Halloween Buffet på Sagafjord Hotell!
Kom og spis artige og uvanlege rettar på Sagafjord Hotell den siste søndagen i oktober!
Lagt inn av
Toril Overå
17.10.2010 23:29
17.10.2010 23:29
Stikkord
Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som omhandlar temaet.
Kommentarar
Kvar det passar å annonsere på portalen har eg ikkje greie på, men personleg meiner eg det er godt nytt at Sagafjord Hotell er synlege og utadvendte.
Men som alle andre nyheitsmedia så skal ei nyheitssak vere ein informasjon og ikkje ei annonsering. Portalen har vore modell for fleire andre som har starta opp nettside, nettopp fordi vi har skilt mellom nyheitsstoff og annonsering.
I køyrereglane som vart utarbeidd ved start av portal for 5 år sidan står det:
På framsida kan vi ikkje tillate annonsering. Her skal vi ha artiklar og nyhende.
Informasjon og annonsering er to forskjellige ting og eit telefonnummer i nyhende vil grense mot annonsering. Ein god informasjon bør innhalde ei forteljing og gode bilete, for å ikkje gå over grensa til annonsering.
Portalen har laga til to andre plassar der det kan annonserast så mykje som ein berre ynskjer- Forum og Aktivitetskalendaren. Det er klart at å få ei annonse øverst på framsida vil være ein fordel.Slepp ein laust dette fritt, er det slutt på interessa for å lese Portal også.
Noko nærare ei annonse enn det som står øverst her frå hotellet, kan ein ikkje kome, då ein til slutt ber om å ringe telfonnr. for å få den informasjonen som burde stå i nyhende.
Hotellet og alle andre er hjarteleg velkomne å skrive om sine aktivitetar, men som køyreregel seier, det skal innhalde ei forteljing og gode bilder og helst ikkje telefonnr. for å bruke nyhende. I dette tilfelle ville nokre linjer om kva Halloween er for noko, og kva som vert servert og sløyfa telefonnr., kunne være ei fullgod nyhende.
Annonsa finn folk under Aktivitetskalendaren.
Nyhendeplassen kan ikkje brukast til rein annonse, men for å imøtekome hotellet sine behov er det heller aktuelt å sjå på ein annan måte portalen kan hjelpe hotellet.
Ivar Svein Mo