Inge Martin Karlsvik, Eide, vart på årsmøtet i Molde laurdag 13. mars valt til ny fylkesleiar i Møre og Romsdal Bondelag etter Arne Magnus Aasen. Aasen tok ikkje attval og dermed fekk fylkesstyret ein ung mann som ny leiar.

Inge Martin Kalsvik leir i MB

Inge Martin Karlsvik, den nye leiaren i Møre og Romsdal Bondelag

Inge Martin er 35 år og driv mjølkeproduksjon med 50 mjølkekyr på ein gard i Eide på Nordmøre. Etter Hjørundfjorden sin målestokk så er det ein mjølkebonde med over gjennomsnitten med mjølkekyr, så medlemmane i Hj. Bondelag er nok spente på om denne nye fylkesleiaren kan sette seg inn i dei forholda som er i Hjørundfjorden, eller om han tenkjer større einheiter.

Styret i lokallaget inviterer alle medlemmane, både hovudmedlemmar og støttemedlemmar, til eit møte med juletallerken og styret forventar godt frammøte, når sjølvaste leiaren kjem.

- Kva kan hjørundfjordmedlemmane  få høyre denne kvelden frå den nye leiaren, Inge Martin?

Eg har tenkt å kome innpå litt om årets jordbruksavtale som vart inngått i mai. Både kva vi anser  som viktige sigerar, som bla. bedra tollvern på mjølk, og det vi er mindre fornøygde med.

I tillegg vil eg snakke om det vi jobbar spesiellt med i år. Rekrutering, kompetanse og likestilling, og kva som skal til for å betre tilstanden på dette. Vi ser viktigheita  av tiltak som skal betre muligheita for landbruksutdanning, også der det ikkje egner seg med ein tradisjonelt treårig videregående landbruksskule.
Vi ser og med tanke på rekruttering, at siden mange odelsberettiga ikke tek over gardsbruk, så må mange gardar kome på sal på den opne marknaden, slik at det blir lettare å kome seg inn i næringa utanfrå.

Vi har dreve dei siste fire åra med bygdemobilisering i Hjørundfjorden og dette med busetning har vore ei svært viktig sak for oss, og med nye boligfelt kjem vi ofte i konflikt med dyrkamark. Ei sak på Sæbø som folk har vore opptekne av er nytt boligfelt på Prestemarka. Bondelaget og Bygdemobiliseringa var einige om å støtte bruk av dyrkamarka her, fordi vi har eit akutt behov for nye boligar, og det er vanskeleg med område som kan byggast på, fordi vi har stor rasfare i området. Politikarane og Ørsta kommune gjekk inn for å ta området i bruk, men Landbrukskontoret og Fylket gjekk i mot, og saka er no skrinlagt.

- Kva er fylkeslaget sin politikk her?

Når det gjelder jordvernet, så meiner vi i Bondelaget at det må verte mykje strengare håndheva enn i dag. Lokale politikarar sit ofte for nært til å kunne fatte upoppulære besluttningar. Vi meinar derfor at forvaltninga av jordvernet må flyttast til fylket.
Ser vi isolert på Ørsta kommune, så ser vi at dei ofte fører ein jordvernfiendtleg politikk, med mykje nedbygging av verdifull matjord.
Så ser vi også at i nokon tilfeller må man akseptere bruk av dyrkajord, til bla boligar, veger med meir,  men då forutsetter vi eit restriktivt jordvern ellers.

Dette og mykje meir ser eg fram til å få konstruktive spørsmål om på møte torsdagskvelden, og eg skal gjere mitt beste for å svare på alle spørsmål.

Eg ser virkeleg fram til å møte medlemmane i Hjørundfjorden, som eg kjenner som aktive medlemmar og er svært viktige for oss sentralt å kome i kontakt med, avsluttar fylkesleiaren.

Leiaren i lokallaget Eldbjørg Tvergrov er litt lettare nervøs for kvelden og maten, og minner om at skal alle få seg ein juletallerken denne kvelden, må ho vite kor mange som kjem. Husk å melde frå, til henne på tlf 915 32 852 seinast onsdag, eller ein annan i styret, seier Eldbjørg.

 

Du kan lese innkalling med saksliste og årsmelding i Aktivitetskalendaren, ved å klikke på denne lenkja.