No har eg Anne Bente Skjellum i NRK sine ord på at fredag, 5. november, etter Dagsrevyen, er innslaget med.

Innslaget har utgangspunkt i at Ole Rønning (91) endeleg fekk oppfylt sin draum: Ein siste - og 14. tur - tur på Stålberhornet. Men denne gongen  var det helikopter som gjorde turen unna på nokre få minutt. Ein tur som Ole og dei andre kjesankarane brukte ein LANG dag på for 70 år sidan.

Bilde 096

Her er NRK-folka i arbeid. Ole stig ut av helikopteret medan fotograf Øyvind Berge Sæbjørnsen og produsent Anne Bente Skjellum syter for at stunda kjem  i "boks." Piloten - eg hugsar ikkje namnet,men han var frå flatlandet sør om Danmark -  ville syte for å få med landskapet på sitt private kamera.    Slogen og Brekketind dannar bakgrunn.

Dette til orientering for Portalkundane. Så håper eg at det ikkje på nytt skal skje noko som rokkar ved det som er opplyst.