Alle som har tinga Hjørundfjordkalenderen 2011 skal no ha fått kalenderen tilsendt - og dei aller, aller fleste har også fått han.    Fred Ingar (Somby) og underskrivne, vi som har fått laga 2011-utgåva, meiner at denne kalenderen er betre og meir profesjonelt laga enn den forrige.   Fleire positive tilbakemeldingar tyder også på at de som har kjøpt denne siste utgåva, er samde med oss.

Juli
Juli-fotoet.  Frå Maude i Norangsfjorden

Så langt har vi fått berre godord om Hjørundfjordkalenderen, men vi har fått eit par klager på at vi har informert for lite, m.a. lurer eit par på om kalenderen framleis kan kjøpast og om der er att fleire på lager.

Ja, Hjørundfjordkalenderen kan framleis tingast - berre klikk på annonsen i venstre marg her på portalen så får du dei opplysningane som du treng.  Tingar du kalenderen den eine dagen lovar vi at vi sender han seinast neste dag.  Erfaringa vår seier at kalenderen, som vert sendt som brev, kjem fram ein til to dagar etter postlegging.  Tingar du kalenderen no i løpet av helga har du han heilt sikkert før jul.  Men du kan også tinge han seinare - det er mange dagar att av året.  Vi går nok heller ikkje tome. 

Kalenderane kan også kjøpast på alle butikkane her i Hjørundfjorden.  Det same kan han gjerast i bokhandelen Bok og Miljø (i det tidlegare postkontoret) i Ørsta.

November
Fleire av kalenderkjøparane har dette fotoet, teke av Knut Riise, som favoritten.  Dette er novemberfotoet i kalenderen.  Knut Riise har også teke mai-fotoet.

Trykkeriet i Volda, www.egsetviketrykk.no, har absolutt gjort ein god jobb.