Reisebrev frå Argentina, del 4:

Fotball på argentinsk

055

Her er artikkelforfattaren på plass på stadion.

Tribunane gynger, og lydnivået er det høgaste eg har opplevd. Stemninga er elektrisk. Det er seriekamp mellom to av Argentina sine mest tradisjonsrike lag, Independiente og Boca Juniors.

Det er mange land som har gjeve seg sjølv stempel som fotballnasjonar. Argentina er eit land som fortener stempelet. Argentina har vunne verdsmeisterskapen i fotball to gonger. Klubblag har vunne både den søramerikanske meistercupen fleire gonger og den interkontinentale finalen mellom beste europeiske og beste amerikanske lag.

 IMG_8324

Balløkkene i Buenos Aires har fostra fleire av fotballen sine store stjerner. Her er ei løkke i Boca.

Flest topplag

Spesielt i Buenos Aires er fotballen sentral. Det heiter seg at dette er den byen med flest topplag i den nasjonale ligaen på verdsbasis. Dei tre mestvinnande laga i Argentina er Boca Juniors, River Plate og Independiente, og er alle frå Buenos Aires.

Fotballen kom til landet med dei europeiske immigrantane, og sjølv om Argentina er eit spansktalande land, er impulsane frå andre land like store som frå Spania. Særleg italienske immigrantar sikra at fotballen vart ein viktig og sentral del av kulturen då den nye nasjonen vart bygt på 1800-talet.

Lenge var Argentina likevel i skuggen av Brasil. I alle fall når det galdt landslag. Det gjekk både på resultat, og på måten fotball vert spelt på. Det seiest at ein kan sjå den kulturelle skilnaden mellom desse to nasjonane i både dans og fotball. Den brasilianske fotballen er som zambaen, han er laussleppt og ekstatisk. Den argentinske fotballen er meir som tangoen, kalkulert, men også med lidenskap.

IMG_8671

Independiente sin stadion er under ombygging, og er halvferdig. Høgt på tribunen var det ein god svai då publikum hoppa, og det var berre å håpe at ingeniørane hadde rekna rett.

Rå og omsynslause

 

Der Brasil vann fotballhjarta over heile verda, tok det tid før Argentina skulle oppleve det same. I fotball-VM i 1966 vart argentinarane kritiserte for rå og omsynslaus fotball. I 1978 vart Argentina verdsmeistrar på heimebane. Landet arrangerte VM under militærdiktaturet, og det kom i ettertid fram at juntaen betalte Peru si målvakt for å sleppe inn nok mål i ein avgjerande kamp i sluttspelet. Det gjorde at Argentina kom til finalen mot Nederland, og ikkje Brasil.

 IMG_8685

Boca-fansen visste å markere seg.

Diego Maradona

I 1986 vart Argentina verdsmeistrar igjen, og då var Diego Maradona på laget. Han trollbatt fotballpublikum over heile verda med fotballkunsten sin. Det heiter at Maradona er den einaste som har vunne eit fotball-VM åleine. Særleg i kvartfinalen mot England var han sentral, på godt og vondt. Først gav han Argentina leiinga med det som han sjølv kalla «Guds hand». Han boksa ballen i mål med handa i duell med Englandmålvakt Peter Shilton. Berre nokre minutt seinare skjedde det som har vorte ståande som eit av fotballen sine finaste augneblink. Maradona fekk kontroll på ballen på eigen banehalvdel, og sette i gang eit raid mot England-målet der etter kvart halve det engelske landslaget vart lurt opp i stry og delvis opp på tribunen. Maradona skåra, og Argentina sikra seg vidare avansement.

 IMG_8703

Martin Palermo (i blått) er den store stjerna på Boca, og Maradona sin gode venn. Det gav han plass i VM-troppa til Argentina.

Mytar

Men på grunn av målet med handa, og på grunn av at Argentina i 1978 betalte seg til ein finaleplass, har det festa seg eit inntrykk av juks når det gjeld argentinsk fotball. Likevel må det seiast at mytane har ein tendens til å forsterke seg sjølv. Det er nok ikkje lenger slik at Argentina spelar meir kalkulert og kynisk enn Brasil. I siste fotball-VM, var det Brasil som spelte kalkulert og keisam fotball, medan Argentina, under leiing av Maradona, spelte ein offensiv og morosam fotball som også skulle verte laget si bane. Mot Tyskland i kvartfinalen vart Argentina sjanselause.

 Diego Maradona er framleis den store fotballhelten i Argentina. Men han er ingen gudefigur, slik det vert hevda i europeiske media. Då kanskje med unntak blant fansen til Boca Juniors, Maradona sin kjære klubb.

 – Maradona var verdas beste fotballspelar, men han er ingen god trenar, og som menneske gjer han og seier han mykje rart. Han burde halde munn, sa fleire til meg under opphaldet i Argentina.

 IMG_8682

Ingenting å seie på reklameinnslaget før kampen.

Rivalisering

Rivaliseringa mellom fotballklubbane i Buenos Aires er intens. Eg var så heldig å få sjå lokaloppgjeret mellom Independiente og Boca Juniors på Estadio Libertadores de América, Independiente sitt stadion.

Fotballbana ligg sør i Buenos Aires, og berre tre kilometer frå Boca Juniors si heimebane, La Bombadera.

Stemninga før kampen var intens. Som turist bør ein ikkje gå åleine påeit slikt nabooppgjer, og eg valde då også å verte med eit følgje til kampen. Då var det om å gjere å kle seg i nøytrale fargar, og ikkje på nokon måte vise sympati med nokre av laga, i alle fall ikkje gjestene.

 IMG_8711

Klikk på dette biletet for å gjere det større. Då vil de sjå at dommaren har merka av muren sin avstand frå ballen med barberskum. Noko for lokale dommarar?

Stemning

Independiente sitt stadion er under ombygging, og skal verte heilt nytt. Berre tre av fire tribuneseksjonar kan seiast å vere nokolunde ferdige, og vel inne på stadion, så høgt oppe på eine langsida som ein kunne kome, kjende ein det gynga i betongen på grunn av hoppande og dansande tilskodarar. Då var det berre å håpe at ingeniøren hadde rekna rettpå forholdet mellom svikt og toleevne i betongen.

Støynivået var det høgaste eg har opplevd på ein fotballstadion, og under heile kampen var det synging og speling frå tribunane.

 

Mødrer

Eg kan ikkje særleg mykje spansk, mmen nok til å skjøne at det ikkje var godord som kom frå publikum når dommaren bles feil veg, eller når ein av spelarane på Boca Juniors kom med ei stygg takling. Då handla tilropa om mødrene til dommaren eller spelarane på Boca. Og det var ikkje noko pent som vart sagt.

Sjølve kampen var intens, men enda 0–0. Etter kampen var det tydeleg at dette var eit lokaloppgjer der risikoen for samanstøyt vart vurdert som høg. Difor vart Boca-tilhengjarane først leia ut av stadion. Det tok faktisk tjuefem minutt før alle dei andre kunne gå ned frå tribunane og ut i gatene.

 

Fotball på argentinsk er lidenskap og innleving. Det er absolutt noko ein må få med seg om ein vitjar landet.

Rune Sæbønes

 IMG_8690

Fotball på argentinsk er lidenskap. Lydnivået er det høgaste eg har opplevd på ein fotballstadion.