Først ein quiz: Kva manglar på fotoet til høgre?
Kva er best - vinter... | ... eller sommar? |
Spørsmålet om kva som er best av sommar eller vinter er sjølvsagt tøvete, for det er ein lang sommar som gjer vinteren god - og omvendt.
No har eg forresten lagt merke til at fleire, kanskje spesielt kvinner i sin beste alder, gruar seg til vinterhalvåret. Ja, på skjermen har eg sett, og ved påtreff har eg høyrt, at nokre meiner at dei må ha minst ein tur til Syden i vinterhalvåret for i det heile å greie seg gjennom denne årstida. Er det slik, og er det slik at det berre er solrike dagar om sommaren som gjev livet meining, så må Sunnmøre og Hjørundfjorden vere ein lite god stad å bu på. Truleg må vi mannfolk ta sjølvkritikk som tek signala for dårleg. Kva skal vi gjere for at damene våre skal trivast også om vinteren? Kanskje kan vi få nokre råd i kommentarfeltet under?
No er det vel fleire som veit kva eg likar å gjere om vinteren, men skiturar i langrennsløypa eller på fjellet gjer alltid godt, både for trivsel og kondisjon. Og er er så gammal at eg kan innrømme det - eg likar svært så godt kafebesøk. Ja, eg trur til og med at det er lov til å gå på eit kafebesøk berre for å hygge seg - utan å vere på reise og vere svolten.
Å kvile under skiturar er viktig. (Det bestemte Fred Ingar i går.) Her er underteikna rett under fjellet Fingeren tysdag 26. oktober. Foto: Fred Ingar Somby.
Men altså - skisesongen har starta
Etter det eg ser har ikkje så reint få fleire fjellturar på ski bak seg allereie denne sesongen. Og fleire legg ut kommentarar frå turane, og ikkje minst foto. Dette gjeld t.f. facebook. Det er sjølvsagt flott, men eg vil framleis oppmode om at nettportalen hjorundfjord.no også vert brukt til dette. Dersom du vil informere andre om dine toppturopplevingar er det ingen betre stadar enn Hjørundfjordportalen. Sida "Toppturar i vinterfjell" har no nesten 23000 treff og fleire hundre les gjerne det du skriv om ein spesiell tur. Kommentarar kjem gjerne også og ikkje berre slike "kor flinke du e". Her får du ros og ris og vi andre får lærdom. Kom igjen og skriv.
Eg hadde ikkje så god tru om gode skiforhold i går, men eg vart med Fred Ingar til Standalseidet. Der er det tydelegvis ei skikkeleg snøhole. Det var ca. halvmeteren med snø ved vegen og ved ca. 800 meter var det omtrent meteren med nysnø. Utruleg. Og skiføret var glimrande. Det einaste eg angra på var at eg ikkje tok med full vinterutrustning. Hanskar er aldri godt nok i minusgrader og tørrsnø slik det var oppe under Fingeren. Eg legg ved nokre foto under - om ikkje anna for å vise at no har Fred Ingar fått seg 4WD. :)
Vinter på Standalseidet og vinter i fjellet.
T.v.: Fred Ingar har gått kurs og har lært seg å pakke skifellar i kulde og vind. T.h.: Her vert nok snøen liggande til våren, eller...?
OK, litt rusten både her og der, men berre eg får voksa skina så skal dette gå bra etter kvart.
Det er mykje kjekt å få ut av ein meter med nysnø.
Eit lite obs kan vel vere på sin plass. Snøen er nettopp komen, men vi såg i går at snøskred hadde gått allereie. No er det regn og mildvêr ute, men det skal etter kvart snøe i høgda. Vert det skitur er det nok klokt å ta med det som skal vere med av sikkerhetsutstyr, inkl. hjelm.
God tur
Kommentarar