I høve eit lite prosjekt eg held på med, har eg fått låne dette fotoet av Jon Frøland på Sæbø. Vi veit at personen til venstre er Einar Frøland, far til Jon, men kva heiter dei andre? Dei er tydelegvis på ein fjelltur. Er det nokon som veit kvar dei er?
Kven er dette?
Spørsmålet er kort og godt: Kven er dette?
Lagt inn av
Knut Hustad
28.11.2010 23:47
28.11.2010 23:47
Stikkord
Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.
Kommentarar
... til dykk alle. Det var svært så kjekt at vi fekk fram namna her på portalen. I same slengen kan eg nemne at det var Marius Myren som først sette namnet på fjellet Dalegubben. Dette har han sjølv sagt både til Ola Sæbønes og dotter si Torunn Langlo.
Knut Hustad
Dette biletet vart brukt i Frå Hjørundfjord nr. 14. Det var då teksta slik: Fjelltur på Dalegubben sumaren 1925. Karane er f.v. Einar Frøland, Johan Flatnes, Marius Myren, Olav Sæbønes, Nymark og Lars Sæbønes. Med hunden i fanget sit Lall (Larsine)Nymark f.Sæbø, systera til Oskar Sæbø. Framfor henne sit Inga Sæbø.
Jarle Walseth
Heitte Hans T. Aarskog. T. stend for Thoresson. Han kom frå Aarskogane og fekk utskild bruk nr. 2, Nybø og bygde der. Huset var innflytta i 1939, dagens eigar er Hans-Jakob Aarskog.
Men syns ikkje bildet lignar særleg på Onkel Hans.
Men syns ikkje bildet lignar særleg på Onkel Hans.
Eva Aarskog
Mor mi var i teneste hjå henne, og er sikker på at det er ho "Lall", systera hans Oskar Sæbø. Men fleire enn Johan Flatnes stammar neppe frå vår gard.
Knut Riise
Fotoet er frå Dalegubben, sikkert ein gong i slutten av 20-åra. I kveld fekk eg ein hyggeleg telefon. Namnet Ludvig Riise (Jo-garden på Frøland) vart nemnt. Kan han vere ein av gutane/mennene? Så til jentene. På Sæbø var det visstnok ei jente som vart kalla Lall. Kan det vere ho som sit med hunden? Dette vert spennande, men vi treng fleire opplysningar.
Knut Hustad
Kan det vere Frans Halsen?
Knut Riise
Bilde er tatt på dalegubben.
Jonny Flatnes
Takk for e-post (Jonny Flatnes) og kommentar. Kan herren i lyse klede vere Årskog-Hans slik Kåre Flatnes antyder? (Er namnet til Årskog-Hans Hans Årskog?)
Knut Hustad
Framfor Einar -Frøland sit vel Johan Flatnes.
Han med sigarett, kan det vere Marius Myren?
Dei 2 bakerste er vel Olav og Lars Sæbønes.
1 mann og 2 damer, der har eg ikkje forslag.
Det er no dissa Holmshornkarane på dette biletet.
Han med sigarett, kan det vere Marius Myren?
Dei 2 bakerste er vel Olav og Lars Sæbønes.
1 mann og 2 damer, der har eg ikkje forslag.
Det er no dissa Holmshornkarane på dette biletet.
Knut Riise