Den store fårikålfesten

  • Laurdag 23. oktober
  • Klokka 2000
  • Den store fårikålfesten
  • Bondalen grendahus
  • Pris:  Kr. 150,-
  • Kjøp billett på Bellingen, Sæbø

Har du fått med deg dette?

grendahus_vignette
Fårikålfesten vert på dette huset, ca. 4,5 km frå Sæbø sentrum

Det er Rune Mo som er leiaren for styret til Bondalen grendahus. Han gler seg stort til denne festen og til fleire som melder seg på og møter opp til likare vert det.  Og kvar kjem kjøtet frå?  Lamma er allereie tinga hos Kjell Frøland og sauene hans vert sanka på spesialmåten, berre klikk her for å sjå.

Ut på kvelden skal det sjølvsagt vere dans også, men Rune lovar at det skal verte pratehøgd på musikken, med andre ord skal ein kunne greie å prate med folk og Rune lovar i tillegg at fårikåletarane skal sleppe øyresus i mange dagar etterpå.

Botneskrapa kasse

Styreleiar Rune legg ikkje skjul på at huset slit stort økonomisk. Per i dag har ikkje huset eigne pengar til å betale straumrekninga med, men eit lite lån frå BFUL skal ordne på dette mellombels.  Rune trøystar seg med at huset er i god stand, drevveggen er nymåla og ein større og kostbar reperasjon av taket er ferdig.  Ein dragar inne i huset er også reparert - ein dragar som vart skada på grunn av stor snøtyngd.  Huset har heller ikkje lån.

MEN: Bondalen grendahus har årlege, faste utgifter på ca. kr. 53.000,-.  Det er for forsikring og straum. Før den store takreperasjonen hadde huset pengar på bok, men dei er no brukte opp.  Rune vil slett ikkje vere negativ, men dersom mange melder seg på til fårikålfesten vert det hyggeleg for alle OG det vil kome inn nok pengar til å betale t.d. straumrekninga med.  Rune strekar under at 3.dags-festen tradisjonelt brukar å vere ei god inntektskjelde  og til neste sommar er det heile åtte par som har tinga lokale på grendahuset til bryllaupsfesten. Det ser med andre ord lovande ut for 2011, men det manglar altså pengar for siste del av 2010.

Basarbøker for festen

Avslutningsvis legg Rune til at det vil verte gått rundt med lodd-/basarbøker før den store festen.  Gevinstar vert det mange av - kvalitetsgevinstar som kostar opp til kr. 700,- pr stk. i butikk.  Er det ikkje berre å kjøpe seg billett på Bellingen?