Sivert (Robertus Årseth) har gått på småviltjakt åleine eit par år allereie, han har også vore med på elgjakt og hjortejakt, men då saman med ein eldre jeger.  I alle høve har det blitt tre hjortar, men i dag var det første dagen han kunne liste seg fram i skogen på jakt etter anna enn småvilt.  Det vart ingen hjort, men i skrivande stund er  dagen er enno ikkje over...

102
Sivert - her i ei pause i hjortejakta tidlegare i haust -  på Årsetsida inne i Kvistaddalen

Kanskje ingen hjort, men eg forstod noko hadde skjedd då denne svært så trivelege jaktkameraten kom køyrande i bil til gards åleine og utan ein stor L bak på bilen.  Som den kloke brukar av hjorundfjord.no forstår er det no berre å gratulere Sivert med 18-årsdagen i dag og førarkort for bil.

Men det stoppa ikkje her.  Sivert forsvann opp i skogen på jakt etter ein hjortekalv. Ingen hjortekalv, men han kom ikkje tomhendt ned att.  Ein sauebonde er sjølvsagt glad for at han kom ned att med ein stor raudrev.  Det same er Direktoratet for Naturforvaltning som fryktar at spesielt fjellreven kan forsvinne p.g.a. kratig auke i raudrevbestanden.  Seinast i går på NRK-radio høyrde eg direktoratet oppfordre alle jegerar til å skyte minst ein raudrev.  Sivert har i alle fall gjort sitt, men eg vonar at han ikkje sluttar her.  Talet på Raudrevar har nemleg auka sterkt også her i Hjørundfjorden siste åra.

012
Sivert kom slett ikkje tomhendt ned att frå skogen.  Gratulerer, Sivert.

Avslutningsvis kan det nemnast at  i fylgje direktoratet er reveskinnet på det finaste.  Pelsen held seg tett og fin også i månadane framover, men rundt juletider startar sesongen for forplanting.  Dermed vert det lett  skadar på skinnet p.g.a. kamp om revetispene.