Einar Longvas jazzkvintett gjorde ein flott og rørande konsert i Hjørundfjord kyrkje sist laurdag.

Einar-Langvas-Kvintett-wb3

Ivar «Gutte «Hovde (slagverk) Leiv Staale Aasebø (klarinett)Terje Olsen(bass,trompet,flygelhorn, vokal) Kurt Sagen (gitar,banjo) og ikkje minst Einar Longva på trekkspel. Vokal Hilde Marie Kjersem (foto ET)

Einar-Langvas-Kvintett-i-Hj
På slutten av konserten sang Hilde Marie Kjersem nydelig Bred dina vida vingar.(foto ET)

Med seg på turen til Hjørundfjord kyrkje hadde dei med seg Hilde Marie Kjersem, som i disse dager kjem ut med plate. Plata heiter «Comfort Call» der ho har samarbeidd med Jon Eberson Group. Den kan bli spennande å høyre, for det ho framførte i kyrkja ga meirsmak.

Vi som er frå Hjørundfjord, er stolte over å ha ein som trakterer trommene så bra som det Ivar « Gutte» Hovde gjorde.

Konserten var lagt opp med salmar, negrospirituals, lett, jazz og latiamerikanske rytmer, for at ingen skulle verte støtte. Einar Longvas Jazzkvintett er også kjend for å spele svingande dansemusikk i lyd og lag rundt om på Sunnmøre.

Konserten starta med tre mellodiar av Duke Ellington, der Mood Indigo kom fyrst.Eit stund ut i konserten fekk publikum vere med på allsong med Hildringstimen og Gi meg handa di ven---. På slutten av konserten sang Hilde Marie Kjersem nydelig Bred dina vida vingar.

Konserten var arrangert av Hjørundfjord kulturvernlag og Hjørundfjord sokneråd. Overskotet skulle gå til førstehjelp til Prestegardsløda, men det burde vore minst dobbel så mange publikummarar skulle det blitt noko å føre over til det formålet.

ET