Vi startar med å sitere frå turboka "Fotturar på Sunnmøre": - Lågare fjell finn du ikkje i Hjørundfjorden, ein skogkledd kolle med utsikt som overgår dei fleste toppar med slik høgde.

054b
Her ser vi Leknesnakken - den skogkledde kollen rett imot.  Samanlikna med Slogen, toppen i bakgrunnen, vert han liten.  Likevel er utsikta frå dette lågaste fjellet i Hjørundfjorden framifrå.

Eg valde å gå opp til Leknesnakken frå Lekneset.  Bruk same råsa som du går når du skal på Saksa, men når du kjem opp til steinura tek du til høgre og går opp til kraftmastene.  Derifrå etter fjellryggen til toppen. Les meir om dette til slutt i artikkelen. Så ein del foto:

025 (2)
Mot Sæbø og Bondalen

028b
Kanskje likar du Norangsfjorden betre?

014b  042b
Til venstre ser viu mot sør og Stålberghornet, til høgre ser vi mot nord og ut Hjørundfjorden

Untitled_Panorama1 copy
Litt misvisande, kanskje, men Urkedalen og Langseterdalen til venstre, inn Hjørundfjorden til høgre.

Nesten på toppen av Leknesnakken gjekk eg meg overraskande på ei hytte, eller ei hytte som var i ferd med å gjere sitt siste sukk og sige samen.  Er det nokon som veit meir om dette bygget?  Kan vi få nokre opplysningar i kommentarfeltet under?

008b
Er det nokon som kan fortelje oss historia til denne falleferdige hytta på Leknesnakken?

Som nemnt gjekk eg opp på Leknesnakken frå Lekneset.  Turen opp her var nok ikkje så enkel som ein skulle tru.  Det er ikkje lenger beitande geiter i området, difor var graset heller høgt og råsa var ikkje lenger så godt merka. Ein del halvrotne greiner/tre - frå geitebeitingsåra? - låg også i området.  Det vart hòl i buksa og eit litt blodig kne for min del, men ei litt betre rydda- og merka rås hadde gjort turen opp enklare. Etterpå fekk eg vite at ruta til toppen frå Urke er enklare og betre å gå.

Dette var fyrste gongen eg var på Leknesnakken og turen er absolutt å anbefale. På gråversdagar kan det ofte vere eit problem for ivrige fjellgåarar å finne ein topp der ein får litt utsikt.  Leknesnakken er alternativet.  Den er låg noko som gjer at den som oftast ikkje stikk opp i skyene.  I tillegg ligg dette fjellet svært sentralt til.  Men kanskje burde dei som driv med turisme teke initiativet til at i alle høve råsa frå Lekneset vart rydda og merka skikkeleg?  Kanskje kunne gredelaga på  Sæbø og i Norangsfjorden fått nokre kroner og gått saman om prosjektet? Og tenk om ei ny "turisthytte" kunne vert sett opp og...

For dei som lengtar lett heim til Sæbø og Bondalen tek eg med eit foto til:

040b

Og så ein quiz som eg reknar med at sjølv ikkje Svein Myhre ikkje greier.  Kva for eit sentralt fjell er på fotoet under?

057
Kva for eit sentralt fjell ser vi her?

001b
Og heilt til slutt tek eg med vevkjerringa som held steinura under Leknesnakken på plass.

019b2_edited-1
Urke og Norangsfjorden