POLENTUR 2010 - DEL 2

Klikk på karta for å forstørr
Oslo Kiel
Oslo - Kiel
Kiel til Wroclaw i Polen
Wroclaw Krakow
Wroclaw - Krakow
 Kiel til Wroclaw

Etter at dei fleste tok nattbussen til Oslo og kom dit søndagsmorgonen, var det ein del venting. For å få tida til å gå litt fortare og trekke inn litt frisk luft, tok nokre turen til Operataket. Det er tross alt ikkje kvar dag vi er i Oslo!

DSC_0052

Bilete ovanfor: Sindre O. Brautaset og Elen Maria Holen tek eit hopp på Operataket!

Polen 008

Sondre Kristoffer Mo og Jon Einar Flatnes framfor Operahuset. I bakgrunnen ser vi Elen Maria Holen, Marit og Ole Johan Rekkedal

Seinare kom bussen frå Aktive Fredsreiser og henta gjengen ved Galleri Oslo. Ombord sat 10.klasse frå Lardal ungdomsskule og venta på oss. Nokre av elevane hadde hatt litt kontakt over internett frå før, men likevel var det litt spennande å møte så mange nye ungdommar.

Ein person som vi var svært spent å helse på, var reiseleiaren vår. Mykje av turen er avhengi av han, og vi hadde sjekka litt opp på førehand om han, og funne dette på heimesida til Fredsreiser:

balder_hasvol_litenBalder Carstens Hasvoll

Balder er utdannet sosialantropolog. Hovedfagsprosjektet handlet om kulturell endring og nasjonsbygging i Tsjekkia. Han jobber i firmaet RettØst, som bistår i samarbeid med Øst- og Sentral-Europa. Tidligere har han blant annet jobbet som norsklærer ved universitetene i Brno og St. Petersburg. Balder snakker tsjekkisk og russisk.

Det første møte med Balder var positivt og det første inntrykket var at han var litt forsiktig av seg, men etterkvart så vart vi kjend med ein likandes kar, som vi skal fortelje meir om seinare.

Color Magic

Klikk på bilete for å forstørr og teksta for meir informasjon                                 
IMGP8917_1
Color Magic

Så var det rett til innsjekking på Color Line, der vi skulle ta Kielferja "Color Magic" til Tyskland. Der måtte vi stå i kø i lengre tid før vi gjekk om bord på det kjempestore skipet.

Med det same vi kom ombord var det samling, der mannskapet ombord som var ansvarleg for tryggleiken, orienterte oss om korleis vi måtte oppføre oss. Det var ein heilt spesiell dag, då det aldri har vore så mange ungdommar ombord før samtidig. Det var tydelegvis mange som tenkte det same som oss, og brukte haustferien sin til skuletur.

IMGP8876_1_1
IMGP8879_1

Heile lokalet var fullt av 10.klassingar (+ nokre foreldre) på tur!


IMGP8880_1

Om kvelden var det kveldsbuffé ombord i Grand Buffé på dekk 6.

handlegata_ombord imgp8909_1

Bilete til v. kan du sjå handlegata ombord på Color Magic. Om kvelden var det fleire som tok turen for å sjå showet ombord på Color Magic "Route 66", eit song- og dansenummer med inspirasjon frå USA. Til h.kan du sjå bilete der i frå.

Seinare på kvelden var det forskjellige aktivitetar om bord. (Noko taxfree-shopping blei det også.)

Nedanfor: Bakenden og Casinoen ombord på Color Magic.

011 014

Med så mange ungdommar ombord, vart det arrangert ungdomsdisko i nattklubben fram til kl 22. Etter vi hadde gjort oss kjende med båten var det overnatting i lugarar.


IMGP8895_1
Heisene gjekk mykje denne kvelden
Polen 017
Her kan vi så vidt skimte Elen, Lisabel og Malene på dansegolvet 

 

Dagen etter var vi komne til Kiel, og igjen vart det mykje busskjøring. Omtrent 70 mil kjørte vi denne måndagen. Men med eit kjekt reisefølgje, ein blid reiseleiar og bussjåfør gjekk turen radig mot Wroclaw, Polen. Vi hadde nokre stopp undervegs, og ankom hotellet om kvelden.  

 

Balder, Elena, Erik 

Bilete ovanfor: F.v. Reiseleiar Balder Hasvoll, Elena Kvistad Hustad og bussjåføren vår Erik Skari. 


Krakow

Klikk på bilete for å forstørr og teksta for meir informasjon                         
67394_482733876302_657371302_7459555_2774842_n
Maria-kyrkja

Neste dag var det tidleg opp igjen. Vi reiste mot Krakow klokka 8 om morgonen, der skulle vi få oppleve den polske byen og marknadsplassen der.

DSC_0232

Biletet ovanfor: St. Peter og Paul kyrkja i Krakow.

66976_482739091302_657371302_7459641_5708006_n

Der var òg lekre hestar og kjerrer som frakta folk rundt om i Krakow.

Den store markedshallen (Sukienice) frå 1300-talet omtalast uhøgtideleg som verdens eldste kjøpesenter. Den store hallen vart opprinneleg brukt for sal av klede og tekstiler, men har no eit meir varierande tilbod, bla typisk polske suvenirer. Hallen er 108 mter lang og har nyleg vore under restaurering. Hallen innheld også eit fint galleri med polsk 1800-tals kunst og ein vakker arkade utvendig. Dei fleste turistar finn vegen hit sjølv om varene er forholdsvis dyre, etter polske forhold. Og i andre enden er det offentleg toalett med vakt som tek imot betaling. Reint og fint var der.

051

IMGP8938_1

Nokre benytta også tida til handling i markedshallen. Sondre,Sindre, Marit, Kjetil og Ole Johan var imponert.

IMGP8936_1
IMGP8937_1

108 meter med kjøpe buder var enormt. Her var klede, leiker smykker av alle slag. Etter våre penger så var det billigt, men vanskeleg å finne ut kva som var ekte varer av smykker.


Polen 033

Birgit Hustad, Lisabel Hustad Øvrelid, Sondre Rem Brautaset, Jon Einar Flatnes og Elen Maria Holen studerer ein modell av Wavelslottet i Krakow

063

På bilete ovanfor kan du sjå Malene Hurlen Aklestad på restaurant i Krakow.


060

Biletet ovanfor: Bjørn Hustad og Arnhild Kvistad gjer forhandlingar om saltkringler på polsk.

DSC_0177

Det er ikkje alltid så lett å ta ut pengar i framandland heller! Her ser du f.v Sondre Rem Brautaset, Ivar Svein Mo, Ingvil Flatnes og Birgit Hustad i aksjon.

DSC_0187 088 

Vi fekk tid på eiga hand i byen og Santa-Maria-katedralen vart studert nærmare av dei fleste. Ei kjempestor kyrkje som ligg midt i Krakow sentrum. Heile verdas medie auge var retta mot denne kyrkja 18.april 2010. Det var då begravelsesmesse for Polens president Lech Kaczynski og hans kone Maria. Utenfor den vakre katedralen fulgte rundt 50.000 mennesker seremonien. Rundt ein million var ute i Krakows gater og følgde begravelsen via storskjermar. Det var heilt spesielt å få være inn i denne kyrkja å sjå dei utrulege utsmykkingane som var der.

IMGP8950_1
IMGP8953_1

Kyrkja er ei av hovudkyrkjen i Polen, og har eit storslagen interiør med gull og marmor. Det er spesielt alteret, med 11 meter lang og 12 meter høg altertavle, frå slutten av 1400 talet, som får merksemd.


Kvar time høyrest det trompetspeling frå tårnet i Santa- Maria-Katedralen . Songen er den same kvar gong, og vert spelt i alle dei fire himmelretningane. Denne songen sluttar svært brått; midt i ein tone. Dette er for å minnast trompetisten som ein gong bles for å varsle eit angrep på byen, og som vart truffen i strupen av ei pil mens han spelte.

115 106

Ovanfor er det også bilder frå Krakow. Til høgre kan du sjå Alf Terje Aklestad og reiseleiar Balder Hasvoll.


Saltgruvene i Wieliczka                             

Klikk på bilete for å forstørr og teksta for meir informasjon
IMGP8973_1
Saltgruvene i Wieliczka

 

IMGP8976_1

Samling av alle elevane før vi gjekk ned i saltgruvene.

Etter at vi hadde vore i Krakow, tok vi buss til Wieliczka. Her besøkte vi dei kjende saltgruvene. Vi var heilt ned til 135 meter under bakken, noko som var litt utanom det vanlige for dei fleste.

Vi gjekk først nedover mange trapper, så vidare gjennom stadig skrånande tunnelar. Undervegs fekk vi sjå mange uventa ting. Gruvearbeidarane som ein gong hadde arbeidd her, hadde hogd ut flotte kunstverk i saltet på fritida si. Dei hadde til og med lagd kapell der nede.

IMGP8997_1

Kinga katedralen ligg 101 meter under jorda og er i størelse med ei middels kyrkje. Vegger med utskjæringar av scener frå bibelen, og alter og altertavle og absolutt alt er av salt. Endå til lyskrunene er laga av saltkrystallar.

149

140

 På bileteta ovanfor kan du sjå nokre av figurane som illustrerte korleis livet i saltgruvene hadde vore. Skulpturane på biletet ovanfor er også hogde ut av salt.

Nede i saltgruvene, var alt av salt, bortsett frå enkelte figurar. Gangane, fleire trapper,  skulpturar og kapell var høgde ut i salt. Det var spennande og sjå alt som gjekk an å lage så langt under bakken.

På vandringa i gruvegangane blei vi også betre kjent med elevane frå Lardal skule. Vi var delte inn i to grupper under omvisninga, og gjekk i lag i nærare to timar under jorda. Nedanfor er klassa frå Sæbø samla saman 135 meter under jorda.

Untitled-1

I gruva var der fotograf som tok bilete av klassa.

Fv.bak:Jon Einar Flatnes, Sondre Kristoffer Mo, Kjetil Rekkedal, Sindre Brautaseth, Sondre Rem Brautaset Fv.framme: Lisabel Hustad Øvrelid, Elen Maria Holen, Malene Aklestad, Elena Kvistad Hustad.


Seinare den kvelden var det folkloredans, også kalla polsk folkedans. Der polakkane kom og baud gjestane opp til dans.

220 230
Ovanfor ser du bilete av Paula & Co med leikarringen "Krakosi", som spelte opp til dans denne tirsdagskvelden.

Og Sindre Oksavik Brautaset var ein aktiv deltakar på dansegolvet.

 

Fortsettelse kjem i del 3 som blir publisert seinare, der vi tek dykk med til utryddingsleirane Auchwitz 2 Birkenau og Auchwitz 1!

 

(Teksta er skriven av 10. klassa 2010- Bilete er tekne av Ivar Svein Mo, Elena Kvistad Hustad, Ingvil Flatnes, Arnhild Kvistad og Elen Maria Holen.)