Så er han tilbake - Hjørundfjordkalenderen.  Trass i at fleire etterlyste ein slik kalender i fjor, vart det ingen kalender med motiv frå Hjørundfjorden til å hengje på veggen. No er Hjørundfjorden bygdemobilisering under avvikling i si noverande form, men  Fred Ingar (Somby) og underteikna har teke eit privat initiativ- og fått laga ein ny Hjørundfjordkalender - Hjørundfjordkalenderen 2011.  Denne nye kalenderen er laga over same lest som sist, men eg trur eg har dekning for å seie at han er betre enn sist både når det gjeld utsjånad og kvaliteten på fotoa.  Eg veit at mange har sett- og høyrt om huldra ved Nordre Sætretind.  Ho er sjølvsagt med i kalenderen med tilhøyrande tekst.

Nyc
- Bestefar min møtte ei fager, lys kvinne med ei tjukk flette inne i Kvistaddalen.  Straks etter forsvann ho som ei ånd bortover tuvene.  Omtrent 90 år seinare møtte eg denne minst like vakre kvinne rett under toppen av Nordre Sætretind.  Så svinga ho seg elegant ned Fladalen på ski.  No trur eg også på huldra.  KH

Det er naturen som er det spesielle med Hjørundfjorden.   Difor legg vi vekt på naturfoto, men der er gjerne folk på motiva sjølv dei nødvendigvis ikkje har ei sentral rolle.  Fotoutstyret, og vi får tru også fotografane, har blitt betre sjølv om vi alle framleis er amatørar - med eitt unnatak.  Fotograf MA har gitt oss løyve til å bruke eit ferskt, fantastisk foto av månen over Hjørundfjorden.  Det kjem sjølvsagt på framsida.  Vi er utruleg stolte over å få bruke det.

Også som sist prøver vi å få med foto frå ulike delar av fjorden - og denne gongen viser vi også kor vakker Storfjorden er.  Skal vi nemne ølbryggaren ved Saurselva?  Det er kanskje nokre som fryktar at det blir berre slike fjellfoto på kalenderen, men eg kan opplyse at ca halvparten av fotoa er frå nede i området ved havflata.

Oktober
Sauesanking i Maradalen

Det har vore intens jobbing siste dagane for å få alt klart.  Enno er det ikkje heilt avklart om butikkane i fjorden skal selje kalenderen, men vi trur vi skal få til ei ordning her.  Det kjem informasjon etter kvart.  Likevel vil eg understreke at det vert Hjørundfjordportalen hjorundfjord.no som også denne gongen vert hovudsalskanalen. Vi som står bak kalenderen er glade for at vi har portalen, jfr. Toppturar i vinterfjell, difor går også 20 % av eit eventuelt overskot til Hjørundfjordportalen.

Sikrast og best er det å tinge/bestille kalenderen på e-post. Prisen er den same om ein kjøper ein eller fleire kalendrar, men denne gongen har prisen gått ned frå kr. 200,- til kr. 180,- pr. stk.( kr. 144,- pluss m.v.a.) - fraktfritt tilsendt.  Sjå annonse i venstre marg.

Fred Ingar og eg har inga direkte interesse i reiselivet i Hjørundfjorden, men det er no stor stas å få vise fram kor vakkert her er og til fleire som kjem hit til trivelegare blir det.  Stor stas er det også at vi har fått med 62 grader Nord, Sagafjord Hotell og Rekkedal Gjestehus som medspelarar denne gongen.

Av praktiske årsaker vert det ikkje spiral i ryggen på kalenderen denne gongen, men kvaliteten vert auka ved at det vert brukt stivare omslag.  Det vert lagt ut for sal ca. 100 færre kalendrar enn sist - vi vil ha ca. 550 til disposisjon.  Truleg vil det likevel vere nok til dei fleste, men det er vel klokt å vere litt tidleg ute med bestillinga.