Gjengen rett før avspark, nokre var fole forkava og andre tok det meir med ro, så dette vart det einaste fellesbildet.
Framme står Randi som har med det eldste barnebarnet sitt og nabojente Andrea, bak står Norunn, Unni, Judith, Alvhild og Kari
Andrea har vore på tur før og veit at ein bør ha med seg kart når ein skal ut i naturen, eit heimelaga skattekart er meir enn godt nok på Gamlevegen.
Panoramabilde med dei flotte Hjørundfjordfjella i bakgrunnen.
Judith, Alvhild og Kari er godt kjende her, det er kjekt å gå attmed dei og høyre alt dei har å fortelje.
Gamlevegen på Villane ser ut til å vere mykje nytta til turgåing, her møtte vi Irene med Tore og Olav i vogna. To blide kara.
På Valset dukka Ingunn og Sunniva opp og slo følgje med oss heimover til Rekkedal.
Irja skal snart på hundeutstilling på Hamar, og har ikkje tid til å stå her å prate med damer. Ein trufast turvenn.
Med dette bildet av haustkvelden seier vi takk for ein god tursommar!!
Hugs turmarsj på Elvarampa tursti den 16. oktober, vi kjem tilbake med meir informasjon.
No i haustferieveka vert det trekt vinnarar på 10 av trimpostane, - spennande!
Kommentarar