Eivind Årseth Dimmen(9.kl.), Jørgen Andreas Mo(8.kl.) og Sondre Kristoffer Mo(10.kl.) jobbar med fjøsarbeid og gardsarbeid på OD-dagen sin. Arbeidet besto av foring, hjelp med å flytte dyr, og å gjere klart gjerder til vinteren. Jørund Mo og Ivar Svein Mo fekk full utnytting av desse karane, då det høvde slik at dyr skulle flyttast og målast, og dette er vanskelg åleine, men går som ein leik når ein får hjelp. Når tre slike karar tilbyr hjelpa si for 200 kroner dag, er det ikkje vanskeleg å få gode tilbakemeldingar til skulen.
Denne veka gir ungdommar i heile Noreg ein av sine skuledagar for at jamnaldra i Brasil skal få moglegheit til å leve sitt ungdomsliv. Eivind Årseth Dimmen, Jørgen Andreas Mo og Sondre Kristoffer Mo jobbar med fjøsarbeid og gardsarbeid på OD-dagen sin, og sender løna si til Brasil. For 200 kroner dag har folk og arbeidsgjevarar fått anledning å leige ein arbeidsvillig ungdom, ein heil dag til å gjere ting som dei ikkje rekk ellers. Erfaringane er svært gode og det er kjekt å ha desse ungdommane, er tilbakemelding hjorundfjord.no har fått.
Foring av kalvar var ei av oppgåvene i morgonstellet. Når kalvebingen innheld 43 kalver slik som i fjøsen til Jørund, er det litt av ein jobb å nå over alle.
Operasjons Dagsverk arrangerast av, med og for ungdom. Derfor er det meininga at det er elevrådet på ungdomsskulen som står for å legge til rette dagen med støtte frå ein kontaktlærar. Kontaktlæraren på Sæbø skulen er Hallgeir Aam.
Årets prosjekt i Operasjon Dagsverk (OD) har som mål å bidra til å forandre liva til fattig ungdom i brasilianske storbyar. Stadig voksande slumområde, truande armod og vald og kriminalitet gjer at brasiliansk ungdom står blotta for glede over nettopp det å vere ung. Dei har berre eit svakt håp om ei lys framtid.
Gjennom å mobilisere norske skuleelevar til å gi ein dag for å samle inn pengar til Brasil, er målet med årets OD-aksjon å styrke den offentlege utdanninga og gi brasiliansk ungdom håp om ein jobb og eit verdig liv. Nøkkelord i denne samanhengen er kulturelle aktivitetar som hip hop, dans, musikk og data som brukast til å gi gutar og jenter mulegheit til å vere ungdom - og tru på seg sjølve.
Kommentarar