Presis kl 20. starta programleiar Hilde Muren festen, og opna med å orientere om litt praktiske ting som rømingsvegar ved brann og vilkåra for skjenkeløva.

Til opning av programet underheld Einar Tvergrov og Yngve Frøland med song og gitarspel, før teatergruppa frå Åmdal UL tok over. Underhaldninga frå teatergruppa var på godt bondalsk "Steikje løye"

Etter teaterinnslaget las Marit Skare nemnda sitt bidrag til lagsbok. Små og store hendingar gjennom året vart nemnd, men ingen røyste seg og gjekk av festdeltakarane, så vi må nok kunne sei at alle hadde fått ei mild behandling.

Årets bondaling

Det siste innslaget var det stor spenning til, for her skulle festen få vite kven styret i BFUL hadde funne verdig til den gjeve tittelen for 2010. Det var 5 kandidatar som var nominerte- 3 damer og 2 karar. Alle var godt kvalifiserte, men styret avgjorde at ein hadde merkt seg spesiellt ut og var ein klar kandidat.

Leiaren i BFUL Janne Aamås Solhaug las opp talen som ho hadde skreve:

-Først vil eg informere litt om prisen i år. I mange år no har vi delt ut eit rosemåla fat fra hyttebutikken  i Ørsta, men no hadde vi lyst til å prøve noko anna. Dermed blei det i år dette flotte fatet her i glas. Den er laga av Lillian Stavem, som har verkstaden sin ned ved høgbrua.

-So over til den som skal få denne flotte prisen i år…. Eg kunna snakka lenge om denne personen, men er redd for at eg ganske tidlig villa avslørt kven det er snakk om. Derfor skal eg være kjapp…. Denne personen er alltid positiv og i godt humør, samme kor mykje mas og kjas det er rundt øyrene på han. Der andre kanskje villa gitt opp, går han på med friskt mot og han he alltid ein god ide på lur. Han har blant anna hjulpet oss i ungdomslaget med veldig mykje.
Han har i mange år vore mannen bak lyden på 17 mai feiringane på skulen, og vi kan takke han for at Bondalen grendehus er i så bra stand som det er i dag. Han har lagt ned mange arbeids timar her. Å då veit sikkert alle kven eg vil fram til…..
Årets bondaling 2010 er… Rune Mo!!!


Rune-som-årets-bondaling

Rune Mo vart årets Bondaling 2010.I tillegg til diplom fekk prisvinnaren eit flott glasfat som er laga av Lillian Stavem.

Prisvinnaren takka for heiderstildelinga og var svært glad. Spesielt var han glad for at det var BFUL som gav han denne utmerkelsen, for ungdomslaget var der han hadde begynt som 15 åring. Men for at han hadde kunna delteke i dette omfattande frivillige arbeidet, så var han avhengi av at familien godkjende at han stakk av frå heimelege gjeremål i tide og utide. Ei stor takk til kona mi Haldis som har vore tolmodig med meg, avslutta Rune.

 

Etter at programmet var slutt vart det servering av julemat og i år var det spekemat med tilbehør. Matykta var ein fin opplevelse før Kiles tok til å spele til dans.

Dans-med-Kiles

Kiles hadde ein variert musikk som gav danseglede til dei fleste.

 

Bente-og-Unni

Bente og Unni. To blide damer som gjorde det til ein fornøyelse å ta bilde.