(Dei fleste bileta og blokker kan klikkast på for større bilete og meir informasjon)
Tropical Islands |
|
Tropical island er laga til inne i ein gammal luftskiphangar i Tyskland. Den er 66 000 kvadratmeter stor, så det er plenty med plass. Lufta blir halden så varm som 25 grader celsius. Og vatnet er nesten like varmt!
Biletet f.v. Lisabel Hustad Øvrelid, Elen Maria Holen og Kristin Naomi Sandstrand
![]() |
![]() |
Vi kom til badelandet like før det mørkna og det var ei flott strand med fin sand å gå på. Dei fleste av oss meir eller mindre tok heilt av, og vi miste både tid og stad pga. alle inntrykka vi fekk. Vi var inn i ei av verda sine største bygningar
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Etter det begynte å mørkne ute, kom det på kunstigt lys og det var ei utruleg fin stemning over heile området. Her kunne vi få servering og her kunne vi til og med overnatte i telt, om vi ønkste det.
![]() |
![]() |
Der er vannsklier, basseng, strender, restaurantar og tropiske skogar!
Den høgaste vannsklia var 28 meter høgt oppe, og gjekk rett ned, med ein stor sving. Det seiast at ein kan fare så fort som i overkant av 70km/t. Det var 6 elevar i heile klassa som turte å ta den. Det var eit skikkeleg adrenalinkick! Men der var også 3 andre sklier som var lågare, og gjekk langt saktare. Dei òg var kjekke!
Les meir om Tropical Island her: http://www.tropical-islands.de/
Då vi først kom og ville prøve skliene, fekk vi beskjed om det ikkje var mogleg akkurat no, sidan det var ein gut som hadde skadd seg.
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Det var svært få av dei vaksne som bada! Det var mange som gjekk rundt i dei tropiske skogane eller satt på kafear og prata. Det var svært viktig å drikke mykje der, sidan det var varmt og tropisk klima!
Denne dagen var ein skikkeleg kjekk opplevelse!
Berlin |
|
|
|
![]() |
![]() |
![]() |
Vi starta frå hotellet tidleg om morgonen og hausten var komen nesten like langt i Berlin som her heime. Reiseleiar Balder forbereder seg til ein viktig dag i Berlin.
Først hadde vi ein buss-sightseeing. Der fekk vi sjå ulike minnesmerke. Det var ein spennande busstur! Vi fekk blant anna sjå all tagginga på det som sto att av berlinmuren! Ein ganske lang bit av muren som sto att har blitt dekorert av fleire ulike kunstnarar.
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Deler som stod att av muren var tagga av unge kunstnarar. Vi såg også ein del bilar av typen Trabant som var vanleg i den gamle delen av Aust-Berlin før murens fall. Når desse bilane med totakts motor, som hadde oljeblanda bensin, køyrde i Berlin i eit stort antal, låg der ein sur eksosrøyk over byen
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Dagen i Berlin var lærerik! Vi besøkte eit minnesmerke for Berlinmuren med eit vakttårn!. Der fekk vi også gå opp i eit tårn som var bygt til turistar for å sjå ut over staden, der ei kyrkje kom inn i sikkerheitssona og måtte rivast. Bilde nr. 3 frå v. viser staden der kyrkja eller kapellet stod, og plakaten i bilde lengst til h., viser då kyrkja vart sprengt.
Molekylmannen - ein 30 m. høg og 45 tonn tung aluminiumsstatue midt i elva Spree. Statua skal symbolisere samhald og forbindelse mellom mennesker og omgjevnadar.
Det jødiske monumentet, noko spesielt for Berlin. Denne plassen ligg ikkje langt unna der bunkersen til Hitler var.
Deretter fekk vi gå fritt rundt i Berlin i nokre timar. Nokre fann fram til kjende landemerke, medan andre gjekk i handlegata og kjøpesenteret for å shoppe.
![]() |
![]() |
Det var ein opplevelse å få sjå den enorme Riksdagsbygninga. Sondre Kr. Mo står på plenen framfor Riksdagsbygninga. Der var kø utanfor av folk som ville inn i bygninga og oppi den store kuppelen som er ein stor attraksjon.
Og då var vi tilbake til møtestaden der vi skulle møte resten av reisegjengen, ved Gedächtniskirche, som er lett igjenkjenneleg fordi den er eit verna krigsmonument. Ved sidan, er det bygt opp ei moderne bygning, som skal markere den gamle og nye tid.
Biletet ovanfor: Lisabel Hustad Øvrelid med kart over Berlin! I bakgrunnen ser du f.v. Jon Einar Flatnes og Sondre Rem Brautaset.
Nokon brukte også moglegheita til å besøke den kjente kaffi-kjeda, Starbucks! Her var det klart vi måtte ete og prøve ekte Starbucks-kaffi, sidan vi hadde nok ein lang busstur framfor oss, som skulle byrje heimreisa!
![]() |
![]() |
Noko som var svært populært i Berlin var ”Ampelmann”. Det var han som signaliserte om du kunne gå over vegen eller ikkje. Raud og grøn mann, men noko spesiell for Berlin. Ampelmann var først berre å sjå i Aust-Berlin, men vart seinare så populær at den er over heile byen no.
Elena Kvistad Hustad framfor ein av dei gule bussane i Berlin.
![]() |
Medan vi venta på å reise frå Berlin kom ein stor flokk med tyrkiske fotballsupportarar til byen, og laga eit skikkeleg leven. Dette var litt artigt og politiet var tilstades og såg rolig på opptøyet. Det skulle spelast landskamp mellom Tyrkia og Tyskland seinare på dagen. Resultatet vart visst tap for tyrkarane.
Vi fekk litt utav Berlin, men det nyttar ikkje å rekke over alt på berre nokre timar, her må det dagar og veker til, for å få rekke over det enorme tilbodet av kultur og underhaldning som denne byen har.
Tekst 10. klassa 2010. Foto Elena Kvistad Hustad, Lisabel Øvrelid Hustad, Elen Maria Holen, Arnhild Kvistad og Ivar S. Mo
Kommentarar
Igjen - tusen takk.