Generasjonskorpset på Sæbø har fått ny dirigent i haust og ho har funne fram til eit repertoar som passar korpset godt. Oddhild Kalvatn er ei frisk jente som tok utfordringa på strak arm då vi mangla dirigent frå hausten av. Ho speler til vanleg baryton i korpset, men i  sommar gjekk ho dirigentkurs og no er det ho som svingar taktstokken.

Medlemane i generasjonskorpset ønskjer sterkt at fleire skal kome og spele i lag med oss. Vi veit det er mange dyktige musikantar i Bondalen og instrument ligg klar og ventar.

Spesielt ønskjer vi oss unge musikantar, men korpsmusikarar held seg unge, så alle aldrar er like velkomne. I dag er vi i alderen 10 - 75 år og har det svært kjekt på øvingane, men dei yngste saknar forståeleg nok fleire på deira alder. Så skal vi klare å halde liv i korpset på Sæbø må nok fleire vere med.

Publikum 2009

Den årlege julemarknaden er den viktigaste inntektskilda til korpset og vi er utruleg takknemlege for den gode oppslutnaden arrangementet har.

Bruder MF traktor

Julemarknaden er som ein basar med sal av lodd på bok, tombolalodd, årer og gode kaker og smørbrød.

Vi har ofte flotte gevinstar og også i år har vi opplevd at bedrifter i Ørsta og på Sæbø gjerne støtter oss med flotte gevinstar.

Julemarknaden har også i år gevinstar som dei yngste vil verte glade for å kunne få med seg heim.

Frå Felleskjøpet har vi igjen fått ein stor, flott John Deer trøtraktor (verdi kr. 900,-)

Frå Eik-senteret har vi fått ein Bruder Massey Ferguson traktor med tømmerhengar (sjå bilete over)

Dokkevogn

og frå dei kjekke damene på strikkekaféen på Sæbø har vi fått denne flotte dokkevogna.

Ryggsekk

Sport 1 i Ørsta har gitt oss ein flott Bergans tursekk 30 liter 

Tøfler

Korpsmedlemar og deira mødrer/ektefeller har ordna med tova tøfler og sitjeunderlag. Det kan passe godt no i denne kulden. 

Duker

Frå Princess-butikken i Ørsta kom ein heil stor forundringspose med duker, laken, handdukar og bordløparar.

I tillegg har vi fått gåvekort frå Ose & Årseth, bilvask frå Shell, CD av Egil Olsen, Statoilkopp frå Statoil, ryggsekk frå Tussa, eit flott lite bord frå Myklebust miljømøbler, Kanutte Strand hadde ein Mariusgenser til overs som ho gjerne ville gi oss (!) og Monica Follestad har strikka oss eit teppe. Her er fleire gevinstar så vi håper de tek turen til Bondalen grendehus søndag og prøver vinnarlukka.

Frå korpsvener får vi tombolagevinster og Knut Hustad stiller som programleiar.

Det er kjekt å spele i korps når ein opplever slik velvilje!

Vi gler oss til å få spele for dykk søndag.

Velkomne!