Hjørundfjordheimen sommaren 2010.
Bondalen helselag og Hjørundfjordheimen arrangerte sommarfest i lag.
Vi var ikkje heilt heldige med vêret, men med gode telt og varmande underhaldning av Gunnar Pedersen og fruen, var stemninga på topp.
GP smelta alle sine hjerter med kjende og kjære songar frå svunne tider.
Dette bildet talar for seg sjølv.
Mykje folk, og mykje god mat.
Rikeleg og god mat, til alle!
Underhaldninga ser ut til å "fengje" alle, mange lurte på å fortsette festen på Trandal utpå kvelden.
Grillfesten
Det var vanskeleg å finne varme nok dagar til å arrangere den årlege grillfesten.
Fyrst utpå seinsommaren slo vi til, då vart det flott vêr og alle kosa seg.
Martha og Sigve hadde full jobb med å grille.
Folket kosa seg i sola, medan dei ventar på maten.
I god campingstil- grillrøyk og sol! ja berre grilldressane som mangla.
Her er eit knippe "SOMMARBLOMSTER" frå heimen vår.
Rundt "karabordet" gjekk praten lett.
Ein god diskusjon mellom to "pedagogar"
Etter grillmaten var det godt med ein kopp kaffe.
Litt aktivitetar frå sommaren!
Her er det klar for potetekakebaking.
Kalla kan sine kunster og dreg kvenna so det plystra.
Oddrun og Karin gode hjelparar , men visst kan det vere tips å få frå dei som har levd litt lenger.
Borghild er "sjefsteikar"
Barnekoret får vi aldri høyrt og sett nok av, det er stor glede kvar gong dei kjem og syng til oss.
Anne Margrete er ei av dei trufaste Bingodronningane våre, ho er som potete og salt- brukandes til ALT.
Alle kosar seg på bingo, skal tru om det er blomster eller drueklase vi vinn i dag?
Emilie er ei av dei elevane som har praksis på heimen, og det set vi stor pris på.
Vi har dyktige sommarvikarar, dei skapar trivsel og glede for oss alle.
Ja vi er alle såååååååå glade i dei!
Sangstund i sommarvarmen på verandaen, vi får håpe vinteren går fort, så det går mot lysare tider.
Vi har fleire gode "glimt" å by på,
berre følg med.
Kommentarar