263
Over eller under vatn - Vegard Riise, bak til venstre, har kontrollen.

Alle rafting-foto:  Anita Jakobsen Laumann.  Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

Vi har ikkje sett så mykje til Vegard Riise (24) frå Sæbø siste året, men kanskje fekk nokre eit glimt av han på fjernsynet under 50-kilometeren i OL i Canada sist vinter.  Rett nok var ikkje Vegard deltakar - det er toppturar på telemarkski som er Vegard sin spesialitet - men mesteparten av året er han student nettopp i Canada, ved Thomson Rivers University.  Der studerer han Adventure Guiding, dvs. får opplæring i å verte instruktør/guide på ulike felt som vass-sport, ski, klatring osb.   Og det siste året har han studert saman med kjærasten sin, Anita Jakobsen Laumann, som er frå Løkta i Nordland.

No har sjølvsagt både Anita og Vegard ferie, men sjølv om dei to sikkert likar å slappe av til tider, har dei begge no full jobb ved Jølster Rafting ved Vassenden i Jølster.  Som vi ser av  fotoa er det travel jobbing, men begge såg ut til å like jobben i går, torsdag, då Vegard hadde besøk av syster Silje, far Ole Johan (Ollen), samt Jakob og underteikna.  Jølster Rafting tilbyr ulike aktivitetar, men denne dagen var det rafting i elva Jølstra som stod på programmet for oss fire - sjølvsagt med Vegard som guide.

305 311b
Til venstre er det administrasjonssjef, fotograf m.m. Anita som gjev innstruksar m.a. til Silje Riise, Ole Johan (Ollen) og Jakob.  Dei tre sistnemnde er her klargjort for raftingturen på elva Jølstra.

Denne dagen var vi 14 personar i dei tre båtane.  Vi fire hadde eigen båt og som nemnt eigen guide,Vegard - den beste vil vi tru. Men alle tre guidane, pluss Anita, var svært så trivelege å ha med å gjere.

Det er fotoa som er det viktigaste, berre sjå under, og alle fotoa av oss i båt er tekne av Anita.  Ho fôr som ein jo-jo mellom dei ulike punkta i elva.  Heile turen var på ca. 12 km og tok tre timar inklusiv opplæring og retur i buss.

155 158
Til venstre er det guideveteran Yah frå Japan som før start lærer oss om kameratredning i tilfelle mann over bord.  Til høgre er det Vegard som gir sine siste innstruksar til Team Hjørundfjord rett før det ber laust.

165
Vi er i gang.  Frå venstre Jakob, underteikna, Silje og Ollen.  Bak sit sjefen i båten, Vegard Riise.

Silje var som veteran å rekne i båten..  Ho hadde vore med bror sin i båten ein gong tidlegare.  Vi andre var sjølvsagt spente og kanskje litt nervøse,  men snart vart det ei rein fryd.  Vegard gav nemleg klare og sterke ordrar og vi oppdaga raskt at ordrane hans fungerte og at det einaste rette var å gjere som vi fekk beskjed om.  Denne turen kan absolutt anbefalast for dei fleste over 15 år.

184 201
På foto til venstre ser vi alle tre båtane i elva.  På foto til høgre testar Vegard mannskapet sitt.  Sidelengs, bakover eller framover - det går fint.

215 217
Går dette bra?  Klikk på fotoa og få dei i stor versjon.

218 219
Vegard gliser - og blir så nesten vekke i vassmassene.

220
- Herliiii....  Vegard har gjeve far sin buksevatn så det held.  Alle er framleis i båten.

225 (2)
Litt dramatikk. Rett bak Vegard ser vi ein kraft- eller telefonkabel over elva.  Men vi kjem oss trygt under.  Silje og Jakob ser ut til å konsentrere seg meir om vatnet som kjem imot.

Vi ser at det er Silje og Jakob som sit fremst i båten.  Det kjem sjølvsagt av at Ollen og eg ville ha noko å verne oss bak...  Ok, det er vel ikkje heilt sant.  Det var dei yngste som fekk det slik dei ville, får vi tru.

251
Dette vert verre og verre.

253 (2)
Og slikt gjer folk frivillig -med glede. :)

254
Men båten har ei utruleg evne til å kome seg opp att - og smilet til Vegard er på plass igjen.

262 263
Men her misser vi vel guiden vår?

264
Nei, herren i blått bit seg fast, men dette må vel likevel gå gale?

269
Ikkje heilt bra dette, nei.  Ein skipper som har tapt heile mannskapet på veg ned elva?

279
Ok, den som ikkje er i elva er ei pingle.  Herren i bakgrunnen angra likevel litt på at han ikkje drog glidelåsen på drakta litt betre opp.

Dette vart ein fantastisk dag.  Det er ulike firma og ulike utdrikkingslag som er dei beste kundane, men er det ein kamerat-/venninnegjeng som vil oppleve nokon utanom det vanlege må dette vere tingen.  Vegard vert der nede nesten ut månaden, men Yajh frå Japan og Gilder frå Peru vil vere der ut september.

314b 315b
Ein triveleg kar - Yah frå Japan.  Og veteran i elva Jølstra.

326
Det er første gang Gilder frå Peru er i Europa, men har likevel vore rafting-guide i mange år.  Også ein triveleg kar.

322b 
Takk for turen, Vegard.

Heilt til slutt må det nemnast at Vegard og Anita har hatt besøk av hjørundfjordingar tidlegare, men han har plass til mange fleire.