Aldri har vel turgåing i sommarhalvåret vore meir populært enn akkurat no, og svært mange brukar turboka "Fotturar på Sunnmøre" av Helge J. Standal, Jon Hagen og Gunnar Wangen, som turlos. Men siste året har det vore eit stort problem - boka har vore utseldt både frå butikkane og Iriss Forlag i Volda. Trøysta har vore at ein har visst om at nye bøker skulle trykkast opp, men kvifor tek det så lang tid?

helge
Helge Standal har like til det siste fotografert frå m.a. fly for å fange dei beste oversiktsfotoa i best mogleg lys.  Svært mykje tid har han også brukt framfor pc-skjermen.  Dagens quiz vert denne: På skjermen ser vi eit foto.  Kvar står fotografen?

- Helge Standal, pedagog, forfattar og fjellmann, kvifor tek det så lang tid å få trykt opp fleire eksemplar av Iriss Forlag si bok, "Fotturar på Sunnmøre"?

- Dette er ikkje eit nytt opplag av 2003-utgåva. Denne 4. utgåva av turboka er totalrenovert med ca 50 nye sider, 20 nye ruter og 90% av bilda frå 2003-utgåva blir erstatta med nye. Noko av teksten vil vere lik det som sto i 3. utgåva, men som nemnt, omarbeidd og oppdatert og mykje utvida.  Helge legg også til at denne nye 4. utgåva får eige ISBN-nummer.

- Su du meiner at vi som kanskje har liggande både 2. og 3. utgåva av turboka på nattbordet eller i tursekken, bør skaffe oss denne nye 4. utgåva også?

- Dette må sjølvsagt folk få avgjere sjølv, men som allereie nemnt er dette ei heilt ny bok sjølv om tittelen er den same.  Kvaliteten på fotoa har auka, nye ruter - ikkje minst i Hjørundfjorden - har kome til, osb.

Helge nemner også spesielt Hjørundfjord-kapittelet.  Til hjorundfjord.no seier han at dette kapittelet har blitt eit av dei lengste, det har fått flest ruter, fått fleire store praktbileter og nye flyfoto.  Han synest vere ekstra stolt over ei dobbelside av Sæbø med Bondalen der stadnamn og ruter er innteikna.

- På Iriss Forlag  sine heimesider kan vi lese om denne nye 4. utgåva.  Vi ser også eit døme på korleis ei slik dobbelside vert sjåande ut.  I tillegg kan vi lese at svært mange har førehandstinga turboka før de har sett i gang med PR i det heile.  Er det fare for at boka vert utseld før folk ho kjem i butikkane?

- Nei, så gale er det slett ikkje.  Boka kjem nok i handelen rundt månadskiftet november/desember.  Ho vil då vere å få kjøpt i bokhandlarar, men i tillegg vil vi prøve å få ho seldt i sportsbutikkar og i nokre daglegvarebutikkar.

- Så ho vil vere å få kjøpt i butikkane i Hjørundfjorden også?

- Ja, dersom butikkane vil ta imot ei bokkasse så gjerne det.  Eg kan legge til at boka vil vere å få kjøpt på nettet også, iriss@iriss.no Vi sender då boka ut straks ho kjem frå trykkeriet, rundt 1. desember, slik at det skal vere tid til å få sendt ho som julegåve.

- Takk for praten Helge, men det viktigaste spørsmålet, i alle høve for bondalingane og Sæbø-folket, kjem no:  Er Gunnar-råsa med i 4. utgåve av "Fotturar på Sunnmøre"?

- Sjølvsagt.