På tur med Aktive Fredsreiser til Tyskland og Polen  2. -10. Oktober 2010

(alle bileta i artikkelen kan førstørrast ved å klikke på dei, også kartet)

Foreldregruppa i 10.klasse har arbeidd aktivt for å få til tur med Aktive Fredsreiser for elevane. Allereie då dei gjekk i 8.klasse tok vi til å samle inn pengar ved å drive vareteljingar hos Eurospar i Ørsta.

Fleire av foreldra i klassa har hatt andre born med på denne typen turar tidlegare, og ønskte at også denne gjengen skulle få reise på ein tur der dei lærer mykje både om historie og menneskeverd. Mange foreldre ønskte også å få vere med sjølve.

Les meir om Aktive Fredsreiser her: http://www.aktive-fredsreiser.no/

Etter innstrammingar frå kommunen, er det ikkje lenger høve til å reise på overnattingsturar i skuletida, så vi brukte difor haustferien vår.

Det kostar ein del å reise på tur, og vi ønskte at turen skulle vere gratis for elevane. Vi samla inn pengar på fleire vareteljingar på Eurospar og matsal/arrangement på skulen. Vi har i tillegg fått økonomisk støtte frå fleire hald: 

Elveeigarlaget, Flatnes Maskin a/s, Hjorundfjordportalen, FAU v/Sæbø skule og Helselaget har alle sponsa oss.

Vi takkar for støtta!

På førehand har vi lært mykje både om 2. verdskrig og om den kalde krigen og delinga av Tyskland på skulen. 2. verdskrig var tema i samfunnsfag i fjor då vi gjekk i 9. klasse, medan kunnskapen om aust/vest konflikta i Europa, og særleg om Berlinmuren var heilt fersk no i haust. Vi har hatt om dette både i samfunnsfag- og engelsktimane. Vi var spente på å få sjå stadane vi har sett bilete og film i frå på skulen, og lære endå meir om desse viktige historiske hendingane.

Laurdag 2. oktober var vi endeleg klare til å reise på tur, og elevane fortel her sjølve om det dei fekk sjå og oppleve denne veka.

Sæbø - Krakow

Reiseruta fram til Krakow.

Ørsta- Oslo var vi med Nattekspressbussen.

Frå Oslo til Kiel var vi ombord i "Color Magic",  og vidare til Krakow hadde vi den kvite bussen til Schaus buss AS.

 

Vi skulle ta nattbussen frå Ørsta til Oslo. Det var mykje spenning blant elvane og dei vaksne som skulle ut og reise. Vi tok farvel med dei foreldra og syskena som var der som støtte, og gjekk ombord i nattbussen.

DSC_0006 DSC_0002

Vi var tidleg ute på laudagskvelden på busshaldeplassen i Ørsta og vi hadde plassgaranti med forhåndsbetalte billettar, men turen var lang til Oslo, og det var viktig å finne seg ein god sitjeplass.

 

Vi tok eit stopp på ca 1 time, på Kvam der vi fekk kjøpt litt nattmat. Vi var framme i Oslo ca kl. 06:45 om morgonen søndag. Vi tok bagane våre, og låste dei inn i sikkerheitsskap, og gjekk for å finne ein stad vi kunne ete frukost. Vi enda opp på Burger King der vi fekk kjøpt kaffi/brus til brødmaten vår.

 oslo_rutebilst

Vi enda opp på Burger King der vi fekk kjøpt kaffi/brus til brødmaten vår.

I 12 tida møtte vi våre reisevenner frå Lardal Undomsskule. Eit bekjentskap som vi sette stor pris på dag for dag. Skulen deira var litt større enn vår, men også ein liten skule i forhold til andre skular, så vi hadde mykje felles. Dei var 40 stk. i reisefylgje og vi var 19 stk.

 

Ved å klikke på bilete eller teksta, kan du lese om skulen til elevane frå Lardal kommune i Vestfold:

Ungdomsskolen_forside[1]

Lardal ungdomsskole

 

Les meir om turen i del 2, som blir publisert snart :)

 

(Artikkelen er skreven 10.klassa 2010- Bilete Elen Maria Holen og Ivar S.Mo)