Nokre vil vel hevde at det nye styret i Hjørundfjord bondelag hadde sitt første møte vel seint i all den dag årsmøtet var så tidleg som den 10. november, men ein god juleferie gjer alltid godt og no er vi full av tiltakslyst.

013b
Her ser vi det nye styret i Hjørundfjord bondelag - etter at dei ulike verva var delt ut.  Frå venstre: Magne Riise - styremedlem/studieleiar, Jon Arne Nordang - nestleiar, Arne Rekkedal - skrivar, Knut Hustad - leiar, Hallvar Mo - 1. vara, Kari Riise - kasserar.

Ein av leiaren sine oppgåver er sjølvsagt å skreppe av dei nye styremedlemane - og det gjer eg med glede.  Vi skulle nok hatt ei kvinne til i styret, men vi er svært glade for at vi i alle høve har Kari (Riise).  At vi har fått inn ein ung herre frå Rise - Magne -er inspirerande og når vi har Hallvar som 1. vara i tillegg, skal dette verte gode saker.

Årsmøtet kom med pålegg til det nye styret og dei oppgåvene vert sjøvlsagt prioritert.  Vi trur vi har vore med på å gjere det slik at no er det fleire politikarar som vågar å stå fram og støtte pelsdyrnæringa som vi har i Norangsfjorden.

Gardbrukarane i Hjørundfjorden har fått digitale kart.  Det skulle i utgangspunktet vere ei rein glede, men når vi no ser, vi som har kommunal veg over eigedommane våre, at arealet har minka, har det si naturlege forklaring.  På dei nye karta har dei kommunale vegane blitt over  sju meter breie og arealet/dyrkamarka har dermed blitt redusert.  Dette fører igjen til mindre inntekter for bonden.  Vi veit at vegane slett ikkje er over sju meter breie, men kven eig no arealet langs vegane - er det kommunen?  Er det gjort vedtak om beslaglegging av gardbrukarane sitt areal?  Hjørundfjord bondelag vil skrive brev til Ørsta kommune der vi ber om ei forklaring.

Ei anna viktig sak vi vil ta opp, er den kommunale vegen til Stenes.  Samfunnsutvalet i kommunen vil privatiserer denne vegen med dei konsekvensar det medfører for  Einar Arne Stennes, som gardbrukar, men òg for heile Hjørundfjorden og kommunen.  Har Ørsta kommune tenkt over konsekvensane av dette vedtaket?  Styret i Hjørundfjord bondelag vil sjølvsagt skrive brev sjølv om vi reknar med at vedtaket vert gjort om.  Vi har  friskt i minnet at ordføraren meinte at gardbrukarane i Ørsta kommune var for lite flinke til å støtte meieriet. No gjer altså administrasjon og politikarar vedtak som absolutt kan føre til at ein av dei mest dugande geitebønder på landsbasis må legge ned drifta. Og kva for konsekvensar har dette for meieriet i Ørsta i alle den dag geitemjølkpruduksjonen er ein av berebjelkane?

Og så må vi ha meiningar om kva som skal prioriterast under dei komande jordbruksforhandlingane... Skal vi få auka lønsemd i jordbruket må politikarane få vite kva gardbrukarane styrer med og meiner.  Bondelaget har eit sterkt medansvar for å auke kunnskapsnivået mellom våre folkevalde.  Styret i Hjørundfjord bondelag lovar at vi skal vise meir att i den offentlege debatten lokalt.  Er det nokon som har synspunkt, meiningar?  Ta gjerne kontakt.