Sæbøveteranane hadde i år 10 års jubileum for dette vellukka turkonseptet som vart starta i 2001, og jubileumsturen vart difor av komiteen ved Kenneth Nydal og Kjetil Leknes lagt til England, nærare bestemt Brighton.  Etter 9 år med turar innanlands måtte då Sunnmørsvikingane til England, fotballens heimland, og Brighton ligg fint til ved kysten kort veg frå London. No er Sæbøveteranane sjølvsagt ein fredeleg gjeng, så bortsett frå geografisk nærleik til Hastings så var denne turen lite å samanlikne med eit ekte vikingslag.  Kanskje bortsett frå internkampen då….

 

Drammen 001

Stemninga var god allereie på Gardermoen.

 

Drammen 008

Gjensynsglede! Her på toget mellom Gatwick og Brighton. F.v Jens A. Forbord, Sverre B. Hjorthaug og Audun Lyshagen.

 

Heile 16 mann hadde booka seg inn på årets tur, 4 av dei har faktisk vore med på samtlege 10 turar (!), og sidan me skulle utanlands på jubileumsturen så la me inn ein ekstra dag med avreise torsdag 21 oktober.  Dette skapte litt forvirring sidan me alltid brukar å dele inn lag til internkampen fredagskvelden, men sidan internkampen i år skulle gå midt på dagen fredag, så vart det for fyrste gong laginndeling rett etter frukost fredags morgon.  Så grytidleg på dag vart det dermed ei veldig roleg lagtrekning utan store diskusjonar eller dramatikk av noko slag…historisk det også :)

 

Drammen 018

Raudt lag. Dette er bortedraktene til Brighton & Hove Albion. Dommar Alfie ser ut til å sympatisere med raude drakter..
F.v Alf Ole Aarseth, Vidar Holen, Odd Rune Walseth, Rolf Egil Riise, Oddmar Aklestad, Arnt-Egil Hjellen, Knut Inge Haugen. Fremst; Henning Nydahl.

 

Drammen 020

Blått lag. Heimedraktene til Brighton & Hove Albion, kjøpt inn etter pruting på ekte vikingvis. Kjekke kara!
Bak f.v: Bård Forbord, Sverre Børge Hjorthaug, Jens Arve Forbord, Kenneth Nydahl.
Framme f.v: Svein Jon Holen, Øyvind Ose, Audun Lyshagen, Svein Ove Walseth.

 

INTERNKAMPEN.

Henning Nydahl og Jens Arve Forbord som starta dette turkonseptet tilbake i 2001 var naturlege kapteinar for kvart sitt lag i årets jubileumskamp, eller i ”slaget ved Hastings” om dokke vil. Kampen gjekk i eit stort parkområde eit lite stykke utanfor sentrum.  Preston Park er eit friluftsområde med fleire fotballbaner og leikeområder for born.  Veteranane klarte så vidt å styre unna leikeapparata, og gjekk rett til fotballbana.

Me var nemleg ivrige etter å prøve dei nye Brightondraktene me hadde handla inn i supportersjappa eit par timar tidlegare. Der handla me inn 8 heimedrakter og 8 bortedrakter, så det skulle i alle fall ikkje stå på utstyret i dette slaget på engelsk jord. Det var stor stemning i supportersjappa då vikingane skulle handle, og då Jens Arve forklarte med grov røyst og stø nordisk aksent at me var ”from Norway and just had arrived from a bloody battle at the Northern Hebrides” ja så turde dei ikkje anna enn å gje oss ein solid rabatt på draktsettet!

 

Drammen 027

Grunnleggarane av veteranturkonseptet, Jens Arve Forbord og Henning Nydahl var naturlege kapteinar i 10 årsjubileet.

 

 

Drammen 047

Svein Jon Holen og Bård Forbord er klare for internkamp. Er dei like blide etter kampen?

 

KAMPFAKTA INTERNKAMP:

Raudstripete Brightondrakter.
Henning Nydahl (kaptein), Rolf Egil Riise, Oddmar Aklestad
Knut-Inge Haugen, Vidar Holen, Audun Lyshagen, Arnt-Egil Hjellen (tok over keeperjobb etter strekk)

Blåstripete Brightondrakter.
Jens Forbord (kaptein),  Øyvind Ose, Bård Forbord, Kenneth Nydahl, Svein Ove Walseth, Sverre Børge Hjorthaug, Svein Jon Holen, Odd Rune Walseth (keeper)

Dommar:
Alfie (bestod ikkje den medisinske testen etter strekkskade før avreise)

Resultat:
10-8 til raudt lag
3 x 20 minutt = (2-2), (5-1), (3-5)

Målscorarar Raudt: Rolf Egil Riise 3, Knut Inge Haugen 3, Audun Lyshagen 2, Henning Nydahl 1, + eitt sjølvmål (Bård)

Målscorarar blått:
Øyvind Ose 4, Sverre Børge Hjorthaug 2, Kenneth Nydahl 1, Jens Forbord 1

Banens 3 beste:
Oddmar Aklestad 3p, Rolf Egil Riise 2p, Øyvind Ose 1p.                
Vinnar straffekonk: Bård Forbord

 

Drammen 055

Bård Forbord var på tapande lag i internkampen men er sikker frå straffemerket og vann greit den konkurransen.

 

Sjølv om det alltid er høg temperatur og full prestisje i desse internkampane så vart ikkje denne jubileumskampen verken direkte spanade eller blodig, til det hadde det raude laget for god kontroll. Temperatur i kampen var det i grunnen mest då dommaren prøvde å innføre nokre nye reglar for indirekte frispark. Dette fordi keeper Arnten praktiserte ekstrem uthaling av tid. Men veteranane var årvåkne og let seg ikkje lure, det glimta hissig i nokre vikingauger, men Alfie lot dei gule korta ligge i lomma. Kun første omgangen var fotballmessig jamn og etter ein meget god 2 omgang av raudt lag leda dei heile 10-4 då kampen var midtvegs i 3 omgang. Raudt lag slapp seg då litt nedpå siste 10 minutta i rein sympati med det blå laget som trass alt hadde dei nyaste heimedraktene til Brighton.

 

 internkamp

Audun Lyshagen set ballen i nota !

 

Det var 2 omgangen som la grunnlaget for sigeren, anført av ein meget god Oddmar Aklestad som stoppa det som kom av angrep frå blått, og ein Rolf Egil Riise i solid form som hadde god boltreplass på midten og stod bak fleire mål og assistar. Henning Nydahl knebla greit kapteinskollega Jens, og Vidar Holen hadde tydeleg trent inn mot turen og var meir løpsvilleg enn på mange år. Keeper Knut Inge gjorde eit solid bidrag for laget sitt med heile 3 skåringar då ”Strekk-Hjellen” måtte gå i mål. Også Audun Lyshagen som har stått over internkamp dei seinare åra sytte for nettsus 2 gonger. Sigeren til raudt var i grunnen aldri truga.

Kva med det blå laget ? Mykje rakna då klippen i forsvaret Svein Ove Walseth tidleg i 2 omgang måtte ut med kneskade. Blått fekk aldri samla seg etter det, og sjølv om alltid plasseringsdyktige Øyvind Ose synte målteft med 4 skåringar så vart det blå laget totalt sett for lette… Henning ”erobreren” Nydahl sigra dermed over Jens ”Godvinson” Forbord i slaget ved Preston Park!

 

Drammen 038

Svein Ove Walseth var uheldig og skada kneet, og forsvaret til det blå laget rakna...

 

Drammen 033

2 av profilane på raudt lag; Vidar Holen og banas beste Oddmar Aklestad.

 

Takk for kampen

Tap og vinn med same sinn :)
Var det slik i vikingtida ?

 

Kneskade

Svein Ove får god hjelp vekk frå kamparenaen.

 

BRIGHTON - YEOVIL

Kjøp av draktsett hadde også eit anna formål. På programmet laurdagen stod nemleg League One opgjeret på Withdean Stadium mellom Brighton & Hove Albion og Yeovil. Då ville sjølvsagt Sæbøveteranane sympatisere med heimelaget og stilte opp på stadion iført Brightondraktene og godt humør. Me bidrog i aller høgste grad til god stemning på tribunedelen nederst på eine langsida!
Withdean stadium tek ca 8.500 tilskodarar, og der var heilt fullsett denne laurdagen. Brighton leiar pr dags dato League One (tredje nivå i England) og ser ut til å styre mot opprykk til Championship. Det er difor planlagt nytt stadion i Brighton til neste sesong med plass til ca 25.000 tilskodarar.

Drammen 109

Sæbøveteranane laga stemning på tribuna

Men tilbake til kampen; Brighton var det klart beste laget og vann kampen greit 2-0. Veteranane ville også markere seg, og sidan framføring av Bondalsongen (med eller utan publikum) er eit fast innslag på desse turane, så var eit av måla denne dagen å stå for pauseunderhaldninga. Kordirigent Rolf Egil Riise og administrator Alf Inge Slinning forhandla difor med vaktene om dette.

Forhandling

Smurfen og "Slinning" forhandlar med vaktansvarleg.

Dermed var det berre for ”Bondalskoret” å stille opp framfor tribuneseksjonen og synge av full hals. Engelskmennene på tribunen skjøna nok ikkje mykje av teksta, men applaus fekk me likevel. Stor applaus og mykje latter rundt oss fekk me også då me song ”Stille i fjøset” til Yeovil fansen etter at Brighton gjekk opp til 1-0. ”Stille i fjøset” står nok heller ikkje på vokabularet til den lokale fansen, så på initiativ frå den alltid verbalt oppegåande veteran Svein Ove Walseth tok me også denne varianten: ”Quiet in the farmerhouse, quiet in the faaaaarmerhouse, it’s quiet in the farmerhouse” ! Endå meir latter rundt oss!

Koroppstilling

Koret stiller opp ! Veteranane respekterer skiltet "keep off the pitch" og vakta stiller villig opp som fotograf.

 

Drammen 128

Me syngja vil om dalen vår ein song, og stemmer i for aller fyrste gong!
Ein lovsong til den vakre dalen vår, som heiter Bondalen i Hjørundfjord!

 

Drammen 124

Brighton vann kampen greit 2-0 og leiar League One i England.

 

Drammen 112

...og på den tynt besatte bortetribuna vart det brått stille i fjøset...

 

Drammen 134

Stjernemøte etter kampen mellom forsvarsklippe på Brighton Adam El Abd og superveteran Rolf Egil Riise! Smurfen manglar berre eit plaster i panna...
El Abd til venstre :)

 

SOSIALE HAPPENINGS.

Ingen veterantur utan hyggelege bankettmiddager og sosiale happenings. Slik også i år. Fredagskvelden fann me ein innartiar av ein Engelsk Pub rett i nærleiken av hotellet vårt. Puben var ikkje verre på det enn at dei gav oss styrerommet sitt langt oppe i etasjane. Der fekk me høgtideleg bordsetjing og rikeleg med god mat og drikke. Kan ein vikingveteran krevje meir ? Klart dei norske vikingane skulle få den beste komforten og mjøden denne puben hadde å by på. Her vart me sitjande i fleire timar med meir drikke og gode historiar.

Drammen 073

Styrerommet!

 

Eit av høgdepunkta var då Bård Forbord drog igong ein glitrande parodi på Oddgeir Bruaset og programmet ”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu” Endelaus latter. Den årvisse quizen fekk me også gjennomført i styrerommet, og i år fekk veteranane både lokale spørsmål om Brighton, engelsk fotball og historikk heilt tilbake til vikingtida. Då underteikna skulle rette svara nede i 1 etg i puben vart eg regelrett kalla nerd av dei lokale heltane som sat der…men kom likevel fort inn i varmen igjen då eg stilte dei spørsmål om innbyggartalet i Brighton og kva for lag som var i FA-cupfinalen i 1983.

 

Bruaset

"Oddgeir Bruaset" Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

 

Drammen 093

Tid for quiz

 

Drammen 085

Konsentrasjonen er på topp. Kva er kallenavnet til Brighton & Hove Albion ?
Kan det være "Seagulls"

 

Laurdagen hadde me ein like vellukka bankettmiddag på ein finare restaurant, men før det hadde me både fått tid til shoppingrunde i handlegata og dartturnering på ein av dei mange lokale pubane like ved hotellet. Brighton er ein turistvenleg by som ligg veldig fint til ved kysten, og kan absolutt tilrådast som eit alternativt turistmål til den større naboen London. Eit anna morosamt innslag på laurdagskvelden for nokre av veteranane var innpass på ein gedigen firmafest på eit sentrumsnært hotell. 5 av veteranane som for kvelden var stivpynta og i godt lune, kom seg ubemerka inn på ein privat firmafest til eit stort engelsk forsikringsselskap. Selskapet var så gedigent med mange ansatte at ingen lot seg affisere med nokre ukjente sunnmøringar på gjestelista. Alt går berre ein er pene nok i tøyet, og smiler til verda rundt seg. Truleg hadde vikingane for tusen år sidan gått litt mindre diskret fram….

Firmafest

Jens Arve Forbord og Alf Ole Aarseth har dressa seg opp og fått sjarmert seg inn på ein gedigen firmafest. Men har damene snudd dei ryggen ? Eller gjer dei seg berre litt kostbare ? Ja ja, vikingar anno 2010 har iallefall litt meir galant framferd enn for 1000 år sidan :)

 

Bankett

Bankettmiddag også laurdagskvelden.

 

Som dokke skjønar har Sæbøveteranane hatt nok ei innhaldsrik gjenforeningshelg, og konklusjonen etter søndagsmøtet var at neste tur nok også går utanlands. Svein Ove Walseth fekk sympatipokalen for kneskaden under internkampen og ny 2 års komite som skal lose oss fram til dei neste turane er Rolf Egil Riise og Sverre Børge Hjorthaug. Takk for turen kjære veteranar og vel møtt til neste tur.

Utepils

Ingen tvil om at Sæbøveteranane koser seg på tur, og me ser allereie fram til neste års tur.