Torsdag 18 nov. hadde Hjørundfjord Bondelag det årlege årsmøte med 20 frammøtte medlemmar. Dette møte var litt spesielt med juletallerken og besøk av den nyvalde fylkesleiaren i MRBL, Inge Martin Karlsvik. Fylkesleiaren er busett og driv gard på Eide på Nordmøre og hadde ein lang reise heim, difor fekk han kome til tidleg i årsmøte med sitt føredrag om arbeidet til styret i fylkeslaget.

 IMGP9640_1_1

Fylkesleiaren i MRBL, Inge Martin Karlsvik held føredrag om jordbrukspolitikken på årsmøte til Hjørundfjord bondelag.

Leiaren summerte opp verknadane av det som var oppnådd i jordbruksforhandlingane sist vår. Avløysarordninga har vore tema, men bonden føretrekke inntektsauke framfor auke i avløysarordninga, sa han.

 Frå salen vart det uttrykt uro over at avløysarordninga fungerte dårleg for dei med dårleg økonomi, då utbetalinga kjem over eit år i etterkant og det skal i mellomtida forskotterast moms m.a.

-Det er uro over at vestlandsbruka har mest nedgong i landet. Sjølv om landbruket har sterk støtte i media, så er det ei utfordring å få ei god rekruttering av unge brukarar. Det er meir attraktiv for ein ungdom å ta over viss det er fleire i same alder som driv. Her arbeidar bondelaget aktivt med å styrkje utdanninga slik ein kan nå aktive bønder som ikkje kan ta dei tre åra på Gjermundnes landbruksskule for agronomutdanning, sa Karlsvik.

 Ein annan sak som fylkesleiaren var oppteken av var dei kunstige høge inntektene som landbruket hadde. Dette meinte han hadde si årsak i lav investeringslyst pga. usikker framtid i inntektsutviklinga i landbruket.  Leiaren åtvara også mot å investere på eit leigd kvotegrunnlag. Leiger ein kvote på fem år, er det usikker om kva leigeprisen er etter den tid, og dermed kan det verte store problemer med økonomien, dersom utleiger skrur prisen opp ved avtalefornying.

Ei sak som opptek hjørundfjordingane, er situasjonen til pelsdyrnæringa. Hjørundfjord bondelag  ser på pelsdyrnæringa som seriøs og meiner ho er i ferd med å verte øydelagd av ein mobb. Bondelaget sentralt har valt å ligge lågt i terrenget i denne saka, og svarar berre på spørsmål.

 -Dette er ei sak som pelsdyrnæringa sjølve sin organisjon må ordne opp i, var beskjeden frå fylkesleiaren på årsmøte til Hjørundfjord bondelag.

 Dette vart sterkt i møtegått av medlemmane i Hjørundfjord bondelag, og etter ein grundig gjennomgong frå pelsdyroppdrettar frå Øye, Jon Arne Nordang, bestemte årsmøtet å utarbeide eit støtteskriv til Bondelaget sentralt.

 IMGP9644_2_1

Leiar i Hjørundfjord bondelag takka fylkesleiaren, for at han hadde tekje den lange vegen til Bondalen.

-Vi er i ein fortvila situasjon, og kjem ikkje til ordet i media om korleis dei driv, det er berre katastrofebilder og det negative som er interessant. Ikkje har vi høve til å kontrollere om bilda er manipulerte heller. At minken bit er eit kjent problem, og det kan skje med eit lite tal dyr  ein dag eller to i året i samband med at det er slutt på morsmjølka. Røktarane er på plass med ein gong dei ser dette, og skil dyra ut og gjev medisinsk behandling viss det er naudsynt. Skal næringa verte pålagde stadig nye rutinar og endringar, etter kvart som mobben krev det, er det over med næringa ganske snart, sa Nordang

I tillegg til at det vart servert juletallerken, var det årsmøtesaker og val, og styret fekk no ny leiar etter at mangårige leiar Eldbjørg Tvergrov gjekk av. Hjørundfjord bondelag har hatt to kvinnelege leiarar i si historie og den fyrsta var Helga Mo Riise. Eldbjørg har vore den faste leiaren sidan 2005.

Knut Hustad tek no over som leiar og ilag med seg, har han Magne Riise(ny), Arne Rekkedal (ny), Kari Riise og Jon Arne Nordang. 1. vara vart Hallvar Mo saman med Steinar Nordang. Revisor er Ole Stokke og Knut Inge Haugen.

 IMGP9647_1-2

Eldbjørg Tvergrov overleverte leiarvervet til Knut Hustad. Det var ikkje noko sure miner frå verken den eine eller andre, etter bilde å bedømme :-))

Årsmøte under Eldbjørg si klubbe har vore ein årleg festkveld med hyggje og god stemning. Eldbjørg fekk takk for sin innsats i laget og den nye leiaren er litt bekymra over at ho har lagt lista litt for høgt, med å varte opp med mat og anna godt på årsmøtekvelden.