No i helga er det årets høgdepunkt for gjetarhundar m/førarar her i Møre og Romsdal.  Møre og Romsdal Gjetarhundlag med leiar Odd Bjarne Bjørdal i spissen skal nemleg arrangere både Fylkesmeisterskap i bruk av gjetarhund (fredag) og i tillegg skal det avviklast landsprøver (laurdag og søndag).  Klikk her for meir informasjon.

087

Fylkesmeiterskap og landsprøver er store arrangement.  Heile 120 sauer skal vere med som viktige deltakarar.  Her ser vi Odd Bjarne på veg ned Lissje Skåradalen med sauer den 8. september i år.

Fylkesmeiterskapen i bruk av gjetarhundar skal vere no fredag, fredag den 24. september, og startar klokka 10.  Laurdag og søndag vert landsprøvene avvikla og startar klokka 08.  Her skal heile 50 gjeterhundar med førarar delta og nokre av ekvipasjane er mellom dei beste i landet.  Odd Bjarne Bjørdal, som sjølv skal vere med som einaste deltakar frå Ørsta, oppmodar alle gjetarhundinteresserte til å møte opp.  Han opplyser at tilskodarane vil få god plass der det skal vere lett å få med seg det som skjer.  Det kostar ingen ting å sjå på.  Og skulle du bli svolten eller kaffitørst, så vert svele og kaffi, pølse og brød - og sikkert også ei brus - å få kjøpt.

006  009

I dag vart det aktuelle området i Bjørdalen, gardsbruket til Odd Bjarne Bjørdal, gjort klart for fylkesmeiterskapen og landsprøvene.  Her er sjef Odd Bjarne (t.h.) i samtale med arbeidsassistent Hans Molnes.

010
Det er på attelega bak hovudet til Hans Molnes(herren t.v.) at arrangementa vil gå av stabelen i helga.

Vel møtt, seier Odd Bjarne Bjørdal.