9011_1_1 IMG_2187_1

Den 6. oktober 2010 ankom vi Auschwitz II Birkenau. Vi stoppa ved det gamle høgspent piggtrådgjerde og såg innover det store området og mange tenkte nok på dei stakkarane som kom hit i krigsåra. Kan vi greie å sette oss inn i deira situasjon? Svaret er nok nei, men samstundes trur eg personleg at då dei kom innfor gjerde hadde menneske ei evne til å koble ut, og ikkje ta innover seg alt som dei såg skjedde med andre fangar.  Her var det ingen rømingsveg. Den einaste vegen ut var gjennom pipa, vart det sagt av SS til fangane.

IMGP9013_1
IMGP9014_1
Utanfor porten var det informasjonsskilt med bilder. Her var det kart over området frå 1944.
Bilder frå fangar som ankom leiren og skulle gassast, kunne ein studere. Teksta i tre språk.
TEKST TAVLE_1
Kart over Auswi_1
TAvlebilde jøder_1
TAvlebilde jøder 2_1

Klikk på dei nederste bilda for å sjå betre det som er på tavla.

Då vi kom inni leiren fekk vi vår eigen guide som fortalde til oss på engelsk. Vi gjekk igjennom trebrakkene og murbrakkene som var for kvinner, og det var ikkje vanskeleg å forstå den grusomheita som hadde vore her. Berre ein del av brakkene står att slik dei var, og resten av  området er freda krigsminnesmerker der murrestar og skorsteinar av dei enorme mengdene av brakker som det var oppbevart arbeidsføre folk og dei som skulle i gasskamera.

IMGP9033_1
IMGP9022_1

Dei brakkene som var opphald for karane var av tre og det står berre ein del att ilag med porten i hovudbygninga. Gode tavler med bilder og tekst  var over heile leiren. Bilda er tekne av SS sjølve.

IMGP9037_1

Det var mange som besøkte Auschwitz II Birkenau som er Europas største gravplass. Her er det ungdommar frå Israel, kanskje ei skuleklasse slik som oss,  som er på omvisning.

Selection_Birkenau_ramp

Bilde teke av SS

 

IMGP9046_1
IMGP9048_1

I enden av leiren stod krematorie nr.4 som var sprengt av tyskerane sjølve for å dekkje over grusomheita, før sovjetiske tropper kom inn i leiren. Tavla i bilde til høgre viser bilde av krematoriet slik det stod i 1944. (klikk på bilda for stor størelse)

IMGP9090_1

Ved minnesmerket hadde Fredsreiser sin reiseleiar Balder lagt inn  ei markering.

IMGP9094_1

Lisabel Hustad Øvrelid las eit dikt som 10.klasse ved Sæbø skule hadde skrive, medan ein elev frå Lardal - Kristin Sandstrand, la ned blomar og ein annan tende lys. Etterpå heldt vi eitt minutts stillheit for å minnast alle dei som døydde her. Diktet som vart opplese, kan ein lese i artikkelen til klassa, ved å klikke her.


 

Etter vi hadde gått igjennom noko av leiren var det eit svært så fåmælt reisefylgje som gjekk til lunsj, før me skulle til den berykta og mindre leiren Auschwitz I

 

Auschwitz I

 

IMGP9103_1
IMGP9104_1

Auschiwitz er det tyske namnet på byen Oswiecim. Auschwitz I var opprinneleg ein polsk militærleir, men vart i 1940 gjort om til konsentrasjonsleir, beregna polske oposjonelle og intellektuelle. Her var det det heile starta og her var hovudkvarteret til Josef Mengele . Mengele var den berykta legen, som gjorde dei mest grusomme medisinske forsøka på menneska som er kjende.

IMGP9106_1
IMGP9107_1

Gasskammeret (tv)i Auschwitz I vart etterkvart forlite for der var ikkje kapasitet til meir enn 350 lik i døgnet. I bildet til h. ser ein i enden av gata boligen til leirkommandanten Rudolf Höss. Her budde han midt i leiren ilag med familien sin, heilt upåvirka av det som gjekk føre seg i leiren.

IMGP9112_1
IMGP9114_1

Det var oppsett som eit historisk minnesmerke, galgen der leirkommandanten etter krigen vart hengt.Under rettsoppgjeret mot Rudolf Höss, vart han sikta for 3,5 millionar døde, men protesterte på dette talet, og meinte det "berre" var 2,5 millionar.Bilde til h. viser kvar fangane kom frå i europa.

IMGP9122_1
IMGP9123_1

Vi gjekk igjennom blokkene som er omgjorde til museum. Bilde til v.viser tusenvis av briller som høyrde til offera. Bilde til h. viser proteser. Det romet som gjorde mest inntrykk var romet som innheld hår som SS skulle ha til klede og fine tepper.Her var det fotoforbod.I forsøks -og torturavdelinga til Josef Mengele fekk vi ikkje kome innom denne gongen.

IMGP9150_1

Alle var utstyrte med høyretelefonar slik at vi hadde kontakt med vår eigen tolk. Her viser ein djupt konsentrert skuleklasse som har fått innsyn i den mest grusome hendinga under den 2. verdskrig

IMGP9156_1

Ved denne skytemuren vart fangane avretta. Dei fangane som gjorde mindre forbrytelsar vart i fyrste omgong hengt opp etter bakbundne hender,  med det resultat at dei vart øydelagde og ubrukeleg til arbeid. Som ikkje arbeidsdyktig, vart dei seinarae avretta ved denne muren.

Reiseleiar Balder heldt ein gripande minnetale over dei offera som omkom her og vi la ned blomster. Bilde taler sjølv, om korleis vi opplevde denne stunda.

Etter besøket i leiren gjekk vi til eit opphaldsrom der vi fekk treffe eit sannheitsvitne som hadde opplevd konsentrasjonsleiren Sachsenhausen. Han fortalde om sitt  illgale arbeid i Oslo, ved å dele ut motstandsavis og vart arrestert.  Vegen til Grini var ikkje lang, med tortur, før han vart overført til Sachsenhausen. Vi møtte ei sterk gamal mann som fortalde med ei kraftige stemme om sin opplevelse. Det var heilt stille i salen sjølv om var var samla rundt 100 menneske. Det gjorde sterkt inntrykk på oss som høyrde på.


sigurd_syvertsen-150Født 13.08.21 i Oslo. Her jobbet han som instrumentmaker, men Sigurd Syversen fant sin plass i motstandsfolket da krigen brøt ut. Og var med i distribusjonen av illegale aviser. Han ble arrestert på morgenen den 6. mars i 1942 og sendt til Møllergata 19 hvor han satt fram til 30 mars da han ble overflyttet til Grini med fangenummer 2329. Den 15. februar ble han overført til Sachsenhausen. (Fangenummer 61077) Han var også plassert i leireneStaaken/Demen og Falkensee/Demag. Herfra bar det tilbake til Sachsenhausen igjen den 21. mars 1945. Bare 9 dager senere ble han sendt til Neuengamme som fange nummer 79749, og var her inntil han ble hentet av De Hvite Bussene den 20. april 1945. Etter et opphold i Frøslev leir i Danmark ble han videresendt til Sverige for rekreasjonsopphold. Han kom tilbake til Norge den 26. mai 1945.
Sigurd Syversen
Vil du lese heile historia om Sigurd Syversen så klikk her

 

IMGP9187_1

Sigurd Syversen fortalde med ei kraftig stemme korleis han ved eit mirakel greidde å overleve desse åra i tysk fangenskap. Han måtte være ein dyktig kar fageleg, sidan kommendanten ikkje torde og ta han av dage. For å kunne gjere noko med han måtte han få noko nedover han, slik han kunne dømme han for sabotasje mot det tyske riket. Ein gong var det nære på etter ei ulukke med eit verktøyhavari, men den sivile sjefen gjekk god for han. Tyskerene var i mangel på arbeidsfolk, så å kvitte seg med Syversen, kunne slå dårleg ut for kommendanten.


IMGP9188_1_1


Her ser de F.v. Jon Einar Flatnes, Sindre Oksavik Brautaset, Elena Andrea Kvistad Hustad, Tidsvitne Sigurd Syvertsen, Kjetil Rekkedal, Elen Maria Holen, Lisabel Hustad Øvrelid og framme Sondre Kristoffer Mo.

 

Sjølv om det ikkje er dei heilt store orda som kjem frå elevane, så reknar eg som sikkert at denne dagen kjem dei til og huske så lenge dei lever.

Turen var med Aktive fredsreiser som er ein organisjon som har som motto:

"Aktive Fredsreiser skal arbeide for å gi ungdom tro på at konflikter kan løses og at fred kan skapes, og at deres egne holdninger og handlinger er avgjørende." Klikke her for å lese meir."

Ein svært lærerik og gjevande tur for både elevar, lærarar og oss foreldre. Vår klasse i år var så heldig å kunne få arbeid, som gav nok inntekt til at denne turen kunne gjennomførast. Dei to komande klassetrinna i år 8.og 9. klassa vil jobbe hardt framover for å finansiere turen sin, og vil nok kome på dørene for selge eller ha utlodding. Eg oppmoder alle å ta vel imot desse ungdommane, det er svært viktigt at skal ein unngå at Nazihelvete kan skje på nytt, må ein støtte informasjonsarbeidet om denne grusomme hendinga. For å sette det i eit lokalt perspektiv drap desse leirane antal personar, lik Ørsta befolkning på ein dag.

Det er også svært urovekkande når ein les desse artiklane;  «Arbeit macht frei»-skilt stjålet fra Auschwitz og samtidigt les om at skuleklasser i England trur at Hitler er ein fotballtrenar. Årsaka til tjuveriet av skiltet, skulle være å få innpass i Nynazistisk miljø.

 

IMGP9175_1

Her er vi som reiste frå Sæbø skule. Ein flott og samansveisa gjeng som reiseleiar og sjåfør kåra til den beste gjengen, ilag med Lardal skole, som dei hadde hatt med seg nokon gong :-))

Arbeit macht frei»-skiltet ser ein på plass i bakgrunnen.