IMG_8317

Tangoen vert også dansa på gatene. Her i bydelen Boca.

 

Reisebrev frå Argentina, del 5:

Ein siste tango i Buenos Aires –

Buenos Aires er tangohovudstaden i verda. Er ein i Buenos Aires, er det uråd å unngå å verte påverka av musikken og dansen.

Argentinarane er stolte av tangoen. Dansen er ein del av det nasjonale kulturuttrykket. Sjølv om Argentina og Buenos Aires i like stor grad som andre område av verda vert påverka av moderne populærmusikk, held tangoen stand.

Tangoen vart utvikla i fattigkvartera i Buenos Aires. Særleg i bydelen Boca står tangoen sentralt – saman med fotball. Der kan ein enno sjå tango verte dansa i gatene, og då ikkje berre den tangoen som vert arrangert for turistar.

 IMG_8647

Bandenon er det sentrale instrumentet når tango skal spelast i Buenos Aires.

Bandenon

Tango er ein av dei mest populære pardansane i verda, og musikken har også spreidd seg. Tangoen er t.d. eit av musikkutrykka for Paris, og kjende slagerar i Noreg har også vore tangoar.

Det sentrale instrumentet i tangomusikken er bandenon, eit slags trekkspel. Instrumentet skal ha kome frå Tyskland til Argentina, og vart raskt teke i bruk som det verkelege tangoinstrumentet.

Argentina har fostra ei rekkje tangokomponistar, tangosongarar og tekstforfattarar. Tekstene i tangoen handlar om kjærleik, og oftast om tapt kjærleik. Det ordet som mest hyppig går att i tekstene, er «corazon», som tyder hjarte.

IMG_8666

Tangoshowa er spektakulære, og nokre av verdas beste dansarar er på scena.

Tangokveld

Ein er ikkje i Buenos Aires utan å få med seg ein tangokveld. Mange stader i byen vert det halde slike show. Dei vert haldne i teatersalar og – salongar, og kan også kombinerast med ein middag. Turistar kan også få seg tangokurs i samband med slike tangoshow.

Showa fortel om tangoen si historie, korleis det vart spelt og dansa i Buenos Aires sine fattigstrok, og korleis han etter kvart erobra høgare sosiale lag, og vart teken inn i varmen. Dansarane på desse showa er dei beste Argentina kan by på. Det er fleire verdsmeistrar og nasjonale meistrar blant dei som opptrer.

 IMG_8632

Utanfor Buenos Aires, som i Salta i nordvest-Argentina, vert det dansa meir folklore. Dansane er tydeleg spansk-inspirerte.

Folklore

Men ein kan sjølvsagt også danse tango, og på Buenos Aires sine svært mange klubbar og utestader, er det tangodans langt ut i den seine natta.

Reiser ein ut av Buenos Aires, vil ein oppleve at tangoen ikkje er den einaste folkloren. Den argentinske gaucho-kulturen har også sine dansar og sin eigen musikk. Han er tydeleg spansk-inspirert. I ein by som Salta, heilt nordvest i Argentina, er det til dømes flust med såkalla Penas, der det vert dansa ymse gaucho dansar og spelt folkemusikk.

 IMG_8323

Gaucho-dans for turistane i Boca i Buenos Aires.

Gaucho

Gauchoane er det argentinske svaret på cowboyar, og er dei opphavlege ferøktarane ute på den endelause argentinske pampasen. Sjølvsagt var det hardt arbeid å passe og stelle dyra, men det vart også tid til sosialt samvære, og i slike samanhengar utviklar det seg dans og musikk.

Men tilbake til Buenos Aires, og tangoen. Han er ein del av dagleglivet. Mest uansett kvar ein reiser i byen, ser ein tangobutikkar, tangokostyme og ein høyrer musikken.

 Skal+vi+danse

Artikkelforfattaren har i alle fall grunnsteget i orden...

Turistindustri

Mykje er sjølvsagt retta mot turistar, og i Buenos Aires er tangoen verkeleg også turistindustri. Kvar grensene går mellom det turistifiserte og det genuint ekte, er vanskeleg å definere. Men det var ei vel så stor oppleving å vere ute på ein klubb med tangomusikk som å vere til stades på eit tangoshow ein laurdagskveld.

Planen var sjølvsagt å ta seg ein svingom, men når ein såg nivået på dei som dansa, innsåg ein at nokre timar med tango på Volda-gymnaset for altfor mange år tilbake nok var eit for spinkelt grunnlag til å byde opp og hive seg ut på dansegolvet. Denne gongen.

 

Rune Sæbønes