10 dagar med barfrost med om lag 10 blågrader, ja, det er oppskrifta på gode tilhøve for isklatring på Sunnmøre. Elvar og fossar frys raskt under slike forhold, og det beste av alt: dei er godt synlege, utan snødekke. Ulempen er at det er sein november og dermed korte dagar. Det gjeld å finne linjer som har kortast mogleg anmarsj. Etter ein ringerunde til folk som bur strategisk til ulike stader i regionen på fredagsmorgonen, fell valet på Dalsfjorden. 

Laurdag tek vi 8-ferja til Folkestad og svingar innover denne smale fjordtarmen. Fjella som omkransar Dalsfjorden, når ikkje dei kring Hjørundfjorden til brystet eingong, verken når det gjeld høgd eller utsjånad. Men til gjengjeld renn vatnet i strie straumar bratt ned frå brystet deira, og denne laurdagsmorgonen hadde vatnet frose til solid is. Vi møtte heldigvis ingen bilar på veg inn fjorden, men om vi hadde gjort det, måtte synet som hadde møtt dei vore heller absurd: tre karar i framsetet av ein varebil som heile tida stirar opp i fjellsidene i staden for på vegen! Potensialet for å få seg ein flott klatretur var stort, med gode fossar på båe sider av fjorden. Vi stoppa bilen om lag ein kilometer før vi kom til Dalsbygda. Berre 100 høgdemeter over oss hang det som såg ut til å skulle gje oss ein "fin dag på jobben".

008

  Frå vegen estimerte vi fossen til å vere om lag 4 taulengder, med gradering III. I røynda var han 6 taulengder (dvs. at han gav oss i overkant av 300 meter med klatring), og vi graderte han til IV (på ein skala der VI er maks). Med slike temperaturar blir isen naturlegvis veldig hard. Det er gunstig på den måten at vi slepp å verte stressa av at heile sulamitten skal ramle ned. Men det er ugunstig på den måten at øksar og stegjarn ikkje går særleg djupt inn, noko som kan vere nokså psykande - særleg på årets første istur. Det er også vanskelegare å få inn isskruane i hard is, men heldigvis var dei nyslipte.

014

Vi toppa ut etter om lag 5 timar i veggen. Men dette er sjølvsagt ikkje som ei uttopping på ski, der du kan nyte utsynet frå eit majestetisk sunnmørsfjell av typen Slogen før du gjer deg klar for ei fantastisk nedkøyring på ski. Tvert i mot står ein no midt i eit frose elvagjøl som ikkje lenger er bratt nok til at ein ser vitsen med å gå vidare oppover. Nedanfor deg er det bratt klinkis. Dermed må du anten rappellere (fire deg) nedatt fossen ved å lage abalakov-anker (skrue hol i isen og tre gjennom ei tauslynge) eller så må du sjå etter solide bjørkaleggar ved sidan av fossen som du kan bruke som rappellfeste. Vi fann det siste, og etter halvannan time var vi nede ved bilen att. Hovudlyktene fekk kvile i sekken denne gongen.

017

Stig Helset, Åsmund Vaage og Leif Gunnar Brandal