Igjen opnar bakeriet, bakeriutsalet og kafeen ved ferjekaia på Sæbø. No er det julesesongen som no står for døra. Opningstidspunktet er fredag den 3. desember klokka 1000. Kvardagane held bakeriet ope til klokka 1630. Laurdagane er opningstida frå klokka 1000 - 1430.

Bakar Dagfinn (Daffa) steikjer det meste i den gode steinomnen sin.
Det er altsåStrands bakeri som opnar dørene igjen. Og det er ikkje berre bakar Dagfinn Strand som er klar. Kona Kanutte (Nutte) er sjefen i butikken og kafeen. Som vanleg vil ho selje alt frå Hjørundfjordbrødet til kransekaker. Ho har vel omtrent alt som finns av bakarvarer - sjølvsagt også julebrød og alle sortar småkaker. God kaffi også. Ja, ja, - skulebollane er der.
Nutte og Daffa ynskjer alle velkomne til bakeriet no i adventstida.
Ringverknadar (05.12.2010 kl. 12:23)
Kanskje damene ville kjøpe brød på Sæbø fordi dei alikevel skulle til Rise for å kjøpe seg ferske egg, og når dei fyrst var på Sæbø, så stakk dei innom kjøpesentera våre også.
At vi har eit bakeri med ferske brød i sommarsesongen og i høgtidene er ei stor og uvurderleg verdiskaping for heile bygda. Håper Daffa og Nutte har noko igjen for innsatsen dei gjer.
I allefall ynskjer eg dei ein skikkeleg god julehandel og det skulle ikkje være kvaliteten og smaken på gjærbaksten, som skulle være årsaka til at handelen ikkje skulle gå bra!
Ivar Svein Mo
Etterlengta (04.12.2010 kl. 23:27)
Eg overhøyrde fredag ein samtale på KiWI meieriet i Ørsta. Der var det to damer som misnøgde stod ved brødhylla. Dei konkluderte med at dei let vere å kjøpe brød, og i staden ville dei reise til Sæbø. Lukke til med julehandelen, Nutte & Daffa.
Rune Sæbønes