I vilkåra for landingsløyvet, er det krav om at helikoptertrafikken skal kunngjerast i Hjørundfjordportalen.

Stenes i dag

Stenes sett frå Bøvika

Det største helikopteret til 62NORD landar 13.15 på Stenes. Ole Rønning og "kårkallen" på Stenes, Jon Stennes, skal vere med på rundturen som lokalkjende. I Viddalstranda stig ein opp frå området ved Sævåg i retning Jakta, men svingar nordover platået på Stålberghornet og landar på toppen, 1248 moh. Her vert det tid til intervju før ein flyg vidare mot Konedalen og ned mot Norang og vidare tilbake til Stenes.

norangsfjorden11[1]

Det er i dette området geitene frå Stenes hadde sine beite.

Otålhornet-F Svein Myhre

Viddalstranda til høgre. Sævågområdet ligg rett bak personen på biletet.

NRK produserer med dette eit innslag til "Norge rundt", men og til andre program som er på planleggingsstadiet.

Ole med Stålberget bak 09 002

No er det berre skodde og regn som kan hindre at Ole Rønning skal få sitt høgaste ønskje oppfylt.

"Møre-Nytt" vil bruke stoffet i 2-3 ulike samanhengar. M.a. vil Ole Rønning stå i fokus i eit intervju. 91-åringen fekk i fjor avslag på landingsløyve på Stålberghornet, ei gåve frå borna hans som hadde fått kjennskap til Ole sitt høgaste ønskje som gåve på 90-årsdagen.

Helikoptertrafikk onsdag                                                                                                        

Vi har registrert - gjennom "bakvegar" - at NRK skal drive fotografering i området rundt Slogen på onsdag, 19. august.

Her vert det brukt to helikopter, eit til foto og eitt til persontransport. Det er noko uvisst kva som er bakgrunnen for opptaka, men utgangspunktet er Stranda der det er ei langt mindre restriktiv haldning til bruk av helikopter, m.a. til å promotere området i turisttrafikksamanheng.

Sunnmørsalpane har ei bakside som vender mot Stranda, veit vi som høyrer til på "rette" sida. Men vi som held til på denne sida er kanskje ikkje så villige til og flinke til å fortelje andre om kva skatt vi forvaltar?