
...ikkje var dei særleg skyre heller..

Dei takka ikkje nei til mjøl & salt-blandinga.

Mmmm..

Lettare forvirra medan dei studerer skiltinga ved Langsætra
Endeleg lukkast vi å finne desse sauene som har leika katt og mus med oss i heile haust.I Sykkylvsdalen openberra dette fantastiske synet seg - det var nesten ikkje til å tru !
Med tips og observasjonar frå folk både på Urke og Øye, innskrenka vi etter kvart leiteområdet til Langsæterdalen og Sykkylvsdalen. Og med vèrgudane på vår side fekk vi ein fin dag i Langsæterdalen - som enda perfekt med dei siste 6 sauene "i boks"
Med tips og observasjonar frå folk både på Urke og Øye, innskrenka vi etter kvart leiteområdet til Langsæterdalen og Sykkylvsdalen. Og med vèrgudane på vår side fekk vi ein fin dag i Langsæterdalen - som enda perfekt med dei siste 6 sauene "i boks"
Kommentarar
Eg spurde i sommar i samtale med karane på Stenes som i vekevis deiv sanking av kje over heile Stålberghorn-massivet. Det vart leigd inn fjellklatrarar frå Åndalsnes og det vart leigd helikopter med skyttar for å avlive dei som sto fast og det ikkje var råd å berge. Og svaret var som venta: Når ein først hadde teke ansvar for desse liva, var det ikkje snakkk om å gi seg før alt var prøvd. I mange tilfelle var det med stor fare for at menneskeliv kunne gå tapt. Og kven er det ikkje som veit bakgrunnen for Molaupsulykka?
I denne samanheng er det så synd at det finst folk som ikkje bryr seg om respekt for dyr eller av andre grunnar sviktar. Men heldigvis er det langt mellom kvar som ikkje steller dyra med respekt og dei få som mishandlar dyra, må tole å få sin påtale.
Dyrevenaksjonistane vil snart forby alt dyrehald (bortsett frå nokre rovdyr, katt og hund?), men eg vil håpe at det framleis er råd å drive med husdyr som kan få gå ute og utnytte beita og med det røkte landskapet rundt oss.
Else & Hermod