På Twitterkontoen sin la han no i morgontimane ut eit flott bilde av transporten sin til Dalegubben 1344moh med fjorden i bakgrunnen. På bildet ser vi også Holmshornet med Trandal i bakgrunnen.
Utklipp frå Twitterprofilen hans:
@ProfBrianCox Brian Cox
Got a nice lift to work yesterday, on top of a ridge above a Fjord in Norway #wonders http://twitpic.com/3pknzp

Professor Brian Cox var aktuell på NRK rett før jul med serien "Mysteries of the Solar System" og gjer ein fin figur i BBC-tradisjon i arva etter David Attenborough.
Edit: Professoren har i dag lagt ut fleire bilete, no er han på Strandafjellet:
http://twitpic.com/photos/ProfBrianCox
Fuglefjellet filmet med Cineflex (17.01.2011 kl. 03:21)
Fuglefjellet filmet med Cineflex for BBC og Cox og vi kan love at bildene vil bli flott reklame for regionen. Kula fremme på helikopteret er forøvrig Cineflex kamarasystemet som Fuglefjellet er alene om i Norge.
Sjekk denne videoen for hva en har i vente: http://vimeo.com/8736190
Fuglefjellet er ellers å finne på Facebook på http://www.facebook.com/Fuglefjellet og vi kommer til å publisere mer info der og på våre hjemmesider når en har klarering med Cox/BBC.
John Myrstad
www.fuglefjellet.no
PS: Arnfinn, fikser du linkene ?
John Myrstad
HJØRUNDFJORDEN STUDIE? (16.01.2011 kl. 11:08)
Eg kunne tenke meg at det vart utført ei studie med fylgjande overskrift:
HJØRUNDFJORDEN FRÅFLYTTINGSTRUGA - KVIFOR ER DET SLIK?
Eller finnst det noko liknande allereide?
Studia burde kunne utførast av nokon som er uavhengige og ser tinga utanfrå.Den kunne kanskje vere ei passeleg oppgåve for Høgskulesystemet i Volda?
Svein J. Urke
Bygda /Hotellet (15.01.2011 kl. 20:23)
Ja de er den sanne historie,flere har komt innom bakeriet mitt i juli og sukka over at de ikke er noen middag eller varmmat på hotellet. Dette er nok ok for oss men en tankevekker både for bygda og hotellet. Håper iallfall at nye eigera ser muliheten i å drive hotellet langsiktigt, og at de vil gi resultat. Etter de jeg har forstått av div som driver innen hotellbransjen så blir de som regel ikke overskudd før dei har hatt drift i 4-5 år.Så de er med dette som med alt anna KAPITAL.
Dagfinn Strand
Hotellet og astronomi (15.01.2011 kl. 18:59)
Det er ein vesensskilnad frå den tida Otterlei dreiv hotellet og i dag. Det er konkurransesituasjonen. For tjue år sidan konkurrerte hotellet på Sæbø med langt færre, både på lokalmarknaden med arrangement, og på hotellsenger. Berre sjå på talet hotellsenger i Ålesund, som formeleg har eksplodert siste ti åra. Difor må nye eigarar, og vi må håpe dei kjem, nok inn med vesentlege investeringar for å få hotellet tidsmessig og i top stand. Det handlar ikkje berre om å ha eit tilbod, men det må faktisk vere best.
Elles både hyler og skrik eg over at Brian Cox har vore i Hjørundfjorden. Ikkje berre på grunn av mulegheitene for marknadsføring, men kanskje mest grunna mi interesse for astronomi. Eg deler ikkje høvding Majestix i Asterix si frykt for at himmelen ein dag vil falle i hovudet på oss. Tvert i mot let eg meg stadig fascinere over kva forskarane finn ut om solsystemet og universet, og som opnar seg meir og meir for oss menneske. Her er Brian Cox ein eineståande formidlar, og det at han, i denne samanhengen, plasserer vesle Dalagubben i det enorme universet, er litt løye.
Rune Sæbønes
Nye eigarar (15.01.2011 kl. 14:44)
Nye eigarar og profesjonell drift av Sagafjord må kome snarast råd.
Det er ei tragedie at eit så særeige hotell og med slike fantastiske omgjevnader ikkje vert utnytta betre..
Var det så mykje meir turistar og blest om bygda enn i dag på den tida Otterlei & Co dreiv hotellet på ein slik god måte ?
Det må då være mogeleg også i 2011 ?
Alf Ole Aarseth
Marknadføringa må no omsetjast til aktivitet (15.01.2011 kl. 13:33)
Eg har sett mykje bra marknadsføring av Hjørundfjorden dei siste par åra. Store media ute i verda har vist denne vakre fjorden. Eg må spørje: Kven har fått slik gratisreklame i National Geographic for eksempel? Hjørundfjorden er allereie ute blant millionar av verdsborgarar.
Det ser ut for meg som problemet er å få omsett reklamen til forretning og aktivitet og dermed fast busetnad.
Er det rett som det blir skrive nedanfor her, at det ikkje er mogleg å få seg ein matbit på hotellet på Sæbø i sesongen, kan eg ikkje forstå anna enn at her bør det vere mogleheiter for ein eller annan?
Svein J. Urke
BBC filmar fortsatt (15.01.2011 kl. 01:17)
I dag har dei vore oppe i Strandafjella og filma.
La inn link nederst i stykket.
Arnfinn Mork
BBC/MARKEDSFØRING (14.01.2011 kl. 11:01)
BBC og markedsføring av Hj-fjorden er sikkert bra.
Men de vi må håpe på er at vi får inn sterke aktøra til å ta over hotellet på Sæbø, og som ser muligheter over lengre tid. Slik som dette har blitt drevet siste åra er ei skam, der folk ikke kan få seg en matbit en gang, og då snakka vi om juli mnd. Mange skriker når store aktøra som BBC skal filme vår vakre natur, men ka hjelper de når vi ikke har et godt drevet hotell som kan ta imot gjester som blant anna vil gå i fjella rundt Hj-fjorden.
Dagfinn Strand
Marknadsføring (14.01.2011 kl. 08:28)
Markndasføring må gjerast av nokon som kan faget. No fornermar eg nok fleire, men ein lokalpolitikar i Ørsta har neppe kompetansen. Dette krev både utdanning og erfaring og innsikt. Eg trur nok ikkje at det er sikkert at vi vil at korkje ØK eller lokale heltar skal styre med det på noko anna nivå enn å være flotte ambassadørar slik som turhistoriene og bilda til Knut og andre her på portalen og ellers.
Kjem såklart an på kva ein vil oppnå.
For å sette ting i perspektiv har Twittermeldinga til Brian Cox blitt sett av potensielt 160000 personar over heile verda som følger han på twitter, vidare har den blitt vidaresendt nokre hundre gonger så bildet som hittil (24t) er vist 6500 gonger sprer seg vidare. BBC programmet blir sett av millionar. Synd at Brian ikkje skreiv kvar han var på bildet, men eg har skreve det i kommentarfeltet under.
Håper vidare at Field Productions får filme her. Flotte bilder og fint fokus på naturen i f.eks denne på jutuben: http://www.youtube.com/watch?v=JMEC9-1Ki9A
(Berre forfilmen er sett av 50000 som de ser)
Arnfinn Mork
Reklame (14.01.2011 kl. 02:00)
Fyrst om Ørsta Reiselivslag. Denne organisajsonen skal ikkje lenger drive marknadsføring. Etter den nye organseringa av reiselivet i M og R, er det Destinasjon Ålesund & Sunnmøre som skal ha den biten. Etter mitt syn gjer dei det godt. Oppgåva til reiselivslaget er å lage aktivitetstilbod m.a.
Så om Ørsta kommune. Der er eg heilt samd i at kommunen må bruke Hjørundfjorden aktivt. Då må det i all rettferd sitt namn seiast at kommunen leverte løyve til BBC prompte, og brukte nettopp marknadsføringsverdien som argument.
Utfordinga overfor Ørsta kommune ligg ikkje administrativt, den gjengen handsamar etter eit lovverk og regelverk, og må halde seg til det. Sjølvsagt kan det utvisast skjøn.
Derimot kan det gjerast mykje politisk. Når fleirtalet av kommunestyrerepresentantane omtalar Hjørundfjord-saker som "der borte", er det unekteleg ein veg å gå. Sjølvsagt burde dei ha sagt "vi" og "her".
Nokon av kommunestyrerepresentantane offar seg over at Ørsta kommune framleis er tre kommunar. Dette kjem oftast frå sentrumsrepresentantane. Diverre er dei i reiselivssamanheng dei verste i så måte.
Når det gjeld påverknadskraft som redaktør i Møre-Nytt er eg tilhengjar av at sakene skal tale si eiga sak.
Elles meiner eg at BBC-vitjinga i Hjørundfjorden er ei så stor sak at vi berre må bu oss på førespurnadene. Det er det denne tråden bør handle om, ikkje Møre-Nytt, kommunen eller manglande marknadsføring av Hjørundfjorden.
Rune Sæbønes
Takk til både den eine og andre (14.01.2011 kl. 00:05)
Men Rune, kva tid skal du ta til å bruke påverknadskrafta di? Eg ser - og svært mange med meg - at fleire og fleire gjev positiv omtale av Hjørundfjorden. Vi har kort og godt fått utruleg mykje omtale i ulike magasin, tidskrift og fjrnsynsprogram - og vi veit at meir kjem. Personleg opplever eg også at ulike firma og organisasjonar vil kjøpe foto. Det er det sikkert fleire andre som gjer.
Men ser vi at dette i reklamen for turismen, vert dette brukt av t.d. Ørsta reiselivslag? Viser det godt nok att i avisene? Og kva vil skje med den kommande søknaden om filming-/bruk av helikopter? Eg veit ikkje, men eg er sikker på at andre kommuner/andre reislivsbedrifter ville ha utnytta all denne PR-en mykje betre enn Ørsta. Eller er det slik som Naturvernforbundet seier - Sunnmørsalpane/fjella i Ørsta har fått nok reklame? Eg trur redaktøren må ta opp denne problemstillinga i avisa ved eit passande høve.:)
Knut Hustad
Store ord (13.01.2011 kl. 23:04)
BBC brukar sjølve store ord om dei stadene Brian Cox vitjar for å fortelje om universet:
In another epic series, Brian visits some of the most dramatic parts of the globe to explain the fundamental principles that govern the laws of nature – light, gravity, energy, matter and time.
With the world's most profound science at its heart, Wonders Of The Universe reveals how the story of humanity is intimately entwined with that of the complex story of the origins of the universe.
Rune Sæbønes
Kjempemessig (13.01.2011 kl. 14:19)
Dette er faktisk ganske stort. Brian Cox fekk gedigne sjåartal på serien "Mysteries of the Solar System", sjølv om serien ikkje gjekk på hovudkanalen til BBC. Rundt om kring i verda er det no store forventningar til oppfølgjaren. Dette vert utruleg Hjørundjford-reklame. Det store spørsmålet er kva fenomen i universet Cox vil fortelje om med vitjinga i Sunnmørsalpane.
Rune Sæbønes