Heimreisa

Etter å ha fått sett oss rundt i Berlin, møttest vi ved Kaiser-Wilhelm-Gedächtniskirche i Berlin. Denne kyrkja er øydelagt av bombing under 2. verdskrig, og står framleis like øydelagd som eit monument.

Derfra gjekk vi til bussen og gjor oss klar til ein lang busstur til Travemünde. Vi kom fram til Travemünde rundt klokka 8 om kvelden, vi kjørte rett ombord på båten, det var ein betydeleg mindre båt en den vi drog med frå Oslo. Då vi kom ombord på båten, var det innsjekking og deretter middagen i restauranten på båten.

36165_486890430195_531290195_7425275_2065716_n
IMGP9198_1

Vi hadde ein altmuligmann ombord. Steinar Sletsjø frå Lardalgjengen som ordna opp og var ein kontaktperson mellom skulane. Han gjekk rundt og samla boss, så det skulle være reint og triveleg, han var klar med førstehjelp når det var behov for det, og kvikka oss opp med kommentarar over høgtalaren. Det er kjekt å ha med slike folk!

Etter middagen var det eit lite opphold på taxfreen. Taxfree stengde kl 23:30 so då vart det stilt på båten. Kl 6 var det frukost, ein fin brødbuffet. Etter frukosten gjekk vi til lugarane og pakka saman tinga våra, og gjekk ned i bussen. Då vi kom ned til bussen var der ein stor stilleståande convoy med Porsche. Det viste seg å være ca 17 porscher. Så kjørte vi i land i Sverige og kjørte vidare.

IMGP9321_1
IMGP9324_1

Etter frukost kl.6.00 starta vi på den lange reisa oppetter svenskekysten.

IMGP9329_1
IMGP9342_1

Dei smartaste av oss tok seg ein lur, for det var ikkje sikkert at det vart så mykje søvn på nattbussen frå Oslo til Volda. Det vart også tid til pausar i det fine haustvéret.

 

563

Vi stoppa kl 13 på Håby i Sverige for å ete middag. Der fekk vi velge mellom spagetti eller rødspette, ovanfor kan du sjå Ivar Svein Mo som kosar seg ved middagsbordet saman med ei av dei voksne, Anne Løver Svarstad frå Lardal ungdomskole.

IMGP9340_1 IMG_2651

Balder deler ut deltaker-diplom til alle i Sverige.

Ved eit av siste stoppa i Sverige var det eit kontor og lager for Fredsreiser, og her kunne dei som ville kjøpe seg T-skjorter med reiseselskapet sin logo på. Det var mange som nytta seg av å sikre seg eit minne. Vêret var skikkeleg fint haustvêr med litt lenger komne haustfargar enn det vi såg i Tyskland, så det viste seg at vi no var komne lenger nord på kloda. Balder nytta også pausen til å dele ut ein diplom som dokumenterte at alle som har delteke på turen, hadde gjort ein innsats for fred i verden.

Til slutt ville Balder dele ei hemlegheit som han og busssjåføren hadde, og vi vart veldig spente. Han hadde reist på desse turane mange gongar og hadde hatt med seg mykje folk i alle alderar og det hadde gått omtrent utan problem, så erfaringa var god. Men denne gongen hadde han hatt med ein gjeng som det ikkje hadde vore noko problem i det heile med, og alle hadde vore så presise å møte til rett tid, at han ville kåre oss som dei aller beste han hadde hatt med på tur.

Dette vart vi svært glade for å høyre og vi var ikkje seine om å kåre han som ein topp reiseleiar og vi hadde hatt den aller beste busssjåfør vi kunne tenke oss. Aldri ein bråstans, eller rykk og napp køyring, vi gav dei ein velfortjent trampeklapp.

554

Vi hadde sjølvsagt fleire stopp gjennom Sverige. F.v : Steinar Sletsjø, Elena Kvistad Hustad, Robert Berge, Hans Christian Berge, Malene Aklestad og Sondre Rem Brautaset.

549

To litt slitne foreldre, Berit og Per Svein Brautaset.

DSC_0602

Så forlot Lardal oss i Moss og vi gjekk over i ein annan buss til Oslo, der vi skulle vente til kvelden for å ta nattbussen til Volda.

IMG_2695

Medan vi venta i Oslo åt vi pizza på Peppes Pizza. Her ventar gutane på mat. 
F.v. handa til Sondre Kr. Mo, Jon-Einar Flatnes, Kjetil Rekkedal, Sondre Rem Brautaset og Sindre Oksavik Brautaset. 

 

IMG_2667

Det var ikkje berre ungdommane som var svoltne. Her sit dei og ventar på at pizzaen skal komme. F.v. Marit Skare Rekkedal, Ole Johan Rekkedal, Ivar Svein Mo, Per Svein Brautaset, Berit Oksavik Brautaset, Birgit Hustad og Ingvil Flatnes.

 

IMGP9346_1_1

Og då var vi på plass der vi starta ved å vente på nattbussen i Oslo. Klokka er her 21.07

IMGP9348_1
IMGP9349_1

Etter ein velykka tur heim, der vi fekk sove nokolunde på bussen, starta skulen att. Vi var fri på mandagen, men etter det, så var det skule att. Fredagen fekk vi to timar til å planlegge skrivinga på portalen. Her er vi godt i gong ilag med datamaskinene på skulen.

 

Dette hadde vore ein av dei kjekkaste haustferiane vi har hatt. Takk til ein fin gjeng frå Lardal skole vi fekk være ilag med, og håper dei som kjem etter oss får ta denne turen seinare.

Kanskje kan vi også få høyre frå Lardal Skole i ein artikkel her på portalen?

 

 Helsing 10.klasse Sæbø skule.

Bilete er tatt av Lisabel Øvrelid Hustad, Elen Maria Holen, Arnhild Kvistad og Ivar S. Mo - i tillegg har vi fått bilde av "søppelmannen" tilsendt frå Lardal (ukjendt fotograf)

 

Ønsker du å lese artiklane som 10.klassa 2009 skreiv om sin tur til Polen, kan du klikke her så kjem dei opp.