Dei fortel at her blir blanding av gamalt og nytt, alt innanfor den tradisjonsrike ramma som vi alle er kjende med.  Her blir god spekemat til svoltne magar og høve til å trimme lattermusklane til eit underhaldande program med revygruppa i Åmdal UL. Utpå kvelden skal Kiles spele opp til dans, og alle danseglade bør ta på seg dei beste danseskoa sine.   

Har du ikkje sett av datoen enno, bør du gjere det snarast.  Meir informasjon finn du i aktivitetskalenderen og etter kvart her på portalen.

Hilde Muren

for festnemnda 2010

 

 

Foto: Ivar Svein Mo, 3dedagsfest 2008