På Sæbø får ein starte i speidaren frå 5. klasse.

Vi har no ein del 10-åringar som gler seg til å få starte opp og mange av dei som var speidarar i fjor vil gjerne fortsetje. Men utan ei/ein som kan leie patrulje- og troppsmøta vert det ingen aktivitet for speidarane i haust.

Speiderane i kyrkja

Presten i Hjørundfjord, Rolf Dyrhol, synest det er kjekt når speidarane tek del i ei gudsteneste.

Speiderane

Speidarane brukar å ta del i Hjørundfjorddagane første helga i juni.

I år bygde dei ei populær reie som publikum kunne få prøve.

Uteplass

Er her ikkje flott?

Speidarane på Sæbø held møta sine annakvar veke på Bedehuset på Sæbø, like ved kyrkja. Når veret tillét det, og her ikkje er rasfare om vinteren, kan dei boltre seg på dette utearealet.

Speidarane på Sæbø har sin eigen lavvo og anna utstyr til utandørs bruk.

Om du kan tenkje deg å vere speidarleiar på Sæbø er det fint om du tek kontakt med Aanon Aanonsen, tlf. 908 96 868 snarast.