”Der kan du stå…”
Ho Kalla visste vel kvar skapet skulle stå og ga sine klare beskjedar når det var trong om det.
Mot kveldinga ein sommardag var ho klar til å ta fatt på vegen fram på sætra og han Hans stod på låvegolvet med eit fongen med etterrakst:
- ”Du Kalla, kar ska ej gjere ta ditte ?”
- ”Der kan du stå til dess ej kjeme heimatt … ”
”Berre ein leik…!”
Gardbrukarkona i Ramo-garden, ho Karen, var i eitt av dei første krigsåra uheldig og fekk venstre handa inn i treskemaskina og måtte amputere litt ned om albogen. Turen til Volda tok mange timar og bedøving fanst ikkje til den transporten.
Denne hendinga gjorde - som venta - eit inntrykk i bygda. Ei tid etter var det møte på bedehuset og det var ikkje så underleg at Store-Fredrik gjorde seg nokre refleksjonar der Karen si manglande arm var bakgrunn for denne tankerekka:
”Er det ikkje merkjeleg? Det stend ikkje i menneskeleg makt å lage ei hand eller ein fot. Men å lage eit heilt menneske, er berre ein leik!”
Det er ikkje så underleg at denne historia vert fortalt den dag i dag.
Kommentarar