Frølandsetra 2010
Vi var seks som starta på Frøland, vødde for både regn og vått lende.
Norunn, Kari, Alvhild, Haldis og Unni.
Då vi hadde passert alle leda, kom vi inn til brua ved parkeringsplassen.
Der har vi sett opp eit skilt som viser at råsa til Grøtdalstindane startar litt lenger inne ved Heimsetra.
Dette vart vi gjort merksame på trengdest, då fleire turgåarar hadde starta på turen oppover i skogen her ved parkeringsplassen, og gjekk seg faste i fonnskogen.
Håper skiltet kan vere til hjelp.
Då vi passerte Heimsetra vart vi merksame på ein som kom etter oss, det var Helga.
Då var vi brått sju i flokk, her med Stokkehornet i bakgrunnen.
Det manglar ikkje på friskt vatten i dalen, her tek helga seg ein "sup".
Når vi kom inn på setra, skreiv vi oss sjølvsagt i boka.
Unni og Kari registrerer at det har vore bra besøk , men der er god plass til fleire.
Bodil, Helga, Haldis, Norunn, Kari, Unni og Alvhild ved selet .
Vi hadde fleire forsøk på fellesbilde, men det kan vere noke gale med ho som stille inn kameraet.
Enda eit forsøk før vi rusla heimatt.
Eg og Unni kosar oss over at det er komen snøv på Storehornet og Skårasalen, men Haldis er litt meir betenkt.
Her ei lita oppstilling ved "den siste mohikaner" eller kva denne skulpturen ved vegen kan heite.
Nokon som veit om den har eit namn?
Her eit glimt av haustfargane i harmoni.
Takk for laget, vi rakk 71 grader nord!
Neste tur er Rekkedalsetra.
VEL MØTT!
Vi minner om at det vert "Rampemarsj" den 16 oktober, sett av dagen til det.
Kommentarar