Frå Hjørundfjord                                    Slå opp innhaldsregisteret til bok 32

er ei sårbok som kjem ut først i desember kvart år. Vi ønskjer med årboka å styrkje interessa for historie og knyte band mellom folk før og no. Samstundes ønskjer vi å nå utflytta hjørundfjordingar og minne om forfedrane deira sin kamp for levebrødet, om gode og vonde dagar.

     Denne årboka har ikkje noko hovudtema, slik Frå Hjørundfjord  tradisjonelt har hatt. Dei siste åra har vi arbeidd med næringsverksemd av ulikt slag, og også dette året har vi nokre artiklar om dette emnet. Eli Anne Tvergrov har skrive om handelsmenn på Ytre-Standal, medan Per Urke har ansvaret for artikkelen ”Handel på Øye”. Einar Standal har gått grundig inn i emnet vedhogst og lauvskogsdrift. Broren, Arnfinn Standal, har skrive om Per Flo og hans verksemd. Få arbeidsgjevarar i Hjørundfjord har sysselsett så mange. Magne Årseth har skrive om utbygginga av linjenettet i Hjørundfjord. Denne utbygginga gav voner for auka næringsverksemd i Hjørundfjord.

Årboka-10-Korbogen

Herren bevare din indgang
og din udgang fra nu og til
evig tid”

    Hjørundfjord har hatt overskot på arbeidskraft, og mange ungdomar såg someinaste utveg å reise ut. Mange har vorte ressurspersonar der dei kom. Brørne Samuelsen har skriftfesta ei forvitneleg historie om Hans Bjerke frå Knutegarden på Bjørke.

      ”Herren bevare din indgang og din udgang fra nu og til evig tid”, står det i gotisk skrive over korbogen i Hjørundfjord kyrkje. Mange born fram gjennom tidene har kava med å tyde denne teksta. Men salme 121 vers 8 i Bibelen fortel at dette er eit feilsitat. Kva skjedde og kvifor har dette feilsitatet fått stå i 130 år? Per Urke har gått djupt inn i denne problematikken. Bygdebokredaktør Gunnar Ellingsen vekkjer til live Hjørundfjord for 100 år sidan. I ”Dagbok for 1910” møter vi Andreas J. Kvistad i det daglege med utfordringar, gleder og grubling.

      I år er det 90 år sidan Bjørke kyrkje vart innvigd. Brit Johanne Saure g. Hustad fortel i ein stil korleis ho opplevde konfirmasjonen sin i den nybygde Bjørke kyrkje i 1920. Ein 17-åring kjem til Urke som lærar hausten 1960. Vi får høyre om korleis ho opplevde skulen

Årboka-10-kommunestyret
Det siste kommunestyret i Hjørundfjord (1960-1963)

og bygdesamfunnet for 50 år sidan. Året 1960 startar med at  politikarane i Hjørundfjord kommune i eit langt grunngive vedtak til Møre og Romsdal Fylkesting gjer klinkande klart at ein samla folkevilje i Hjørundfjord ville motsetje seg ei samanslåing av Vartdal, Ørsta og Hjørundfjord kommunar. Underteikna har kika litt i møteboka til kommunestyre og formannskap for januar 1960 for å finne argumentasjonen  som vart brukt for å berge seg unna samanslåing.

     Denne gongen prøver skriftstyret med eit nytt opplegg for å få fram i lyset flest mogleg tankevekkjande og gode bilete som ligg og støvar ned i gamle album. Bilete fortel om Hjørundfjord skal fortelje om folkelivet i helg og yrkje, slik det var for 50 år sidan, og vi vil sjå at mykje har endra seg. Denne fotokavalkaden har skriftstyret tenkt skal verte ein årviss praksis, men dette krev at mange leitar i albuma sine og finn sine blinkskot og lar skriftstyret låne dei for komande årsskrift.

     Det er i år 70 år sidan siste verdskrigen starta i Noreg. Vi har tre artiklar med emne frå krigsåra. Forfattaren Dag Skogheim fortel om faren sine opplevingar på passasjerskipet ”Prinsesse Ragnhild” under den tyske bombinga av skipet inne i Hjørundfjorden.

Årboka-10-Bilete-fortel-196
Bilete fortel om Hjørundfjord kring 1960

Otilie Klokk fortel levande frå det store flyslaget over Hjørundfjord 16.februar i 1945. Otilie, som har vore ein så god bidragsytar til Frå Hjørundfjord, gjekk bort i år. Vi takkar så mykje for innsatsen for sogelaget. Fredspreika til sokneprest Henry Slotten greip ei fullsett Hjørundfjord kyrkje  den lukkelege 8.-maidagen i 1945. Denne preika er trykt opp i årets Frå Hjørundfjord.

     Stein Nupen skriv om Pegarden på Skylstad, medan underteikna fortel om det strevsame livet til Ingebrikt Hjellen, og følgjer sporet etter den eine sonen, Ole. Det viser seg at heller ikkje hans liv vart attelitlaust. Synneve Aarskog fortel om tider då ”alt måtte gjerast med handemakt” på Saltre, medan Palma Irene Sandvik leitar fram gamle minne frå Bjørke. Begge desse artiklane er tidlegare trykte i Møre-Nytt.

   Det var sanneleg ikkje enkelt for alle dei skuleborna i Hjørundfjord som måtte ligge vekke heile veker i skuletida si. Særleg var det vanskeleg når ein var 7 år ogkunne sjå, men ikkje nå, heim. Jon Stennes fortel om skuletida si på Urke. Bjarne Hustadnes, Leiv Øye Nordang og Rasmus Kvistad fortel levande småhistorier om ein lisjedreng, Store-Per på Norang og sauehunden Flekk. Skriftstyret ønskjer meir slikt forteljande stoff.

Årboka-10-Dagbok-1910
Dagbok for 1910 av Andreas J.Kvistad har vore eit fast innslag

Hjørundfjord sogelag ønskjer å rekruttere yngre bidragsytarar, særleg er det interessant å høyre om korleis dei opplevde å vekse opp i Hjørundfjord – og kva ballast dette har gitt. Ingrid P. Viddal har fortalt frå oppveksten sin på Viddal i 1970- og 80-åra. Slike artiklar treng vi  fleire av. Årsrevyen har vorte ein tradisjon – ein god tradisjon. Og tradisjonen tru er det redaktøren i Møre-Nytt, Rune Sæbønes, som presenterer viktig og spesielt Hjørundfjord-stoff siste året..

     Korrekturarbeidet har vorte utført på vanleg måte. Kvar artikkel vert vurdert for seg sjølv. Skriftstyret vil til slutt takke alle som på ein eller annan måte er med på prosjektet Frå Hjørundfjord; som artikkelskribentar, med bilete, som munnlege kjelder, eller som seljarar av den ferdige boka. Skriftstyret er imponert over kor velviljuge folk er!

     Heilt til slutt eit hjartesukk. Det er eit trist faktum at folketalet i gamle Hjørundfjord kommune no har kome under 1000 menneske. ”Attende til naturen”, proklamerte den franske filosofen allereie på slutten av 1700-talet. I Hjørundfjord kan ein absolutt leve det gode liv. Dei som er interesserte i eit aktivt fritidsliv kan finne sitt eventyrrike i Hjørundfjord. Her er ypparleg jaktterreng, ein fiskerik fjord, idylliske fjellvatn med aure og fleire lakseelvar med stort potensiale. Naturen er overdådig vakker i blomeprakt og haustdrakt og gåvmild med bær og sopp, og på toppturar i fjellheimen kan ein nyte dei vakraste syn. På stigar i fjellsida og i dalbotnen kan ein finne ro og harmoni i stilla og styrkje seg fysisk og psykisk. Ein varm sommarkveld med færing på spegelblank fjord der du kan

”Ro stilt langsmed landet, med glede i sinn”, slik mange gjennom hundreåra har gjort. Men respekten for naturen må alltid liggje i botnen 
”om skuggane legg seg på fjorden”.

Vi ønskjer og treng attendeflytting og nytilflytting i Hjørundfjord og slår trygt fast at ingen må tru at her ikkje er godt å bu.

For skriftstyret

Jarle Walseth, redaktør

 

Redaktøren av årsskiftet, Jarle Walseth, seier til hjorundfjord.no at han gjerne tek på seg oppgåva med å sende årsskriftet land og strand rundt.Ta kontakt og ting boka på e-post:  jarlewalseth@gmail.com  Eller telefon 70040131.

 

Prisen er Kr. 200,- og kr. 250,- inkl. frakt om du vil ha årsskriftet tilsendt.

(Ved å klikke på stikkordet nederst på sida kan du sjå alle bøkene som har omtale her på portalen)