Går du litt ut om asfalten i finevêret no om morgonen legg du heilt sikkert merke til dette som kan likne på spindelvev.  Men spindelvev er det neppe - så kva er det?

008b
Her er nokre eksemplar av dette "nettverket". Eg trur vi finn det helst der det er vått/myr.

Går vi litt nærmare inn på kvart enkelt "nett" ser vi at det er snakk om mykje dokk, men vi kan også sjå regnbogen der sollyset bryt.

005b b
Til venstre i motlys.  På fotoet til høgre kan vi og skimte ein regnboge omtrent midt på.

012b

015b

Dette skulle vel vere nok variantar.  Eg burde sikkert ha visst kva dette er - i alle høve kunne eg sikkert ha søkt på ein eller annan nettstad.  Men kva skal vi med slikt for vi har vel brukarar av hjorundfjord.no som veit kva dette er?

Heilt til slutt tek eg med eit spindelvev - berre for samanlikninga si skuld.

001b