Det er ikkje så dumt
å sikre eigendelane sine best råd, elles kan det lett gå slik Peter og eg fekk sjå siste onsdag.
 
P1040443
Inne i forteltet var det mangt og mykje som freista.
 
Sauene gjekk framleis på beite
i dalen og det er ikkje så rart at dei vart freista av matlukta frå dei dårleg sikra fjelltelta som sto tett i tett på base-campen ved det nordlegaste vatnet. Halvvegs nedslegne teltpluggar og delvis opne glidelåsar  vart i alle fall for freistande for dei matglade sauene.
 
Ei  lite hyggeleg overrasking
venta eigarane når dei seinare kom ned frå toppane. I ytterteltet var det meste av maten sett til livs og rota utover.
P1040449
 
Soveposane i innerteltet var godt liggeunderlag og det var plagsomt å bli uroa under ein god middagskvil.
Berre boksa med sjokoladepålegg hadde ikkje falle i smak, men til gjengjeld var innhaldet  - eller var det noko anna som likna? - klistra utover både soveposar og klede. Og i innerteltet hadde dei glupaste firbeinte funne ut at her var det godt å legge seg nedpå og hadde etterlate seg det ein berre må vente frå slike vitjingar.