Klikk på fotoa for å få dei i stort format.  Alle foto:  Knut Hustad

004
Ole Flatnes på veg mot Hummarfeltet i det som må vere ein av dei beste fiskebåtane på Hjørundfjorden

Ombygd Sandøy-båt
Mange har nok sett lysluggen og krølltoppen Ole Flatnes sitjande bak spakane på ei stor gravemaskin, gjerne gravande på ei hustomt i eit byggefelt.  Men etter at han og  familien flytta attende til Sæbøneset har han også blitt ein av dei ivrigaste hobbyfiskarane i Hjørundfjorden – og sikkert ein av dei mest dugande.  For nokre år sidan kjøpte Ole seg ein eldre, 27 fots Sandøy-båt. I fjor vinter moderniserte han denne båten kraftig, m.a. vart styrehuset bygd om og flytt lenger fram. Rett nok gjorde dette at lugaren om bord vart mindre, men det viktige var at dekksplassen til fiskeri  vart større. Større og nyoverhalt motor er også komen på plass.  Svigerfar Jostein Åsen har hjelpt til, men Ole har brukt fleire hundre timar på dette arbeidet og no har han ein god fiskebåt med moderne utstyr som ekkolodd, autopilot og GPS.  Bak på dekk har han t.d.  elektrisk spel og spylarslange.

Teiner ved Lekneset
Ole er i ferd med å krysse Hjørundfjorden, fjorden som  Kristsoffer Randers - forfattaren av boka ”Sunnmøre” - omtalar  som fjordenes perle.  No er det hummarfiske det er snakk om.  Ole har sjølvsagt med ein assistent, 10 år gamle Eirik likar seg godt om bord saman med far sin.  Dei ti teinene har allereie stått fleire timar i sjøen - på rekkje og rad utover fjorden frå Brunsvikane v/Lekneset.   No er det på tide å få hummaren om bord, for hummar blir det – det er Eirik heilt sikker på.  Båtshaken ligg klar der den skal ligge og snart har Ole fått  første teina om bord. 

018 025
Til venstre ser vi at krabbe og hummar i same teine. Dessverre for hummaren skal det vise seg at krabben er av det handfaste slaget - foto til høgre.

Teina er sjølvsagt  ikkje tom, men krabbe står ikkje øvst på ønskjelista no.  Eit par teiner til med krabbe, men så kjem den første hummaren.  Den fjerde teina inneheld ein stor krabbe og ein mindre hummar.

Faste i klypa
Innhaldet skal vi ikkje uttale oss så mykje om, men hjørundfjordingane er kjende for å vere harde i klypa, dvs. ha eit fast handtrykk.  Det same gjeld for krabben i fjorden.  Akkurat det har no ført til eit småtragisk utfall  for hummaren i teina.  Krabben er stor, hummaren i teina er under minstemålet.  Normalt skal denne hummaren i sjøen igjen, men Ole oppdagar raskt at dei to klørne til hummaren ligg for seg sjølv i teina. Om krabben har meint å vere høfleg og  handhelse på hummaren kan vi sjølvsagt ikkje vite sikkert, men i så fall hadde krabben trykt vel hardt til.  Begge klørne til hummaren er i alle høve klipt tvert av. Livet kan vere tøffe saker.

Men så endeleg – den allereie nemnde, flotte rognhummaren kjem over rekkja.  Ole veit at denne må på sjøen igjen sjølv om han er godt over minstemålet – det er slike rognkrabbar som skal føre slekta vidare.  Men kva gjer det at ein hummar eller to må sleppast på sjøen igjen når fleire ventar i teinene som enno ikkje er dregne opp?  I det fiskaren er i ferd med å tøme den siste teina finn ein oppdrettslaks det verd å markere fridomen frå merden med å utføre eit elegant hopp rett framom halv-sjarken, som Ole kallar båten.

037 045b
To prakteksemplar.  Men hummaren til venstre er rognkrabbe og må på sjøen igjen.

Teinene må ut att
Men Ole og Eirik er slett ikkje ferdig med dagen.  Fiskereiskapen skal sjølvsagt i sjøen igjen.  Ole har allereie festa nytt agn i teinene og plassert  dei på dekk etter eit bestemt system. Ole er ein skikkeleg ordensmann, må vite   Eirik si oppgåve er no å kaste flottøren med tauet som er festa i teina, lengst mogleg ut frå båten.  Pappa likar ikkje tau i propellen. Tauet vert stramma ved at Ole sig sakte framover.  Skipperen kastar så eit blikk mot land. Når Ole likar det han ser - hummaren likar seg  best der det er ur – så får ekkoloddet også eit blikk og der det er ca. 10 m djupt vert  teina kasta på sjøen.  Snart er alle dei ti teinene sett ut igjen – far og son samarbeider godt.

040b 045 (2)b
Son og assistent Eirik kastar ut flottøren, far Ole kastar teina.

Men før kurset vert sett mot vest og småbåthamna igjen har Ole eit siste oppdrag – han har ikkje gløymt laksen som nyleg hoppa.  1. oktober er passert, dermed er det lov til å setje laksegarn. Eitt garn vert sett ut.

019b
Ny dag.  Ole speidar etter teiner.

Neste morgon
Det vert ei ny runde på sjøen for hummarfiskarane på Sæbøneset neste morgon.  Der er både krabbe og hummar i teinene no også, men fangsten er mindre enn kvelden før.  Så vert teinene sett ut igjen, det mørknar fort om hausten og dei første døgna av hummarfisket må nyttast godt.  Likevel – det er kanskje laksegarnet Ole er mest spent på. Eit par seiar og ein mindre lyr har vasa seg inn i garnet, men så kjem det som blenkjer – makrellen.  Ok - ingen laks, men ein heil stim med makrell har tydelegvis gått gjennom det stormaska garnet.  Flesteparten har sjølvsagt gått rett gjennom, men fleire har likevel blitt sitjande fast.  Ole slepp etter dette å uroe seg over lite agn til det vidare hummarfisket. I tillegg har Ole skaffa seg arbeid til turen over fjorden til småbåthamna på Sæbø.  Makrellen må ut av garnet og garnet må greiast.  Det er travelt å vere hummarfiskar like etter sesongstart.

051b
Under fjellet Saksa vert makrellen/agnet plukka ut av garnet.

Havets kardinal
Mange av oss har lagt merke til at det har vore mykje skriveri om hummarfiske, eller meir presist; ulovleg hummarfiske,  i september.  No er det forbod mot hummarfiske denne første haustmånaden, men mange har likevel prøvd å fange dette dyret – dyret som gjerne vert kalla havets kardinal.  Resultatet har i alle høve blitt mange beslaglagde teiner.

Eg veit ikkje, men eg trur ikkje at hummaren vert  kalla kardinal fordi han er katolikk, heller ikkje fordi han er raud som ein kardinal når han kjem opp av sjøen.  Men etter 25 minutt i kokande vatn med litt salt i har forvandlinga skjedd.  Hummaren har blitt så raud som ein kardinal berre kan drøyme om.  Er det her vi har forklaringa på namnet?

Takk for turen

Nokre foto til slutt:

007b 022b

046

041 056

071

046