Kanskje er det slikt som høyrer med, men Hjørundfjordkalenderen 2011 kjem eit par dagar seinare ut frå trykkjeriet enn rekna med.  Likevel er Steffen Djupvik Brandtzæg hjå Egsetviketrykk AS i Volda temmeleg sikker på at kalendrane skal vere ferdig tidsnok til at dei kan vere i butikkane på Sæbø på laurdag.  Det må likevel strekast under at vi har fått sett det trykkjeferdige resultatet på pc. Det ser ut som om Brandtzæg har gjort eit glimrande arbeid.  Sjå framsida under.

21275_hjorundfjordkalender_2010_framside
Vi kan slå fast at Hjørundfjorden er vakker - også i måneskin, og at fotografen, Fotograf MA, kan sitt fag. Klikk på fotoet for å få det i stor versjon.

Vi som laga hjørundfjordkalenderen sist var ikkje heilt nøgde med den sida datoane m.m. stod på - kalendariet. Fargane var sprikjande og språket var ei blanding mellom bokmål og nynorsk.   Vi meiner at Hjørundfjordkalenderen 2011 har blitt betre også på dette området.  Sjå foto av resultatet under.

21275_hjorundfjordkalender_2010_januar
Slik vil kalendariet ta seg ut.


Eg kan ikkje seie anna enn at eg er imponert over alle som ikkje bur i Hjørundfjorden, men som likevel må vere innom portalen ganske så ofte.  Anna forklaring er det vanskeleg å sjå i all den dag så mange frå heile Sør-Noreg har tinga kalenderen. Tusen takk.

Elles vil Hjørundfjordkalenderen 2011 vere å finne i butikkane på Sæbø - og sikkert også på Urke - no frå fyrstkomande helg. Men sjølvsagt kan kalenderen framleis  kjøpast/tingast på e-post eller telefon.  Her er mange att, men sist vart lageret utseldt.

Som nemnt er det i år fleire foto frå Storfjorden-området (Bjørke, Skjåstaddalen...) i kalenderen. Det er ingen butikk i dette området, men vi sender gjerne kalendrar hit også. Prisen er den same  anten ein får han tilsendt eller om ein kjøper i butikk - kr. 180,-  pr. stk. inkl. mva.  Elles vil kalenderen bli sendt ut i løpet av helga til dykk som allereie har tinga.

For meir informasjon:  Klikk på annonsen i venstre marg her på hjorundfjord.no.