I jula og Nyttårshelga har Manuela og Bernd Ritter hatt besøk av bror til Bernd – Jens og kona Manuela Ritter. Ja du las rett, begge brødrene Ritter eg gift med kvar si Manuela. Jens er trykkerimeister og han og kona driver eige firma - Jens Druckerei i den Aust Tyske byen Ostritz.

Trykkeri-meisteren var svært interessert å sjå den norske kalendaren til Knut og Fred Ingar og med god hjelp av vår Manuela og Bernd ordna språkproblema seg.

Med fagleg dyktigheit kjende Jens på papirkvaliteten og nikka annerkjennande, - dette var bra, sa han, med ein gong!  Antal sider var talde og arbeidet på kalenderoppsettet sjekka etter faglege reglar og funne godkjent. Men ein kalendar i toppklasse som denne her, skulle ikkje hatt opphengsholet i gjennom bilda og at same holet gjeng midt i gjennom annonsa i nederste kant av kalendaren, er ikkje bra. Slike fine bilder kan inneramast etter at kalendaråret er omme, og då er det ikkje fint med eit hol igjennom bilde. Dette ville ein tysk kunde reagert på, dersom han hadde trykt dette i Tyskland. Bilde burde ikkje her gå heilt ut i kanten og sidan dette her er ein kalendar av toppklasse, ville han ha tilrådd spiral, og helst på toppen med oppheng i spiralen, samt litt stivare papir i framside og bakside. Men dette er meir smak og behag og ikkje fagleg feil på nokon måte, presiserte trykkerimeisteren.

IMGP9872

Jens og Manuela Ritter driv eige trykkeri i Tyskland og var imponert over årets Hjørundfjordkalendar. Og kalendaren skal hengast opp på kontoret heime i Ostritz.

Kalendarbilda

Så var der det sjølve bilda som skulle gåast igjennom og tyskarane si begeistring for norske fjord og fjell er stor, så her var det ikkje vanskar med godkjenning. Mars bilde med skikøyrar ned mot Sæbø er schønt og kvitveisbilde i Mars er enormt. Kvitveis hadde dei også heime i Tyskland, men ikkje så voldsomt som her. Kvitveisen er forresten freda i Tyskland og forbode å grave opp, for planting andre plassar.

Men aprilbilde burde ikkje være med i ein slik flott kalendar, for manipulerte bilder hadde han ikkje sans for, og passar best i reklamesaker.

No måtte våre norske tyskarar hjelpe til med å forklare, at dette bilde var så ekte som det gjekk ann.

 -Jamen, korleis kom dama til toppen i selskapskjole då? Var det helikopter tur?

 Nei, her har vi ei sprek dame som gjekk opp sjølv på ski og rann ned i kjolen.

Etter litt fagleg skepsis til bilde, vart trykkerimeisteren overbevist og etterkvar imponert over at det let seg gjennomføre å ta bilde på ein norsk fjelltopp i selskapskjole. Dersom bilde er ekte er det berre heilt fantastisk, nikka Jens, når han såg på bilde.

Kalendaren er eit topp produkt slo Jens Ritter fast tilslutt og desemberbilde vart han spesielt glad i, der det viser norsk ølbrygging på Saure. Trykkeriprisen i Norge og Tyskland er den same, så dette er konkurransedyktig produkt i Tyskland også.

Kalendaren skal opphengast på kontoret til trykkeriet heime i Ostritz. Men det siste vi no høyrde er at bagasjen med kalendaren er sakna i Berlin, så her må kanskje ei ettersending til.

Men med litt endringa på neste års opplag så er Hjørundfjordkalendaren klar på den tyske marknaden.