Med hausten i fjor og det tidlege snøfallet friskt i minnet,byrjar vi å bli litt "småstressa" på å få sauene nedatt på heimebøane. Vi har klatra og kikra og leita etter 2 søyer og 4 lam som er søkk vekk frå områda Vellesæterdalen og Gullmordalen. Helga for 2 veker sidan hadde vi ein fantastisk tur frå Vellesætra via Gullmordalen til Sykkylvsdalen og Langsæterdalen, men utan å finne sauene. No står Grøtdalen att, det bli nok tur dit fredag.
Vi har ei lita bøn til turgåarar og jegerar i området - om de skulle sjå sauer med gule øyremerke og gule bjellemerke i desse områda - VER SÅ SNILL Å TA KONTAKT !
Else & Hermod Velle
Fleire tips og observasjonar ...? (09.10.2010 kl. 12:15)
Vi velgde å legge turen i går frå Haukåssætra via Steinrèset og nedatt råsa til Øye. Det var ein fantastisk flott tur i nydeleg ver !!. Men dessverre var det ingen sauer å sjå.(Våre sauer har gule øyrmerke og gule bjellemerke med nummer.)
Vi takkar alle som har hjelpt oss med informasjon og gode råd og som har lovt å framleis la augene/kikerten sveipe over liene !
Hermod Velle
Glad for alle tips.. (07.10.2010 kl. 21:28)
Tusen takk for positiv tilbakemelding ! Tvilar litt på om det kan vere våre, men eg veit at ein bonde på Engeset i Stranda òg manglar sauer.Det er ikkje langt dit frå Habostaddalen...eg sender beskjeden vidare til han.
Hermod Velle
Slogråsa (07.10.2010 kl. 21:06)
Var på Slogen forrige mandag, og då såg vi dette antall sauer stå i Slogråsa, rett før der Slogråsa og Patchellråsa møtast. Såg ikkje kva merker dei hadde på øyrene. Kan det vere dykkar sauer vi såg?
Mariann Skaar Skotte