Reisebrev frå Argentina (og Brasil), del 2:

Itaipu – eit kraftverk for ny velstand

 IMG_7998

Itaipu kraftverk er gigantisk. Sjå på bilane midt i biletet. Då skjønar ein dimensjonane på røyrgata.

I grenseområdet mellom Argentina, Brasil og Paraguay renn Parana-elva. Elva er eit resultat av det tiande største nedbørsfeltet i verda. No er elva temd, og inntil Tre Klyfter-vassverket i Kina kjem i full drift, er det verdas største vasskraftverk.

Offisielt er vasskraftutbygginga det største som har skjedd dette området i Sør-Amerika.

 

Itaipu-kraftverket er eit enormt anlegg. Det ligg på grensa mellom Brasil og Paraguay, og demninga er 7,7 kilometer lang, der nærmare tre kilometer er støypt, medan resten er steinfylling. Fallet er på 196 meter. Kraftverket ligg like i nærleiken av Iguazu-fossane, men Iguazu renn inn i Parana-elva ei mil sør for kraftverket. Dermed er ikkje desse vassmengdene med i kraftproduksjonen.

 IMG_7979

Damanlegget har store dimensjonar. Nær tre kilometer demning er støypt betong.

Itaipu-demninga har resultert i at store område som tidlegare var skog, dyrkamark og ikkje minst busetnad, er overfløymde med vatn. 10.000 husstandar måtte flytte som følgje av kraftutbygginga.

 

Protestar

 

Og kraftutbygginga resulterte då også i store protestar. Utbygginga starta dessutan då verken Paraguay eller Brasil hadde særleg med demokratiske institusjonar eller sakshandsaming. Det er lite truleg at dei ti tusen som vart fordrivne fekk erstatningsoppgjer som dei vi er vande med i Noreg.

 

På den andre sida har kraftverksutbygginga resultert i ein svært stor produksjon av elektrisk kraft. Produksjonen er på nærmare 100 TWh. Det svarar til 70 prosent av Noreg sin vasskraftproduksjon. Produksjonen dekkjer behovet til 2,5 millionar husstandar.

 IMG_8004

Dette biletet skaper negative assosiasjonar i Noreg. I Brasil og Paraguay er elektrisitet vegen ut av fattigdom.

Selskapet som driv kraftverket heiter Itaipu Binacional, og har statane Paraguay og Brasil som eigarar. Kraftverket står for 25 prosent av produksjonen av elektrisk kraft i Brasil, og åtti prosent av elkrafta i Paraguay. Kraftverket har ført til ei enorm utvikling i Paraguay og den sørlege delen av Brasil. Dette var område som tidlegare var lite utvikla, men som no har fått ny industri, og ikkje minst elektrifisering av hus og gater.

 

Lyft i Brasil

 

Når det gjeld Argentina, er ikkje landet involvert i kraftverket. Nedbørsfeltet strekkjer seg ikkje inn i dette landet. Likevel ligg Argentina nedstraums kraftverket, og for landbruket har det vorte meir gunstig at Parana-elva har vorte regulert.

 

Det er tydeleg å sjå at pengane og verdiskapinga kraftverket har ført til, har gjeve særleg Brasil eit lyft. Medan Foz de Iguazu i Brasil er ein moderne storby, er Porto Iguazu i Argentina mindre utvikla. På den argentinske sida lever ein av turismen til Iguazu-fossane mest åleine, medan Foz de Iguazu og det sørlege Brasil har bygt opp storindustri. Mellom anna har Renault ein fabrikk i denne delen av Brasil.

 IMG_8007

Store område vart ovefløymde av vatn som følgje av kraftutbygginga. 10.000 måtte flytte, og fauna og flora forsvann. Det er baksida av medaljen.

Kraftverket har dessutan vorte ein stor turistattraksjon i seg sjølv. Reiseselskap som arrangerer turar til Iguazu-fossane på den brasilianske sida av grensa, legg også opp til ei vitjing av kraftverksanlegget.

 

Begeistring

 

For ein nordmann vart det spesielt å vitje dette kraftverket, og ikkje minst sjå og høyre begeistringa over utbygginga. Sjølvsagt var ho konfliktfylt. Ein gjer seg sine tankar over dei som måtte forlate gard og grunn. På den andre sida har utbygginga unekteleg ført til ei positiv utvikling for regionen, det sørlege Brasil, og heile Paraguay spesielt.

 

Det er då ein byrjar å stille seg spørsmål. I Noreg har det lenge vore ein debatt om vasskraft, og litt nyare om andre kraftutbyggingar som gass- og vindkraft. Dei siste åra har vi også fått debatt om kraftliner, ikkje minst i Ørsta. Nemningar som monstermaster vert nytta om kraftliner her på berget.

 IMG_7982

Artikkelforfattaren må berre vedgå det. Han vart fascinert av Itaipu kraftverk.

I Paraguay og Brasil ville ikkje dette ha vorte forstått. Der handlar det om velstandskraftverk og velstandsmaster. Elektrifisering er vegen ut av fattigdom. Eit spørsmål som stadig kom att, var om dette er skilnaden på eit samfunn som er mett, og eit samfunn som er svolte.

 

Svoltne eller mette

 

Ein skal ikkje underslå retten til dei som vert råka av kraftutbyggingar og lineutbyggingar her heime til å seie meininga si, og til å protesterte. Det er forståeleg at dei som får ei stor kraftline rett ovanfor husa sine vil bruke alle lovlege middel til å seie nei. Det er legitimt og forståeleg.

 

Når det derimot vert protestar mot elektrifisering og utbygging i seg sjølv, vert det meir problematisk. Ein tanke som kom fram under vitjinga av Itaipu er at vi har vorte så mette i Noreg at vi risikerer at svoltne samfunn med investeringsvilje og innsatslyst rett og slett vil konkurrere oss ut. Spesielt Brasil er i ferd med å verte ei økonomisk stormakt. Og det er heller ikkje slik at Brasil let rikdommen verte for dei få. Det har vore ei demokratisering og ei økonomisk utvikling i Brasil det siste tiåret som har ført til ei fordeling av midlarsom tidlegare har vore mest ukjend i Latin-Amerika.

 

Velstand

 

I Noreg, Vest-Europa og USA har vi lett for å kritisere andre for store utbyggingar. Det vert øydelagt regnskog, område for urbefolkning og fattige, og område for eit unikt dyreliv. Spørsmålet er med kva rett vi har å gjere dette. Vi har sjølve øydelagt tilsvarande område for å byggje velstanden vår. Er det då moralsk rett å krevje at andre skal late dette vere?

IMG_7978

Utbyggjarane seier sjølve at det er lagt stor vekt på berekraft. Som eit symbol på dette har gjestande statsleiarar fått plante tre i parken ved kraftverket.

 

Mellom anna har Brasil dei siste tiåra vakse til å verte verdas største kornkammer. Landet går forbi USA i kornproduksjon i desse dagar, og sikrar oss og andre det mest naudsynte matproduktet som er å få.

 

Uansett er Itaipu bygt. I 2007 vart anlegget formelt ferdig. Resultata for Brasil og Paraguay har byrja å kome. Der handlar det ikkje om monster, men om velstand.

 

Rune Sæbønes

IMG_8623

Også Argentina satsar på vasskraft. Her er eit bilete frå Salta-provinsen, der vatn frå Andes-fjella er demt opp.